Avreise frå Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger til London. Vi blir fleire grupper frå ulike avreisebyar på dette cruiset.
Bussen vår tek oss frå flyplassen til hotellet (for dei som kjøper reisa med fly), der ein kan velje om ein vil ete middag på hotellet eller på ein koseleg restaurant i nærleiken.
Etter ein god frukost på hotellet får vi dei første foredraga av Tore Skeie og Gunnstein Akselberg. Tema kjem seinare. Etterpå har vi tid til å sjå oss om i nærområdet før bussen køyrer oss til cruiseskipet, og vi er klare for å gå om bord og sjekke inn på båten. Det går frå kaien i London (Tilbury) seint på ettermiddagen, og vi må vere ute i god tid. Skipet vårt, Ambience, er nyoppussa i 2022 og tilbyr ei cruiseoppleving med ein uformell og vennleg atmosfære. Dei fleste av dei andre på skipet er engelske turistar.
Etter avgang frå Tilbury i utløpet av Themsen møtest vi i restauranten til den første middagen om bord. Vi har våre eigne bord, og kan nyte maten medan skipet seglar ut Themsen og svingar nordover langs Englands austkyst. Resten av kvelden og natta går med til å segle mot Færøyane.
(F, L, M)
Vi seglar nordover austkysten av Skottland og kjem etter kvart ut i rom sjø.
Denne dagen er vi på sjøen heile tida, og vi legg opp til foredrag av Gunnstein Akselberg og Tore Skeie. Elles er det mange ting å gjere om bord. Ambience er eit tradisjonelt britisk cruiseskip, så her kan ein blant mykje anna få med seg «afternoon tea» og andre erkebritiske aktivitetar.
Det blir god tid til slappe av og nytte seg av alle skipet sine fasilitetar. (Nokre av desse kan bestillast på førehand). I tillegg til den store salen som viser show på kveldane, finst det shoppingsenter, bibliotek, arts/crafts-rom, utandørs gå/joggeløype og rom for kortspel om bord. Der er også fleire kafear og barar på skipet, og vi finn oss ein «stamkafe» der ein kan treffe reiseleiarane gjennom dagen. Det er heilpensjon om bord, så alle måltid på skipet er inkluderte i turprisen. Spa-tilbod finst også på Ambience, med sauna, dampbad og frisør, i tillegg til symjebasseng og badestampar.
Om kvelden møtest vi til middag i avdelinga vår i hovudrestauranten.
(F, L, M)
Skipet tek oss med nordover mot Runavik på Færøyane denne dagen, og ruta vi følgjer, har nok blitt brukt mange gonger heilt frå vikingtida og vidare i middelalderen. Vi legg opp til foredrag av Tore Skeie og Gunnstein Akselberg også denne dagen. Tema blir bestemt seinare.
Elles er det mange ting å gjere om bord. Vi satsar på fint ver, og anbefaler å bruke dagen ute på dekk. Viss ein treng ei forfrisking, er det heile 11 tilbod om bord, inkludert cocktail- og vinbar og fleire pubar. Utvalet av restaurantar er også stort med alt frå gourmetrestaurantar med kvite dukar til enklare bistroar.
Om kvelden møtest vi til middag i avdelinga vår i hovudrestauranten. Viss ein ønskjer det, kan ein også ete på ein av dei andre restaurantane om bord.
(F, L, M)
Vi kjem fram til vesle Runavik med berre 575 innbyggjarar om morgonen. Sjølv om byen er liten, er det fleire kafear her, og små butikkar med lokalt handverk, garn og ferdige strikkeprodukt.
Berre 15 min køyring unna Runavik ligg hovudstaden Torshavn. Dit kan ein ta seg på eiga hand eller på utflukt med cruiseselskapet. I motsetning til mange andre nordiske byar med trehus, har Torshavn aldri vorte ramma av ein omfattande bybrann. Vi finn difor mange bevarte hus frå 1500- og 1600-tallet i byen. I Torshavn anbefaler vi at ein brukar tida til å rusle rundt i dei koseleg gatene. Spesielt bydelen Tinganes med sine karakteristiske raude hus med torvtak er verdt eit besøk. Dette var staden for tinget til dei første nordmennene som slo seg ned på Færøyane i 825.
Sjølv om Færøyane har vore underlagt Danmark i mange år, føler mange ei sterkare tilknyting til Norge. Her finst norsk/færøyiske foreiningar og festivalar som feirar vår felles vikinghistorie, samt ein tradisjonsmusikk med sterke band til den norske folkemusikken.
(F, L, M)
Vi nærmar oss Island og første stopp på rundturen rundt Sagaøya, Reykjavik. Vi legg opp til foredrag av Tore Skeie og Gunnstein Akselberg også denne dagen. Tema blir bestemt seinare.
Vi har møtepunkt i stamkafeen vår, så ein kan slå av ein prat med kvarandre der utover dagen. Her vil ein også finne reiseleiarane til faste tidspunkt både på formiddagen og ettermiddagen. Vi anbefaler elles å nytte seg av dei mange tilboda og aktivitetane om bord, eller nyte livet ved symjebassenget viss veret tillèt det.
Om kvelden møtest vi til middag i avdelinga vår i hovudrestauranten.
(F, L, M)
Tidleg om morgonen køyrer skipet langs sørkysten av island forbi Vik i Myrdal og Vestmannaøyar før vi kjem fram til hovudstaden, Reykjavik.
Denne dagen har vi god tid til å oppleve bykjernen i Reykjavik. Vi kan for eksempel anbefale eit besøk i den særmerkte og ruvande Hallgrímskyrkja. Er ein heldig, får ein kanskje med seg ein liten orgelkonsert der. Ved sida av kyrkja står ein stor statue av Leif Eiriksson, oppdagaren av Amerika. Statuen er ei gåve frå USA i samband med 1000-års jubileet for Alltinget i 1930. Derifrå er det kort veg til statuen av Ingolf Arnarson. Han kom frå Sunnfjord i år 874 og var den første landnåmsmannen på Island. Frå statuen kan vi sjå det imponerande konserthuset Harpa.
Landnåmsmuseet Reykjavik 871 +/-2 er også verdt å få med seg. Museet har fått namnet sitt frå eit vulkanutbrot som fann stad rundt denne tida. Det spreidde seg oske frå utbrotet som kom til å breie seg utover store delar av Island. I dag vert dette oskelaget nytta til å tidfeste funn frå utgravingar.
Eit anna alternativ for dei som er historieinteresserte, er Islands nasjonalmuseum. Ein kan også vitje Sagamuseet som viser landnåmsperioden og den eldste islandske historia på ein framifrå måte.
Reykjavik vert rekna som verdas minste metropol med gode høve til shopping. Fleire kan kanskje tenke seg å bruke noko tid i handlegatene i sentrum. Dei beste butikkane finn vi i Laugavegur, Bankastræti og til dels i Austurstræti og i Vesturgata. Andre vil gjerne berre rusle rundt i sentrum for å oppleve folkelivet. Ein kan også melde seg på utflukter arrangert av cruiseselskapet mot tillegg i turprisen.
Om kvelden blir det middag i hovudrestauranten medan vi startar seglasen rundt Island.
(F, L, M)
Neste morgon får vi morgonforedrag med Gunnstein Akselberg og Tore Skeie på veg inn til Isafjordur heilt nordvest på island. Byen har 2600 innbyggjarar og har lenge vore eit handelsentrum i vestfjordane, den delen av Island som liknar mest på dei norske fjordane. Isafjordur var ein av seks handelsstader på Island som fekk kjøpstadsrettar i 1786, og er no den største bygda i området. Heile vestfjordane-regionen har berre 9500 innbyggjarar, og det er den spektakulære naturen som trekk til seg besøkande. Blant dei mest kjende attraksjonane er vakre Arnafjördur og den imponerande fossen Dynjandi.
Vi har god tid til å rusle rundt i den vesle byen, gå på kafe eller besøke Westfjords Heritage Museum som syner fram historia til vestfjordane. Ein kan også velje å melde seg på ekskursjonar i regi av cruiseskipet til attraksjonar i nærleiken.
Avgang om kvelden. Etter middag i restauranten set skipet kurs mot aust i retning Akureyri.
(F, L, M)
Om natta har skipet teke seg langs nesten heile nordkysten av Island. Tidleg denne morgonen er vi framme i Akureyri, Islands fjerde største by med 17 000 innbyggjarar. Hovudnæringane her er fiske og jordbruk, og byen har også Universitet.
Akureyri blir kalla Nord-Islands hovudstad, og innbyggjararane meiner dei har det beste veret på Island. Det har blitt ein trend i sosiale media å leggje ut solskinsbilde frå byen på taggen #alwaysgoodweatherinakureyri. Når ein er i Akureyri, bør ein få med seg eit av dei mange galleria og kunstmusea i sentrum. Eit besøk i den modernistiske kyrkja kan også anbefalast.
Cruiseselskapet tilbyr ekskursjonar til ulike attraksjonar i området rundt byen. Vi sender ut informasjon om desse i god tid. Dei som ikkje skal på ekskursjon, har god tid til å rusle rundt i Akureyri, ta ein tur på kafé eller besøke ein av dei koselege butikkane i byen.
Når skipet lettar anker, er vi klare for fellesmiddag på restauranten om bord der vi har vår eigen seksjon. Ein kan også velje å ete på ein av dei andre restaurantane på skipet.
(F, L, M)
Om natta har skipet teke oss ein ny etappe på rundturen vår rundt Island, og vi ankrar opp i vesle Seydisfjordur med berre 800 innbyggjarar. Byen vart bygd av norske fiskarar på 1800-talet, og mange av dei gamle trehusa er bevarte. Her har vi god tid til å gjere oss kjende i byen, og rusle rundt i dei koselege gatene. Sjølv om byen er liten, finst her fleire kafear, og her er også butikkar som sel typiske islandske strikkegenserar og anna handverk.
Aust-Island har fantastisk natur, og cruiseselskapet legg opp til ulike utflukter denne dagen. Meir informasjon om desse turane kjem seinare.
Avreise seint om ettermiddagen. Denne kvelden seglar skipet nedover austkysten, og vi legg Island bak oss og set kursen mot Shetland. Viss vi er heldige, får vi med oss ein fin solnedgang ute på det opne havet.
(F, L, M)
Skipet tek oss med sørover mot Orknøyane. Vi legg opp til foredrag av Tore Skeie og Gunnstein Akselberg også denne dagen. Tema blir bestemt seinare.
Vi har møtepunkt i stamkafeen vår, så ein kan slå av ein prat med kvarandre der utover dagen. Her vil ein også finne reiseleiarane til faste tidspunkt både på formiddagen og ettermiddagen. Vi anbefaler elles å nytte seg av dei mange tilboda og aktivitetane om bord, eller nyte livet ved symjebassenget viss veret tillèt det.
Om kvelden møtest vi til middag i avdelinga vår i hovudrestauranten.
(F, L, M)
Før frukost seglar vi inn blant dei 70 øyane som utgjer Orknøyane. Desse øyane har vore busette i over 8500 år og vart erobra og overtekne av nordmenn i år 875. Øyane vart seinare annekterte av Skottland i 1472, etter at det ikkje vart betalt medgift for brura til kong Jakob den tredje.
Skipet legg til i hovudstaden Kirkwall, som ligg på hovudøya Mainland, og vi har tida fram til sein ettermiddag i byen. Her er det lagt opp til at vi kan delta på ekskursjonar i regi av reiarlaget. Den imponerande St. Magnus-katedralen dominerer bybildet, og rundt katedralen finn vi smale, koselege gater og dei karakteristiske grå steinhusa. Katedralen vart oppført av Ragnvald Orknøyjarl til ære for onkelen hans Magnus Orknøyjarl. Byggjearbeidet starta i 1137, og katedralen har store likskapstrekk med Nidarosdomen. Den er i dag det viktigaste minnesmerket over Orknøyane si norske historie.
Vi kan også anbefale to andre attraksjonar, nemleg Tankerness House, eit vakkert bevart landsbyhus frå 1500-talet og Orkney Wireless Museum, eit museum med innblikk i radiohistoria.
Det blir eit nytt foredrag med Gunnstein Akselberg og Tore Skeie før middag.
(F, L, M)
Denne dagen går med til å segle sørover langs austkysten av Skottland og England. Vi legg opp til foredrag av Gunnstein Akselberg og Tore Skeie. Tema blir bestemt seinare.
På vegen sørover passerer vi Lindisfarne-klosteret, åstaden for det første vikingangrepet. Viss veret er bra, får vi kanskje sjå det frå båten. Laurdag 8. juni i året 793 gjekk vikingar i land, drap munkane og stal skattar frå klosteret. Dette er det eldste dokumenterte vikingåtaket, og difor blir det ofte rekna som byrjinga på vikingtida.
Om kvelden møtest vi til middag i avdelinga vår i hovudrestauranten. Viss ein ønskjer det, kan ein også ete på ein av dei andre restaurantane om bord.
(F, L, M)
Om morgonen seglar vi roleg inn Themsen mot London. Etter den siste frukosten om bord er vi klare for utsjekking. Bussen vår ventar på oss ved kaien og tek oss til flyplassen. Avgangar til Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger.
(F)