Avreise frå Oslo og Bergen om ettermiddagen. Når vi kjem fram til Lisboa, sjekkar vi inn på hotellet vårt. Vi bur på eit fint 4-stjerners hotell som er sentralt plassert i forhold til hovudattraksjonane i byen og ideelt for dei som ønsker å utforske byen på eiga hand.
Vi startar dagen med ein god frukost før Erika Fatland held det første foredraget sitt: Et imperium blir til: Frå Henrik Sjøfareren til Vasco da Gama. Her får vi høyre om korleis Portugal blei ei verdsmakt gjennom oppdagingsreisene.
Etter foredraget køyrer vi med buss til Belém og besøker det imponerande Jerónimos-klosteret. Etterpå nyt vi dei verdskjende pastéis de Belém, før bussen tek oss vidare til det unike Karetmuseet, der vi også får god tid til lunsj på eigen hand.
Vi køyrer vidare til Oppdagingsmonumentet, reist i 1960 for å markere 500-årsjubileet for Henrik Sjøfarerens død, og til det ikoniske Belém-tårnet, begge symbol på Portugal si stordomstid som sjøfartsnasjon.
Tidleg på ettermiddagen returnerer vi til hotellet og har litt tid på eiga hand før vi gjer oss klare til velkomstmiddag på hotellet. Her blir det servert ein god tre-retters middag.
(F, M)
Etter ein god frukost gjer vi oss klare til det andre foredraget: Muskatmani: I begynnelsen var krydderet. Her vil Erika forklare korleis jakta på krydder ikkje berre dreiv oppdagingane, men også forma den globale økonomien i fleire hundreår.
Etter foredraget har vi moglegheita til å delta på ei utflukt (Mogeleg val mot tillegg i pris – Utflukt til vingarden Sanguinhal Estate) Denne vingarden, med røter heilt tilbake til 1926, er kjend for sitt handverk og lidenskap for portugisisk vinproduksjon. Her får vi ei omvising som gir oss eit innblikk i den tradisjonelle vinproduksjonen frå vinrankane til det ferdige produktet. Vi får høyre historier om familien som har drive vingarden gjennom generasjonar og sjølvsagt smake på vinen.
Etter omvisinga ventar ein god lunsj med lokale rettar, nøye utvalde for å komplimentere dei vinane som vi får servert. Her kan vi lene oss tilbake og ta inn den rolege atmosfæren av det autentiske Portugal. Tilbake på hotellet på ettermiddag.
Dei som ikkje er med på utflukta har dagen på eiga hand til å utforska Lisboa i sitt eige tempo. Reiseleiarane kjem gjerne med tips og råd til både opplevingar, shopping og gode spisestader.
Denne kvelden er det middag på eiga hand, og det er mange hyggelege restaurantar å velja mellom i nærleiken av hotellet. Mangle velje nok å besøke eit Fado-hus.
(F)
Vi startar dagen med frukost og eit nytt spennande foredrag av forfattaren Erika Fatland: Imperiets fall: Frå jordskjelv til Nellikrevolusjon. Erika tek oss med på ei reise gjennom dei dramatiske hendingane som har forma Portugal, frå det øydeleggande jordskjelvet i 1755 til den fredelege Nellikrevolusjonen i 1974, som avslutta diktaturet og førte landet inn i ei ny tid.
Vi sjekkar ut frå hotellet og set kursen mot nord, med Óbidos som den første stoppen vår. Denne sjarmerande mellomalderbyen er kjend for sine kvite murhus, smale brusteinsgater og den imponerande bymuren som omkransar sentrum. Her får vi ei kort felles byvandring og tid til å vandre gjennom dei historiske gatene på eiga hand, nyte atmosfæren og kanskje smake på den lokale spesialiteten, Ginjinha, ein søt kirsebærlikør som ofte vert servert i små sjokoladekoppar. Lunsj på eiga hand i Óbidos.
Etter lunsj køyrer vi vidare til Coimbra, ein av dei eldste og viktigaste byane i Portugal. Coimbra er spesielt kjend for sitt prestisjetunge universitet, som vart grunnlagt i 1290 og er oppført på UNESCO si verdsarvliste. Etter at vi sjekka inn på hotellet, er dei som har meld seg på, klare for ein ugløymeleg fado-kveld med tradisjonell portugisisk 3-retters middag (Mogeleg val mot tillegg i pris – Fado kveld i Coimbra). Fado er ein melankolsk og emosjonell musikktradisjon som har sitt opphav i Lisboa tidleg på 1800-talet. Denne musikkforma formidlar sterke kjensler av lengsel, kjærleik og tap, og er djupt forankra i den portugisiske sjela.
(F)
Vi startar dagen med ein god frukost før vi får det siste foredraget på turen: Sporene etter imperiet. Erika Fatland guida oss gjennom historia og fortel korleis det portugisiske imperiet har sett varige spor både i Portugal og i verdssamfunnet.
Etter foredraget sjekkar vi ut og besøke Coimbra universitetet. Vi får ei omvising på universitetsområdet og skal blant anna besøke det imponerande Joanina-biblioteket, eitt av dei vakraste barokkbiblioteka i verda som rommar over 300 000 verk frå 1500- til 1700-talet. Vi får også med oss Capela de São Miguel, eit lite vakkert kapell med eit imponerande barokkorgel.
Etter besøket ved universitet tek vi oss tid til ein god lunsj på ein god restaurant i Coimbra, før vi set kursen nordover mot Porto, Portugals nest største by, som ligg ved Douro-elva.
Vel framme i Porto sjekkar vi inn på hotellet vårt, der vi får god tid til å slappe av eller utforske byen på eiga hand. Denne kvelden er det middag på eiga hand, reiseleiarane anbefaler gode fado-restaurantar i nærleiken av hotellet.
(F, L)
Etter ein god frukost får vi ei guida vandring gjennom denne historiske byen. Vi startar ved Carmo- og Karmelittkyrkjene, med sine rike dekorasjonar og vakre barokkfasadar før vi passerer det ikoniske Clérigos-tårnet. Neste stopp er São Bento-jernbanestasjonen, der dei vakre blå og kvite flisene (azulejos) fortel scener frå Portugals historie og gjer denne stasjonen til ei arkitektonisk perle.
Vi avsluttar turen ved den majestetiske "Sé"-katedralen, som tronar over byen med den imponerande gotiske arkitekturen. Her har vi god til til lunsj på eiga hand og elles utforska denne historiske byen på eiga hand.
Om kvelden møtest vi til avslutningsmiddag for å runde av ein fantastisk tur.
(F, M)
Etter frukost denne dagen har vi god tid før bussen tek oss frå hotellet til flyplassen (for dei som har bestilt turen inkludert flyreise). Fly frå Porto til Oslo, og vi er framme seint om kvelden. Fly til Bergen neste dag.
(F)