Skip to main content

Piemonte med Merete Bø

20. - 23. november 2024.

Vi fortset dei opplevingsrike turane saman med vinjournalist og sommelier Merete Bø, denne gongen til Piemonte. Merete er ein av Norges fremste vinjournalistar, og er ein av to programleiarar i podkasten «Jeg kan ingenting om vin». Merete har også gitt ut ei rekkje bøker om vin eller drikke og mat.  

På denne turen skal vi smake oss gjennom vinane til nokre av Merete Bø sine utvalde produsentar, både store, kjende namn og meir ukjende. Undervegs får vi lære mykje om smaking, jordsmonn og produksjon, alt dette under kunnig rettleiing av Merete. Vi skal møte menneska bak vinane, vi skal ut i vinmarkene og inn i vinkjellarane, og vi får smake mat som passar godt til det vi drikk.

Vindistriktet Piemonte ligg ved foten av Alpane og her vert nokre av verdas beste vinar laga. I dei grøne, bølgande åssidene finn du vinranker og landsbyar om kvarandre. Her blir dei berømte vinane Barolo, Barbera og Barbaresco produserte. Jordsmonnet er variert og klimaet godt eigna for vinproduksjon. I tillegg til god vin, er Piemonte kjent for fantastiske matopplevingar!

Eit samarbeid med Dagens Næringsliv. DN sine abonnentar får kr 1000,- i rabatt.

 

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Onsdag 20. november - Grøne åsar og vinar i verdsklasse

    Piemonte er om lag for ei superstjerne å rekne når ein kjem til vinområder. Delar av dette området har sidan 2014 stått på UNESCO si verdsarvliste. Og nokre av verdas mest prestisjefylte vinar blir laga her. Blant dei raude vinane er Barolo og Barbaresco dei mest kjende, begge laga av nebbiolo-drua.

    Området er også kjent for trøflar. Den kvite trøffelen veks naturleg rundt røtene til visse treslag, som eik, hassel, lind og poppel. Det finst både kvite og svarte trøflar, den kvite trøffelen (tuber magnatum) er den dyraste av dei to.

    På turen skal vi bu i den vakre byen Monforte d’Alba. Vi er fordelte på to ulike hotell, det eine er ein villa frå det 18. århundre, Hotel Villa Beccaris. Denne villaen ligg fantastisk til, med eigen park, symjebasseng og terrasse. Romma har antikke møblar og moderne bad.

    Det andre hotellet er Hotel Il Grappolo d’Oro, dette hotellet ligg ved Piazza Umberto. Hotellet er familiedrive og har også ei lang historie. Dei har drive med overnatting og servering sidan 1921. Grappolo d’Oro er kjend for vinbaren sin, med ei koseleg atmosfære og vennleg personale, er dette eit populært val for både lokale og turistar.

    Vi tek fly frå Oslo til Milano tidleg morgon, via Amsterdam. Her ventar bussen på oss, og køyrer oss i retning Monforte d’Alba. Saman med Merete startar vi som vanleg rett på med smaking og lunsj hos ein av Merete sine utvalde produsentar.

    Etter besøket vårt her, og gode smaksopplevingar, fortset vi turen til Monforte d’Alba. Vi sjekkar inn på dei respektive hotella våre, før vi møtest att for ein matbit og noko godt i glaset.  
    (L, kveldsmåltid)

  • Dag 2: Torsdag 21. november - Alba, byen med delikatesser i sentrum

    Vi startar dagen med ein god frukost, før vi skal besøke ein ny vinprodusent. Etter omvising og smaking, reiser vi inn til den koselege byen Alba. Alba er ein sjølvsagt stopp når ein er i Piemonte. Byen har eit rikt utval av lokalmat, i tillegg til vinen er nok dei sjeldne kvite trøflane, noko av det dette området er mest kjent for. Dei ettertrakta soppane, veks under bakken og kan vere krevjande å finne. Dei som jaktar trøffel, har spesialtrena hundar dei brukar til å leite etter desse.

    Ost er også noko dei har lange tradisjonar for i Piemonte. Dei lagar ost av mjølk frå både kyr, geit og sau. Gorgonzola er kanskje den flest kjenner best til her heime. I Piemonte vert det også produsert nokre av dei beste hasselnøttene i verda, «Nocciola del Piemonte», desse vert gjerne brukt i konfekt og dessertar.

    Vi legg opp til å ha god tid i Alba, og det vil vere tid til å kjøpe seg ein lunsj på eiga hand. På sein ettermiddag returnerer vi til Monforte d’Alba.

    Denne kvelden kan du velje å ete middag på eiga hand, eller du kan bli med Merete ut på middag på ein av hennar verkelege favorittrestaurantar Le Case della Saracca (mogleg val, mot tillegg i prisen). Oppe i bakkane i Monforte d’Alba finn vi denne restauranten, med rustikke originale tjukke murveggar og moderne innreia kjøkken. Her blir maten lidenskapeleg tillaga i ein historisk atmosfære. Og i vinkjellaren er det mykje spennande.
    (F)

  • Dag 3: Langhe i Piemonte, UNESCO verdsarv

    Vi startar dagen med roleg frukost på dei respektive hotella. Før vi gjer oss klare for ein dag der vi skal vitje vinprodusent både før og etter lunsj.  

    Vi skal holde oss i Langhe, området som i 2014 kom inn på UNESCO si verdsarvliste. Ein av byane vi skal innom er Serralunga d'Alba, ein liten landsby kjent for si rolle i produksjonen av nokre av dei beste Barolo-vinane.

    Barolo eller Barbaresco? Barolo blir ofte kalla «kongen av vin», det er komplekse og tanninrike vinar som tåler lagring godt. Barbarescoen er også tanninrike, men gjerne litt mindre kraftig og meir elegant enn ein Barolo. Begge vinane er laga av drua nebbiolo, og vi skal smake begge.

    Om kvelden et vi middag på ein lokal restaurant, og Merete plukkar ut vinane.  
    (F, L, M)

  • Dag 4: Laurdag 23. november - Meir vin, og heimreise

    I dag startar vi dagen roleg med ein god frukost. På veg tilbake til flyplassen rekk vi ei siste smaking. Vi får også litt enkelt å ete, før vi set oss på flyet heim.

    Etter desse dagane saman i eitt av dei mest prestisjetunge vinområda i verda, takkar vi for denne gong og vonar sjåast att for nye vin-eventyr ved neste høve!
    (F)

  • Viktig informasjon


    • Omvising og smakingar - vi skal vitje minimum fem vinprodusentar på turen. Informasjon om desse vil bli publisert når dette er klart. Kjenner vi Merete rett, kan der fort dukke opp ein joker undervegs.

    •  Når vi er samla til måltida vil Merete rettleie oss og plukke spennande vinar til maten vi skal ha, både til dei måltida vi har inkludert i turprisen, men også om vi går ut og eter saman utanom programmet.

    • Eit tips frå Merete: Ha med deg eit tomt syltetøyglas med lokk viss du vurderer kjøpe med trøffel om du får sjansen.


  • Informasjon om vinprodusentane vi skal vitje

    Vi skal vitje minimum 5 produsentar. Meir informasjon vil bli lagt ut her. 

Kart

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
20/11OsloPiemonte 3-stjerner
3-stjernes hotell i Monforte d'Alba
524 950,-BestillMer informasjon
20/11Flyplass i MilanoPiemonte 3-stjerner
Turpris UTAN fly / 3-stjernes hotell i Monforte d'Alba
521 850,-BestillMer informasjon
20/11OsloPiemonte 4-stjerner
4-stjernes hotell i Monforte d'Alba
Meir enn 828 750,-BestillMer informasjon
20/11Flyplass i MilanoPiemonte 4-stjerner
Turpris UTAN fly / 4-stjernes hotell i Monforte d'Alba
625 650,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo