26. - 30. juli 2025.
Eit besøk til Færøyane er ei fantastisk oppleving. Den storslegne naturen er ei av årsakene til at National Geographic har kåra Færøyane til det beste reisemålet av alle øyar i verda. Landet med knapt 50 000 innbyggjarar har også meir enn særeigen natur å by på. Folka på Færøyane er opne og hyggelege, og dei har ei spennande historie og eit rikt kulturliv. Eit av høgdepunkta for mange er båtturen til dei stupbratte klippene og grottene ved fuglefjellet Vestmannabjørgini.
Den aller største hendinga gjennom året på Færøyane er Ólavsøka i juli. Det er ein stor folkefest med feiring av nasjonaldagen den 29. juli. Tórshavn har ca. 18 000 innbyggjarar, men under Ólavsøka, som eigentleg betyr vakenatt, blir folketalet dobla. Færøyingane har lagt nasjonaldagen sin til olsok, som er til minne om Heilag Olav som fall på Stiklestad 29. juli 1030. Historia til Færøyane er sterkt knytt til Norge, då det lenge var ein del av Norgesvelde. Kong Sverre voks opp her, og vi besøkjer garden han kom ifrå, Kirkjubøur. Vi i Fotefar har sikra oss hotellrom og er glade for å kunne tilby kundane våre denne eineståande opplevinga også i 2025.
Med oss har vi Kirsti MacDonald Jareg som fagguide. Ho har skrive reiseskildringar om fleire av øyane i vest og er oppteken av menneska som bur der.