Skip to main content

Elvecruise på fire elvar Rhinen, Mosel, Saar og Neckar med Gunnstein Akselberg

17. - 23. juli 2025.

Velkommen med på eit innhaldsrikt elvecruise på fire elvar – Rhinen, Mosel, Saar og Neckar og til tre land – Frankrike, Tyskland og Luxemburg. Cruiset startar i vakre, historiske Strasbourg i Frankrike og går så til Mannheim, der ein kan vere med på utflukt til romantiske Heidelberg. Deretter stoppar vi i Rüdesheim am Rhein og Cochem i Mosel-dalen, før vi seglar vidare til Trier, som truleg er Tysklands eldste by. Båten tek oss så til Remich, der vi ligg i to netter, så det blir god tid til å utforske Luxembourg by.

Professor Gunnstein Akselberg, best kjend frå Eides språksjov, har lenge interessert seg for dei vakre, tyske kulturbyane. Dei har så mykje å tilby av både historie, politikk, kunst, musikk og arkitektur, og dei har i stor grad forma vår felles kulturhistorie. Vi har heile båten berre for Fotefar, så dette blir ei unik oppleving med daglege kåseri av Gunnstein Akselberg om bord.

På elvecruiset vårt bur vi svært godt på Leonardo Da Vinci (4 stjerner), ein hyggeleg elvebåt med 70 lugarar som alle er utvendige. Lugarane har også bad med dusj, hårtørkar, TV, safe og aircondition. Måltid og drikke om bord er inkludert.

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 17. juli - Frå Oslo til Strasbourg i Frankrike

    Fly frå Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim til Frankfurt. Det er mogeleg med tilknyting frå andre byar. Buss frå Frankfurt til Strasbourg ved Rhinen, der vi får tildelt lugarane våre om bord på elvebåten, Leonardo Da Vinci. Under velkomstcocktailen blir vi litt betre kjende og blir presenterte for kapteinen og mannskapet, og etter middag samlast vi i loungen for velkomstmøte og det første kåseriet frå Gunnstein Akselberg.

    Både restauranten og salongen om bord ligg på øvre dekk og har store panoramavindauge. Salongen har bar og dansegolv. Soldekket har både vanlege stolar og liggestolar, og er den ideelle staden å nyte utsikta over landskapet som sakte glir forbi. Det er også gratis Wi-Fi om bord.
    (M)

  • Dag 2: Fredag 18. juli – Mannheim – Heidelberg - Rüdesheim

    Vi kjem til Mannheim tidleg om morgonen. Dette blir utgangspunktet for utflukta vår til Heidelberg som ligg ved elva Neckar (mogeleg val mot tillegg i pris).

    Heidelberg er ein av dei viktigaste universitetsbyane i Tyskland, og kjende namn som Hegel, Gadamer, Habermas og Hannah Arent har vore tilknytt universitetet her. Universitetet har også det eldste biblioteket som framleis er intakt i Tyskland, og spela ei viktig rolle under reformasjonen, då Martin Luther kom hit nokre veker etter kunngjeringa av dei 95 tesane sine, for å forsvare dei. Byen var også sentrum for den tyske romantikken rundt år 1800, og har fått ei eiga retning oppkalla etter seg; Heidelberg-romantikken.

    Utflukta startar med eit besøk ved det delvis øydelagde Heidelberg-slottet som er bygd i raud sandstein. Slottet ligg majestetisk over byen med utsikt over elva Neckar. I kjellaren på slottet får vi sjå eit gigantisk vinfat frå 1591 som rommar heile 130 000 liter vin. Dette fatet hadde røyr rett inn i dei store spisesalane, slik at vinen bokstavleg tala kunne strøyme under de overdådige festane som har vorte haldne her opp gjennom historia. Etter besøket her får vi ein guida rundtur i byen for å sjå på ulike historiske stader. Vi har også mogelegheit til å spasere litt rundt på eiga hand etter guidinga.

    Kåseri frå Gunnstein Akselberg før middag. Om kvelden kjem vi fram til livlege Rüdesheim. Vi anbefaler å ta ein tur til den sjarmerande gata, Drosselgasse, med sine mange kaféar og barar.
    (F, L, M)

  • Dag 3 : Laurdag 19. juli - Rüdesheim - Cochem

    Etter frukost kan dei som vil, bli med på ein guida tur i Rüdesheim (mogeleg val mot tillegg i prisen). Første stopp blir ute i vinmarkene i utkanten av byen. Deretter blir det vinsmaking i dei historiske lokala til Bassenheimer Hof. Etterpå går turen til Siegfrieds Mechanisches Musikkabinett , som ligg i ein bygning frå 1400-talet. Dette museet har ei samling av fascinerande musikkinstrument, frå små, delikate speledåsar og musikkassar til eit enormt orkestrion som kan imitere eit heilt orkester.

    Etter lunsj blir det eit nytt kåseri av Gunnstein Akselberg. Resten av ettermiddagen sig vi sakte gjennom den vakre og romantiske Rhindalen. Vi seglar forbi majestetiske slott, historiske landskap, kjende vinmarker og den myteomspunne Lorelei-klippa. Ifølgje ei soge frå mellomalderen sat den vakre Lorelei på klippa og song så vakkert at skipperane på elvebåtane vart dregne mot dei farlege straumane og forliste. I den tyske romantikken tidleg på 1800-talet vart denne soga inspirasjon for både målarar og forfattarar.

    I Koblenz forlet vi Rhinen og seglar inn elva Mosel mot pittoreske Cochem, og legg til land der i løpet av kvelden.
    (F, L, M)

    Laurdag 19. juli - Rüdesheim - Cochem
  • Dag 4: Søndag 20. juli - Cochem - Trier

    Vesle Cochem med berre fem tusen innbyggjarar ligg nydeleg til ved Mosel-elva og blir rekna som ein av dei vakraste landsbyane i Tyskland. Etter frukost kan ein velje om ein vil bruke tida på eiga hand i landsbyen, eller bli med på ein busstur opp til Cochem slott (mogeleg val mot tillegg i prisen). Dette storslegne slottet er eit av dei mest kjende landemerka langs Mosel-elva, og ligg fint til på ei klippe over landsbyen.

    Bussen tek oss så ned igjen til sentrum av Cochem som er kjent for sine smale, svingete gater og sjarmerande bindingsverkshus med skifer­tak. Vi får litt tid på eiga hand før vi ruslar tilbake til båten.

    Etter lunsj får vi dagens kåseri av Gunnstein Akselberg før vi fortset ferda vår på elva Mosel mot Trier. Undervegs passerer vi sjarmerande landsbyar, vinmarker og det som ser ut som eit slott på kvar topp. Vi legg til i Trier i løpet av natta.
    (F, L, M)

  • Dag 5: Måndag 21. juli - Trier - Remich

    Etter ein god frukost kan ein utforske Trier på eiga hand, eller bli med på ein guida tur i byen (mogeleg val mot tillegg i pris). Her får vi lære meir om den romerske historia til Trier og gamlebyen frå mellomalderen. Vi får også ei strålande utsikt over Mosel-elva og det praktfulle landskapet. Guiden tek oss med til det imponerande amfiteateret, dei keisarlege bada, den romerske basilikaen og Porta Nigra, ein av dei best bevarte romerske byportane.

    Trier blir rekna som den aller første bydanninga i Tyskland, og er det eldste setet for eit kristent bispedøme nord for Alpane. Byen har eit av dei første universiteta i Tyskland, og er i dag ein livleg universitetsby med over 110 000 innbyggjarar.

    Det blir også litt tid på eiga hand i Trier etter lunsj før båten set kursen mot Remich langs elvene Saar og Mosel. Kåseri med Gunnstein Akselberg etter middag.
    (F, L, M)

    Måndag 21. juli - Trier - Remich
  • Dag 6: Tysdag 22. juli – Remich og Luxembourg

    Om føremiddagen kan ein nytte tida i byen Remich på eiga hand eller vere med på vinsmaking (mogeleg val mot tillegg i pris) til eit av dei berømte vinhusa nedstrøms frå byen. Kalksteinen i jordsmonnet er perfekt for dei musserande vinane som har vore produserte på vingarden sidan 1919, og minnar om kalkjorda i nærliggande Champagne. Etter turen tek guiden oss med til det historiske sentrumet av Remich der ein kan sjå seg om i dei tronge gatene og vakre torga. Vi anbefaler også ein spasertur langs promenaden i skuggen av trea langs Mosel-elva. Eller ein kan slappe av på ein koseleg kafeterrasse med ein kaffi og noko å bite i.

    Etter lunsj kan ein velje om ein vil utforske sentrum av Remich på eiga hand, eller bli med på guida tur med buss til Luxembourg by (mogeleg val mot tillegg i pris). Landet Luxembourg er ein spennande blanding av kulturar, og hovudstaden gjenspeglar dette. Det er for eksempel ikkje uvanleg at alle dei tre offisielle språka tysk, fransk og luxemburgsk står på skilt og liknande. Når bussen kjem fram til byen, blir det ein guida vandretur fots til dei største attraksjonane som Place des Armes, Place de la Constitution, gamlebyen, det storhertugelege palasset og Place Guillaume II.  Det er ei oppleving å sjå den djupe naturlege vollgrava som omkransar sentrum av hovudstaden, og ein kan tenkje seg at denne byen nok var vanskeleg å erobre. Det blir også litt tid på eiga hand før vi returnerer til skipet i Remich.

    Denne siste kvelden saman er det galla-kveld om bord, og vi får servert ein flott 4-rettars avskjedsmiddag.
    (F, L, M)

  • Dag 7: Onsdag 23. juli - Luxembourg og heimreise

    Det er tid for å ta farvel med båten vår og dei nye venene vi har møtt på turen. Sidan vi har hatt heile båten for oss sjølve, har vi hatt tid til å bli godt kjende. Etter frukost om bord køyrer bussen vår oss til flyplassen i Frankfurt. Der går flyet tilbake til Stavanger, Trondheim, Bergen og Oslo. Tilknyting til andre byar på førespurnad.
    (F)

  • Viktig informasjon

    - Når ein er om bord på ein båt, må ein forvente noko motorstøy.

    - I nokre hamner vil ein måtte gå gjennom nokre andre skip for å komme til land. Dette går nokre gonger føre seg opp/ned via soldekk. Landgangar kan vere noko bratte.

    - Uventa endringar i vasstanden eller andre uforutsette hendingar kan skje. Skulle dette oppstå, reserverer reiarlaget seg retten til å endre seglingsrute, tider og program. Det blir ikkje gitt refusjon for slike endringar i programmet. 

    - Utfluktene merka med “mogeleg val” er arrangerte av elvebåten og har guiding på engelsk

Kart

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
17/7BergenMS Leonardo Da VinciMeir enn 827 950,-BestillMer informasjon
17/7OsloMS Leonardo Da VinciMeir enn 826 950,-BestillMer informasjon
17/7StavangerMS Leonardo Da VinciMeir enn 827 950,-BestillMer informasjon
17/7TrondheimMS Leonardo Da VinciMeir enn 827 950,-BestillMer informasjon
17/7MS Leonardo Da Vinci
Utan flyreise
Meir enn 823 650,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo