Skip to main content

Elvecruise på Seinen med Sylfest Lomheim og Rasmus Sunde

29. August - 4. september 2025.

Honfleur - Rouen - Giverny - Fontainebleau - Melun - Paris.

Vi er svært glade for å kunne tilby eit eksepsjonelt båtcruise på Seinen med ein eigen elvebåt berre for Fotefar temareiser. Cruiset startar ved Seinens utløp i Honfleur ved Côte Fleurie og går sørøstover til byen Melun, før vi snur nordover mot Paris. Vi opplever idylliske Honfleur, historiske Rouen, pittoreske Giverny med hagen til målaren Monet, og det flotte Fontainebleau-slottet. I tillegg får vi med oss nokre av dei viktigaste attraksjonane i Paris.

Professor Sylfest Lomheim og historikar Rasmus Sunde er med på heile turen og auser av sine store kunnskapar om fransk kultur, språk, politikk og historie med særleg fokus på Normandie. Sidan vi går i land kvar dag, vert det gode høve til å komme tett på byliv, landskap og attraksjonar. Sylfest kjenner landsdelen frå innsida, både frå yrkesliv og gjennom si familie-tilknyting.

På elvecruiset vårt bur vi svært godt på Botticelli, eit hyggeleg cruiseskip med 75 lugarar som alle er utvendige. Lugarane har også bad med dusj, hårtørkar, TV, safe og aircondition. Det er “All inclusive” om bord med nydeleg mat og drikke inkludert. Vi har heile båten for oss sjølve, så dette blir ei unik oppleving med foredrag av Sylfest Lomheim og Rasmus Sunde. Dei to vil også guide i Honfleur, Rouen og Paris. Om kveldane legg vi opp til underhaldning etter middag, der Sylfest blant anna tek fram gitaren og spelar og syng.

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Fredag 29. august - Frå Oslo til Paris og Honfleur

    Utreise frå Gardermoen eller Bergen til Paris. Det er mogeleg med tilknyting frå andre byar. Frå flyplassen i Paris er det ordna med busstransport til Honfleur. Dette er ein svært sjarmerande by med rundt 8000 innbyggjarar, og den er blant anna fødebyen til komponisten Erik Satie. Det er mykje å oppleve i Honfleur. Særleg er kyrkja Sainte-Catherine verdt eit besøk. Det er ei flott trekyrkje frå 1400-talet som er bygd som to skip snudd opp ned. Elles er det veldig koseleg å rusle rundt i dei idylliske smågatene og ta ein kaffi eller eit glas vin på ein av dei mange trivelege restaurantane ved den pittoreske hamna. 

    Cruiseskipet vårt, Boticelli, ligg til kai sentralt i Honfleur, og etter nokre timar i området på eiga hand, blir vi ønskt velkomne og får tildelt lugarane våre. Under velkomstcocktailen helsar kapteinen på oss, og mannskapet vert presenterte før middagen. Etter middag samlast vi i baren for eit velkomstmøte. Sidan vi har heile båten for oss sjølve, er det godt høve for deltakarane på turen til å bidra med gode historier, song eller anna underhaldning. Sylfest kjem også til å delta med song og speling på gitaren. 

    Både restauranten og salongen om bord ligg på øvre dekk og har store panoramavindauge. Salongen har bar og dansegolv. Soldekket har både vanlege stolar og liggestolar, og er den ideelle staden å nyte utsikta til landskapet som sakte glir forbi. Det er gratis Wi-Fi om bord.
    (M) 

    Fredag 29. august - Frå Oslo til Paris og Honfleur
  • Dag 2: Laurdag 30. august - Honfleur

    Denne dagen er det mogeleg å vere med på to ulike aktivitetar (mogeleg val mot tillegg i pris). Etter frukost blir det sett opp ei utflukt til Côte Fleurie. Avreise med buss og engelsktalande guide. Første stopp er Deauville, den mest glamorøse kystbyen, og symbol på fransk eleganse og prestisje. Her kan du ta ein fin spasertur langs dei berømte bryggene, som vart bygde i 1923 slik at kvinner kunne nyte sjølve sjøen utan å øydelegge kjolane sine. Bussen køyrer vidare til  Breuil-slottet, som ligg i eit frodig, grønt landskap midt i Pays d'Auge. Dette slottet er eit særleg vakkert eksemplar av den arkitektoniske arven til denne regionen i Frankrike. I dag ligg det eit Calvados-brenneri i Breuil-slottet, og vi får lære om produksjonen av drikken, og sjølvsagt smake på dei edle dråpane. Retur til båten i Honfleur med buss.

    Om ettermiddagen kan du bli med på guida vandring (mogeleg val mot tillegg i pris) med Sylfest eller Rasmus i den pittoreske byen Honfleur, som ligg like ved munninga av Seinen, der ho flyt ut i Den engelske kanal. På slutten av 1800-talet oppheldt mange kunstnarar seg her, og byen er rekna som vogga til impresjonismen. Den vesle hamna har halde fast på sitt historiske særpreg, som er med på å gjere Honfleur til ein av dei mest besøkte byane i Frankrike i dag. Vi startar turen vår ved det gamle hamnebassenget Vieux Bassin, som er ein av dei mest sjarmerande stadene i byen med dei smale husa som pressar seg mot kvarandre. Deretter besøker vi kyrkja Sainte-Catherine, som vart lista som eit historisk monument i 1879. Vi går tilbake til skipet vårt til fots.

    Dei som ikkje er med på utflukta, har god tid til å slappe av om bord og bli kjende med båten, og det er fullt mogeleg å ta ein vandretur for å utforske Honfleur på eiga hand.

    Tilbake på båten blir det tid til å slappe av på lugarane før vi møtest til middag. Seint på kvelden seglar vi mot Rouen. Ved utløpet av Seinen kryssar vi under den imponerande Normandie-brua. Då ho vart opna i 1995, var ho verdas lengste med eit bruspenn på 2147 meter.
    (F, L, M)

  • Dag 3: Søndag 31. august - Rouen

    I løpet av natta har vi kome fram til Rouen. Få byar kan vise til ei så spennande historie som denne byen. Dei fleste av vikingane her var nok danskar, og i mellomalderen vart Rouen kalla for Danskebyen. For dei som ønsker det, blir det byvandring etter frukost (mogeleg val mot tillegg i pris) med Sylfest Lomheim og historikar Rasmus Sunde. Det historiske sentrumet og den kjende katedralen i Rouen ligg berre fem minuttars gonge frå skipet. Vi ruslar rundt om i gamlebyen som er som eit stort utandørs museum. Her finn vi smale gater med pittoreske bindingsverkshus og mange kyrkjer med spesielle klokketårn. Byen er likevel mest kjend for den store, gotiske katedralen sin. Målaren Claude Monet har gjort sitt til at Notre Dame de Rouen er vorte verdskjend sidan han måla katedralen i ulike årstider, og ved det fekk fram mange fargenyansar. Inne i katedralen finn vi sarkofagen til den norske vikinghøvdingen Gange-Rolv og andre vikinghertugar. Elles skal vi sjølvsagt sjå statuen av vikingen Gange-Rolv, eller Rollo, som vart hertug i Normandie.

    Rouen er også kjend fordi den franske heltinna, Jeanne d’Arc, vart dømd for kjetteri i 1431 og brent levande på marknadsplassen Place du Vieux Marché. I 1979 vart det bygd ei moderne kyrkje her til minne om ungjenta som kjempa tappert mot engelskmennene under Hundreårskrigen og seinare har vorte den viktigaste helgenen i Frankrike. Vi tek oss god tid ved kyrkja før vi går vidare gjennom gågata Rue du Gros-Horloge. Dette er den mest populære og travle gata i Rouen. Her ligg bindingsverkshusa på rekke og rad, og her finn vi renessansepaviljongen med den berømte klokka Gros-Horloge, som er kjennemerket til byen.

    Det er også mogeleg å utforske Rouen på eiga hand denne dagen. Vi kan spesielt tilrå Musée des Beaux-Arts, som har mange kunstverk av kjende europeiske målarar. Vi samlast på skipet igjen for lunsj og møtest etter kvart i loungen for kåseri av Sylfest og Rasmus. Tema for forelesingane kjem i detaljprogram. Om kvelden seglar vi mot Mantes-la-Jolie, som ligg omlag 50 km frå sentrum av Paris og er kjend for den vakre kyrkja Notre Dame de Mantes. 
    (F, L, M)

  • Dag 4: Måndag 1. september - Mantes-la-Jolie og Giverny

    Tidleg om morgonen kjem vi til Mantes-la-Jolie. Vi er framleis i Normandie, som har eit skiftande og frodig landskap og blir rekna som ein av dei vakraste regionane i Frankrike. Dette geografiske området svarer i stor grad til det historiske hertugdømmet til normannarane. Det er verdt å merke seg at namnet Normandie tyder mennene frå nord, eller nordbuarane. Saman med vikingar frå Danmark og Norge grunnla høvdingen Gange-Rolv hertugdømet i 911. Dei fleste historikarar i dag meiner Gange-Rolv var son til norske Ragnvald Mørejarl. Først i 1204 tok den franske kongen hertugdømmet Normandie tilbake.

    Etter frukost på skipet blir det tid på eiga hand eller ein busstur (mogeleg val mot tillegg i pris) til den koselege byen Giverny. Her skal vi besøke den verdsberømte og praktfulle hagen til målaren Claude Monet. Undervegs fortel Sylfest og Rasmus kva vi kan forvente av besøket. Claude Monet sin lidenskap både for hagestell og fargar gjorde at han såg på blomehagen sin som eit ekte kunstverk. Vi skal også inn i heimen hans der han budde saman med kone og barn. Framleis kan ein kjenne atmosfæren som ein gong rådde i meisteren sitt hus, og inne i huset vil kunstnaren sin særlege forkjærleik for fargar møte oss, alt frå intensiteten av det blå han valde for kjøkenet og den vesle stova, til dei gule veggene og møblane i spisestova. Elles kan vi beundre fleire av maleria hans og den private samlinga av japanske trykk. På området er det elles ein fin museumsbutikk, der ein kan kjøpa bøker om kunstnaren og reproduksjonar av bildene. Busstransport tilbake til skipet før vi et lunsj om bord.

    Medan båten seglar vidare mot Paris, møtest vi i loungen for nye foredrag før middag. Vi legg til ved kaia Grenelle rett ved Eiffeltårnet seint på kvelden. 
    (F, L, M)

  • Dag 5: Tysdag 2. september - Paris og Fontainebleau

    Etter frukost lettar vi anker og seglar til den vesle byen Melun nær det imponerande Fontainebleau-slottet. Om føremiddagen møtest vi i loungen for foredrag av Sylfest og Rasmus.

    Etter lunsj kan dei som ønsker besøke byen Fontainebleau (mogeleg val mot tillegg i pris). Her skal vi besøke det historiske slottet, og vi får høyre spennande historier og anekdotar frå tidlegare tider. Guidinga går på engelsk. Slottet i Fontainebleau er omkransa av ein stor eigedom der hageanlegga er eit vakkert kunstverk i seg sjølv. Slottet vart bygd i første halvdel av 1500-talet av kong Frans I, og vart litt seinare utvida av kong Henrik II av Frankrike. Gjennom tidene har 34 kongar og to keisarar hatt bustad her. Kong Ludvig XIV heldt til dels til på slottet, og det same gjorde Napoleon. Det var her han i 1814 måtte gå med på fredsavtale med dei allierte og vart tvinga i eksil til øya Elba. På slottet møter vi ikkje berre Frankrikes unike historie gjennom fleire hundreår, men også eit mangfald av kunst og arkitektur.

    Om ettermiddagen seglar vi til Corbeil.

    Denne kvelden pyntar vi oss til ein finare middag om bord.
    (F, L, M)

  • Dag 6: Onsdag 3. september - Paris

    Om morgonen seglar vi tilbake til Paris. Føremiddagen kan brukast til å utforske delar av Paris på eiga hand. Båten ligg i nærleiken av Eiffeltårnet, og ein kan rusle rundt i det spennande området og kikke på det pulserande folkelivet.

    Etter lunsj blir det guida busstur rundt i Paris med engelsktalande guide, for å utforske den store, vakre og historiske hovudstaden (mot tillegg i prisen). Verdsbyen har to tusen år med historie, og både geistlege, monarkar, politikarar, borgarar, arbeidarar og revolusjonære har sett sitt preg på byen. Her finn vi vakre katedralar og kyrkjer, palass og monument, museum og teater. Bussen køyrer forbi fleire av dei mest sentrale og kjende stadene som nasjonalbiblioteket, det latinske kvarteret, Louvre Pyramiden, Champs-Élysées, Triumfbogen, og sjølvsagt det berømte Eiffeltårnet. Det er ikkje tid til å stoppe og gå inn i bygningane og attraksjonane. 

    Om kvelden blir det avslutningsmiddag på elvebåten vår. Deretter møtest vi i baren for hygge og avsluttande ord. Denne kvelden får vi oppleve “Paris by Night”, då båten tek ein ekstra runde fram og tilbake på Seinen i Paris sentrum. Vi får sjå storslegne bygningar og bruer i flaumlys, og om vêret tillet det, kan vi oppleve dette frå soldekket.
    (F, L, M)

  • Dag 7: Torsdag 4. september - Heimreise

    Etter ein god frukost om bord i båten, er det tid for utsjekk. Bussane våre køyrer oss frå båten og til flyplassen i Paris. Flyreise til Oslo og Bergen for dei som bestiller det. Tilknyting til andre byar på førespurnad.
    (F)

  • Viktig informasjon

    - Når ein er om bord på ein båt, må ein forvente noko motorstøy.  

    - I nokre hamner vil ein måtte gå gjennom nokre andre skip for å komme til land. Dette går nokre gonger føre seg opp/ned via soldekk. Landgangar kan vere noko bratte.

    - Uventa endringar i vasstanden eller andre uforutsette hendingar kan skje. Skulle dette oppstå, reserverer reiarlaget seg retten til å endre seglingsrute, tider og program. Det blir ikkje gitt refusjon for slike endringar i programmet.

  • Om båten

    MS Botticelli

    Om båten
  • Her ser du dekkplanen:

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
29/8BergenMS BotticelliMeir enn 826 950,-BestillMer informasjon
29/8OsloMS BotticelliMeir enn 825 950,-BestillMer informasjon
29/8StavangerMS BotticelliMeir enn 826 950,-BestillMer informasjon
29/8TrondheimMS BotticelliMeir enn 826 950,-BestillMer informasjon
29/8HonfleurMS Botticelli
Utan fly
Meir enn 822 740,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo