Skip to main content

Vandretur på makelause Azorane

23. - 30. mars 2025.

Bli med oss på vandretur på Azorane, og opplev det særeigne landskapet med dramatiske vulkanformasjonar, frodige dalar og imponerande utsiktspunkt. Øygruppa ligg ute i Atlanterhavet og byr på opplevingar utanom det vanlege. Gjennom historia har Azorane vore eit viktig knutepunkt for skipsfarten mellom Europa og Amerika, og mange norske sjøfolk har besøkt øyane for å skaffe forsyningar og reparere båtane. Under andre verdskrig spelte Azorane ei særs viktig rolle som strategisk base for dei allierte styrkane. Mange nordmenn var ein del av dei allierte konvoiane som kryssa Atlanterhavet og nytta øya som ein trygg tilfluktsstad.

Azorane har mykje å by på når det gjeld historie, natur og kultur.  Øygruppa er kjend for sitt vulkansk opphav, og under vandringane våre vil vi oppleve imponerande formasjonar som Caldeira Velha og Sete Cidades - to massive krater fylte med krystallklare innsjøar. Desse dannar ei spektakulær scene for dei daglege utfluktene våre.

Vi flyr til São Miguel, den største av øyane på Azorane, og skal bu på eit flott hotell i hovudstaden Ponta Delgada.

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Søndag 23. mars – Velkommen til Azorane

    Avreise frå Oslo på formiddagen. Vel framme på flyplassen i São Miguel seint på kvelden blir vi møtt av den lokale guiden vår. Bussen tek oss til det firestjernes hotellet vårt som ligg sentralt i Ponta Delgada. Hotellet tilbyr restaurant, bar, treningsrom, spa og symjebasseng.

  • Dag 2: Måndag 24. mars – Byvanding i Ponta Delgada

    Vi et ein god frukost før vi skal ut og oppleve Ponta Delgada, ein by med rik historie og arkitektur frå ulike epokar. På byvandringa vil vi sjå bygningar laga av tradisjonell vulkansk stein side om side med kyrkjer og palass i barokkstil. Byen speglar av både lokal byggeskikk og viktige europeiske trendar. Vandringa inkluderer smak av vin og ostar frå  det lokale kjøkkenet.

    Etter byvandringa blir det god tid til ein lunsj på eiga hand, og vi kan halde fram med  å utforske dei sjarmerande gatene. Byen har mange koselege kafear og butikkar der ein kan finne lokale handverksprodukt og suvenirar. Guiden vår kjem med forslag og tips.

    Vi møtest igjen om kvelden for ein felles middag på hotellet.

     (F, M)

    Måndag 24. mars – Byvanding i Ponta Delgada
  • Dag 3: Tysdag 25. mars – Ribeira dos Caldeirões og Povoação

    Etter ein god frukost skal vi på ei heildagsutflukt til den nordaustlege delen av øya. Bussen køyrer oss langs kysten, og vi opplever naturparken Ribeira dos Caldeirões, kjend for sine vakre fossefall og vassmøller. Vidare stoppar vi på fleire flotte stader som Ponta da Madrugada, Pico Longo og Ponta do Sossego. Om veret tillèt det, vil vi her kunne få fantastisk utsyn over Atlanterhavet og det frodige landskapet på øya.

    I landsbyen Nordeste tek vi oss tid til å vandre gjennom dei sjarmerande gatene, nyte den rolege atmosfæren. Her kan vi også kjøpe oss lunsj på eiga hand.

    Etterpå tek bussen oss vidare til Vila da Povoação, der portugisiske sjøfararar først gjekk i land og busette seg i år 1444. Denne historiske landsbyen gir oss eit innblikk i tidlege busetnader på Azorane og utviklinga gjennom tidene.

    Vi avsluttar dagens utflukt med ein roleg køyretur tilbake til Ponta Delgada før vi samlast igjen om kvelden for ein felles middag på hotellet.

    (F, M)

  • Dag 4: Onsdag 26. mars – Terra Nostra-parken og Caldeiras

    Den dagen er dedikert til Furnas og den berømte Terra Nostra-parken. Avreisa frå Ponta Delgada til Vila Franca do Campo, den første hovudstaden på øya. Denne byen vart hardt råka av eit jordskjelv i 1522 som førte til store øydeleggingar. Som eit resultat av dette, vart hovudstaden flytta til Ponta Delgada. Landsbyen har i dag gamle kyrkjer, sjarmerande gater og ein levande lokal marknad.

    Ved Lagoa das Furnas ser vi vulkanske svovelgassar som fungerer som naturlege varmekjelde der den kjende retten cozido das Caldeiras blir laga. Vandreturen denne dagen er nokså lett, vi går i om lag ein time til Caldeiras, og her vert den spesielle retten servert til lunsj. Deretter besøker vi Terra Nostra-parken, ein park med innsjøar, stiar, endemiske blomar og treslag og eit termisk bad, der dei som ønsker det kan bade. Her kan vi også sjå Caldeira Pero Botelho, ein av dei mest imponerande geysirane på øya.

    Vi returnerer til Ponta Delgada om ettermiddagen med ein stopp for å besøke plantasjar der vi får sjå teproduksjon og smake på både grøn og svart te. I tillegg blir det ein stopp på utsiktspunktet Pico de Ferro der vi kan beundre det største og eldste vulkankrateret på øya.

    Fellesmiddag på hotellet om kvelden.

    (F, L, M)

  • Dag 5: Torsdag 27. mars – Dagen på eiga hand

    Denne dagen er fri for å utforske øya på eiga hand eller berre slappe av og nyte omgivnadane. Du kan besøke lokale marknader som Mercado da Graça i Ponta Delgada, der du kan finne lokale delikatesser og handverksvarer.

    For dei som er interesserte i kulturhistorie, kan ein besøke fleire interessante stader i byen. Museu Carlos Machado, det største museet på Azorene, ligg i sentrum og tilbyr utstillingar innan kunst, historie og naturhistorie frå øyane. Nær sentrum ligg Gruta do Carvão, ei grotte der ein kan sjå geologien og vulkanhistoria til Azorane.

    (F)

  • Dag 6: Fredag 28. mars – Lagoa do Fogo og bading i Caldeiras da Ribeira Grande

    Denne dagen står ei halvdagsutflukt til Ribeira Grande og Lagoa do Fogo på programmet.

    Første stoppen er ved Lagoa do Fogo, eller "Ildsjøen" på norsk. Dette er ei av dei mest imponerande naturperlene på São Miguel, der kratersjøen ligg på toppen av ein vulkan og er omgitt av frodig grøn natur og høge klipper. Området er kjent for sine mange endemiske planteartar.

    Vi startar rundturen langs Caldeiras da Ribeira Grande til Salto do Cabrito og tilbake. Dette er ein moderat tur på om lag 8,5 km og varer i ca. 3 timer.

    Tidleg på ettermiddagen er vi tilbake til hotellet og har tid til å slappe av og nytte fasilitetar på hotellet før vi møtest til felles middag på hotellet.

    (F, M)

    Fredag 28. mars – Lagoa do Fogo og bading i Caldeiras da Ribeira Grande
  • Dag 7: Laurdag 29. mars – Sete Cidades

    Etter ein god frukost på hotellet dreg vi på ein halvdagsutflukt til Sete Cidades.

    Sete Cidades er kjend for sine to imponerande kratersjøar, Lagoa Azul og Lagoa Verde, som betyr "blå sjø" og "grøn sjø". Desse sjøane ligg i eit gammal vulkansk krater og skaper eit dramatisk landskap med intense fargar og spektakulær utsyn.

    Vi stopper på fleire stader for å få ei panoramautsikt som strekker seg over både nord- og sørkysten av øya, noko som gjev eit unik perspektiv over landskapet på São Miguel.

    Dagens vandring går frå Vista do Rei til Sete Cidades. Turen er nokså lett på om lag 7,7 km og tek ca. 2,5 timer i roleg gonge. På vegen ser ein ned på dei to kratersjøane, der Lagoa Azul skil seg ut med sin djupe, blå farge, medan Lagoa Verde har ein grønleg tone på grunn av algevekst.

    Vel fram på Sete Cidades kan ein kjøpe seg lunsj eller ein kaffi før vi køyrer videre. Sete Cidades er kjend som ein sjarmerande landsby med pittoreske hus og frodige hagar som ligg i skråningane rundt krateret.

    Tidleg på ettermiddagen besøker vi Pineapple Greenhouses, eit ananasdrivhus for å lære om dyrking av ananas. Dei unike ananasdrivhusa viser korleis denne tropiske frukta har blitt ein del av Azoranes jordbruk. Etter besøket kan ein spasere tilbake til hotellet.

    Vi samlast igjen om kvelden for vår siste felles middag på hotellet.

    (F, M)

  • Dag 8: Dag 30. mars – Heimreise

    Etter frukost denne dagen tek bussen oss frå hotellet til flyplassen. Fly frå Ponta Delgada til Oslo om morgonen, og vi er framme i Oslo om ettermiddagen.

    (F)

Kart

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
23/3OsloAzoraneMeir enn 823 950,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo