3. - 12. oktober 2025
Bli med på ei ugløymande reise i bluesmusikken sine fotefar! Vi dreg til New Orleans der jazzen lever i beste velgåande før i tek turen til Baton Rouge og oppover Mississippi-deltaet. Der er vi innom både Jackson og Clarksdale før reisa vår endar i Memphis. Det blir mange kveldar på både juke joints og bluesbarar. Vi besøker fleire stader som utnemner seg som Bluesens fødestad, bland anna Docery Farms. Vi får ein heil dag med blues på musikkfestival i Helena, besøk på Sun Studios og høve til å besøke legendariske Graceland.
På turen har vi med oss musikar og blues-entusiast Jan Tore Lauritsen. Bandet hans, Buckshot Hunters, er eitt av landets mest renommerte bluesband. Dei har turnert i Europa, USA og Australia. I 2014 fekk Jan Tore den prestisjetunge bluesprisen på Notodden Bluesfestival, og året etter representerte han Norge i European Blues Challenge i Brussel, der dei oppnådde ein tredjeplass. Bandet har også vore semifinalistar under International Blues Challenge i Memphis, USA, der dei konkurrerte med over 260 band frå heile verda.
I 2018 var Jan Tore for første gong nominert til Spellemannsprisen i kategorien blues. Han har reist mykje i Mississippi og Louisiana og har ei brei kontaktflate der. Jan Tore trakterer både trekkspel og Hammond B3-orgel i tillegg til munnspel, som fleire kallar for blues harp, medan han sjølv nyttar omgrepet Mississippi Saxophone. No i 2025 feirer Jan Tore og bandet 30-årsjubileum med album nummer 10 sidan 1995.
Vi gler oss stort til å ha med JT Lauritsen som musikalsk reiseleiar på denne turen!