6. - 11. oktober 2025.
Passau - Melk - Dürnstein - Wien - Esztergom - Budapest.
Vi er glade for å kunne invitere til eit heilt spesielt elvecruise på vakre Donau med tre språkkveldar med Linda Eide og Gunnstein Akselberg undervegs. I tillegg blir det kåseri om språk, historie og kultur frå Akselberg. Elvebåten tek oss med til seks byar og fire land – Tyskland, Austerrike, Slovakia og Ungarn. Cruiset startar i Passau i Tyskland og går så til Melk, Durnstein og Wien i Austerrike. Deretter seglar vi vidare til Esztergom og Budapest i Ungarn. På vegen får vi oppleve det storslegne Schönbrunn-palasset og den vakre Wachau-dalen som er på UNESCO si verdsarvsliste. I tillegg får vi sjå Dürnstein-slottet som ligg i området som mange reknar som det vakraste langs Donau med sine skogkledde åsar, frukthagar, småe landsbyar, vinmarker og kloster. Høgdepunkta blir likevel kanskje dei to gamle kulturbyane og hovudstadene, Wien og Budapest.
Linda Eide er journalist og programskapar og har vunne mange prisar for arbeidet sitt, blant anna Gullruten to gonger. Frå 2017 til 2023 var ho programleiar for Eides Språksjov på NRK. Professor Gunnstein Akselberg har lenge interessert seg for Tyskland, Austerrike og dei sentraleuropeiske kulturbyane. Desse byane har så mykje å tilby av både historie, politikk, kunst, musikk, arkitektur og religion, og dei har i stor grad forma vår felles kulturhistorie. Vi har heile båten berre for Fotefar, og det blir heile 3 språkkveldar om bord, så dette blir ei unik oppleving for alle oss som saknar Linda Eide og Gunnstein Akselberg frå TV-skjermen.
På elvecruiset vårt bur vi svært godt på MS Modigliani, ein hyggeleg elvebåt med 78 lugarar som alle er utvendige. Lugarane har også bad med dusj, hårtørkar, TV, safe og aircondition. Alle måltida om bord med nydeleg mat og drikke er inkluderte.