
30. april - 6. mai 2025.
Velkommen med på ein spennande og innhaldsrik tur til Lisboa saman med forfattar Erika Fatland!
Med Erika si nye bok Sjøfareren som utgangspunkt, vil ho på denne turen gi oss djupare innsikt i historia til det portugisiske imperiet som strekte seg frå Kapp Verde til Goa og frå Nagasaki til Amazonas. Vi får høyre om portugisiske sjømenn som Henrik Sjøfareren og Vasco da Gama, som opna sjøvegen til India og endra verdshistoria for alltid. Erika vil også fortelje om kva spor portugisarane har etterlate seg rundt om i verda, og kva impulsar dei har teke med seg heim.
På første utflukta vandrar vi gjennom dei sjarmerande bydelane Chiado og Terreiro do Paco, der lokale guidar tek oss med på ei tidsreise gjennom smale gater og gir oss innsikt i maurarane sin lange påverknad på den iberiske halvøya. I Belém besøker vi Jerónimos-klosteret, det ikoniske Belém-tårnet og Oppdagingsmonumentet som er eit symbol på Portugal si storheitstid som sjøfartsnasjon.
I Sintra utforskar vi den praktfulle kongelege palassen og får høyre om det dramatiske fallet til det portugisiske imperiet. På denne turen får vi også oppleve ein stemningsfull fado-kveld, der vi lærer å kjenne den portugisiske kulturen gjennom musikk og tradisjonell mat – ein kveld vi seint vil gløyme.
Vi bu på eit godt plassert 4-sterners hotell med kort avstand til sentrum.