
med Gunnstein Akselberg og Tore Skeie
7. - 16. september 2025
Velkommen med på ein spennande tur i vikingane sine fotefar til øyane vest i havet. For mange har det vore ein draum å besøke dette området, og det er difor ein av våre mest populære turar. Årets reiserute er heilt spesiell, då vi får besøke både Orknøyane, Shetland, Færøyane, Hebridane og Nord-Irland på ein og same tur!
Vi startar med fly til Edinburg eller Aberdeen, før bussar tek oss til Dundee der vi overnattar. Morgonen etter mønstrar vi på skipet og set kursen mot Kirkwall på Orknøyane, Lerwick på Shetland, vidare til Runavik på Færøyane og til Scrabster på det skotske høglandet. Skipet seglar så mot Isle of Skye på Hebridane og vestover til Belfast i Nord-Irland. Til slutt endar vi opp i Liverpool. Undervegs blir det kåseri av Gunnstein Akselberg om dei språklege fellestrekka vi har med vesterhavsøyane og Tore Skeie om den norrøne historia til øyane.
Gunnstein Akselberg er lingvist og professor emeritus i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen. Akselberg har vore redaktør for tidsskrifta Namn og Nemne og Nordica Bergensia, og har i mange år hatt språkspalta «Snakk med oss» i NRK Hordaland. Han er også med i programmet «Eides språksjov» på NRK.
Tore Skeie har skrive fleire sakprosabøker om mellomalder og vikingtid, og han er kanskje mest kjend for boka Hvitekrist, som handlar om Olav Haraldsson og hans tid. For denne boka fekk han I 2019 Sverre Steen-prisen frå Den norske historiske foreining for framifrå formidling av historie på høgt fagleg nivå.
Dette er same cruisebåt som reiser frå Newcastle til Belfast 6.-15. september 2025.