Skip to main content

Cruise rundt dei britiske øyane med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen

7 - 20. september 2025.

England – Skottland – Shetland – Hebridane – Nord-Irland – Irland – Scilly-øyane.

Velkommen med på det store cruiset rundt dei britiske øyane. På denne turen har vi med oss det kjende journalistekteparet Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen som fagpersonar. Dei vil på ein engasjerande måte halde spennande foredrag om litteratur, politikk, historie og kultur i Storbritannia igjennom tidene.

Vi startar med fly til London der vi overnattar før vi går om bord i cruiseskipet Ambience. Derifrå går ferda til Aberdeen i Skottland, vidare til Lerwick på Shetland, og så sørvestover til Tobermory på Hebridane. Skipet set så kurs vidare til Belfast i Nord-Irland før turen går til Liverpool. Deretter tek skipet oss til Cobh i Irland og til Scilly-øyane før vi seglar tilbake til London.

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar
    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Søndag 7. september - Vi reiser til London

    Avreise til London. Bussen vår tek oss frå flyplassen til hotellet vårt, der vi blir betre kjende med kvarandre før vi startar sjølve cruiset.

  • Dag 2: Måndag 8. september - London og cruisebåten Ambience

    Etter frukost på hotellet har vi litt tid til å sjå oss om i nærområdet før bussen køyrer oss til cruiseskipet. Båten går frå kaien i Tilbury ved London kl. 17:00 om ettermiddagen, og vi må vere ute i god tid. Skipet vårt, Ambience, er nyoppussa i 2022 og tilbyr ei tradisjonell britisk cruiseoppleving med ein uformell og vennleg atmosfære. Dei fleste av dei andre på skipet er engelske turistar. Det blir også eit par festkveldar der vi kler oss opp til glede for kvarandre.

    Etter avgang frå Tilbury i utløpet av Themsen møtest vi i restauranten til den første middagen om bord. Vi har våre eigne bord, og kan nyte maten medan skipet seglar ut Themsen og svingar nordover langs Englands austkyst. Resten av kvelden og natta går med til å segle nordover mot Skottland.
    (F, L, M)

    Måndag 8. september -  London og cruisebåten Ambience
  • Dag 3: Tysdag 9. september - Ein dag til sjøs - Nordover austkysten av England og Skottland

    Denne dagen er vi på sjøen heile tida, og vi får det første foredraget til Eva og Joar. «England – fremdeles en stormakt?». Dei snakkar om Storbritannias historiske utvikling frå ei global supermakt til å spele ei meir anonym rolle i den verdspolitiske «OBOS-ligaen».

    Det blir god tid til slappe av og nytte seg av alle skipet sine fasilitetar. I tillegg til den store salen som viser show på kveldane, finst det shoppingsenter, bibliotek, arts/crafts-rom, utandørs gå/joggeløype og rom for kortspel om bord. Der er også fleire kafear og barar på skipet, og vi finn oss ein «stamkafe» der ein kan treffe kvarandre gjennom dagen. Det er heilpensjon om bord, så alle måltid på skipet er inkluderte i turprisen. Spa-tilbod finst også på Ambience, med sauna, dampbad og frisør, i tillegg til utandørssymjebasseng og badestampar.

    Om kvelden møtest vi til middag i avdelinga vår i hovudrestauranten.
    (F, L, M)

  • Dag 4: Onsdag 10. september – Aberdeen

    Tidleg denne morgonen er vi framme i Aberdeen, og vi har tida fram til ettermiddagen i land. Denne universitetsbyen er Skottland sin tredje største by med ca. 200 000 innbyggjarar. Den er kjend som granittbyen eller sølvbyen på grunn av dei tradisjonelle steinhusa som dominerer bybildet. Aberdeen er oljebyen i Skottland, men har også fått fleire kjende kulturinstitusjonar dei siste åra. Både det svært gode maritime museet og det populære kunstgalleriet har gratis inngang.

    Vi anbefaler også ein spasertur på vakre Aberdeen Beach og ein tur på ein av dei mange tradisjonelle pubane i byen. Cruiseselskapet tilbyr også eigne ekskursjonar (mot tillegg i pris). Desse kjem på eit seinare tidspunkt.

    Etter ein dag i land blir det eit nytt foredrag med Eva og Joar. I dag er temaet: «Skottland – annerledeslandets kamp for selvstendighet». Det er aldri enkelt å vere ein nasjonal lillebror på dei britiske øyane, og mange skottar meiner det har vorte verre etter Brexit. Eva og Joar tek for seg skotsk kultur og patriotisme, eigenart og kultur.

    Om kvelden møtest vi i vår del av hovudrestauranten.
    (F, L, M)

    Onsdag 10. september – Aberdeen
  • Dag 5: Torsdag 11. september – Lerwick, Shetland

    Når vi vaknar denne morgonen, seglar skipet inn mot Lerwick på Shetland. Hovudstaden har 7500 innbyggjarar – ein tredjedel av alle som bur på øyane som utgjer Shetland. Vi glir roleg inn mot dei gråbrune steinhusa i byen som står i kontrast til dei illgrøne markene rundt. Vi ankrar opp utanfor byen og får transport med tender inn til hamna. Ein kan velje om ein vil vere med på ein av ekskursjonane som vert arrangerte av cruiseskipet (mot tillegg i prisen), eller bruke tida på eiga hand. Lerwick er kjend for å ha mange butikkar med godt utval, så her er det også anledning til litt handling.

    Vikinghistoria og den norrøne identiteten står framleis sterkt på Shetland. Hjaltland (Shetland) vart kolonisert av norske vikingar på slutten av 800-talet, og dei etablerte seg her med eigne lover og språk. Språket utvikla seg til det vestnordiske språket norn, eit språk som døydde ut først på 1800-talet. Etter at Harald Hårfagre hadde samla Norge til eitt rike, flykta mange av motstandarane hans, og nokre av dei slo seg ned på Orknøyane og Hjaltland. Med desse øyane som base dreiv dei plyndringstokt mot Skottland og Norge. Dette resulterte i at Harald Hårfagre samla ein stor flåte, og rundt år 875 kom han til den vesle tettstaden Haroldswick på øya Unst og annekterte både Orknøyane og Hjaltland.

    Banda mellom Shetland og Norge har også vore sterke i nyare tid. Hausten 1940 vart ei norsk marineavdeling med tilnamnet Shetlandsgjengen etablert i Scalloway for operasjonar mot Norge. På Shetland hadde det etter kvart samla seg kring 30 fiskeskøyter som norske flyktningar hadde segla over med. Ein del av desse skøytene vart no innleigde, og norske fiskarar vart verva som frivillig mannskap. Shetlandsgjengen segla i hemmelege oppdrag mellom Norge og Shetland og frakta Linge-karar, etterretningsfolk, flyktningar, instruktørar for motstandsrørsla og militære forsyningar. I alt gjorde Shetlandsgjengen over 200 turar, der den mest kjente, Leif Andreas Larsen (Shetlands-Larsen), var skipper for 52 av turane.

    Etter ein dag på land lettar vi anker kl. 17.00. Krimserien “Shetland” har blitt populær over heile verda, og bidreg til turistnæringa på øya. I foredraget til  Eva Bratholm før middag får vi høyre om  «Britisk kriminal-litteratur – arven fra Sherlock Holmes og Hercule Poirot». Sir Arthur Conan Doyle, som skreiv 60 historier om Sherlock Holmes skal ha mislikt detektiven han skapte, medan Agathe Christie, smed 80 bøker som selde i to milliardar eksemplar, hadde jobba på apotek og viste kva giftstoff som var dei mest hendige om ein planla eit drap. Eva tek oss i foredraget med inn i den moderne og blomstrande britiske kriminal-litteraturen og foreslår forfattarar.

    Vi går vidare til fellesmiddag på restauranten om bord, der vi har ein eigen seksjon for gruppa vår.
    (F, L, M)

    Torsdag 11. september – Lerwick, Shetland
  • Dag 6: Fredag 12. september - Dag til sjøs

    Denne dagen er vi på sjøen heile tida, og etter frukost møtest vi til foredrag frå Joar, med tittel: «Britisk spionasje fra 'the Cambridge Five' til James Bond». I mange år var London verdas viktigaste by, ikkje minst for diverse land sin hemmelege teneste, eller spionar som dei blir kalla. Joar fortel om fargerike karakterar i ei underleg verd, like fasinerande i verkelegheita som på film.

    Medan cruisebåten tek oss mot Hebridane, kan ein nytte cruisets fasilitetar. Ambience er eit tradisjonelt britisk cruiseskip, så her kan ein blant mykje anna få med seg «afternoon tea» og andre erkebritiske aktivitetar. Vi satsar på strålande seinsommarvêr og mykje tid til å slappe av ved symjebassenget på dekk.

    Om kvelden møtest vi til middag i avdelinga vår i hovudrestauranten.
    (F, L, M)

    Fredag 12. september - Dag til sjøs
  • Dag 7: Laurdag 13. september – Tobermory på dei Indre Hebridane

    Gjennom natta har vi segla til Indre Hebridane og ankra opp ved den vesle fiskebyen Tobermory, hovudstaden på Isle of Mull, med berre 1000 innbyggjarar. Tenderbåtar tek oss til land. Dette er ein sjarmerande småby spesielt kjend for sine pastellfarga murhus som er eit ynda fotomotiv for tilreisande. Ein av attraksjonane i byen er Tobermory Whisky Distillery, som har laga edle dråpar sidan 1798, og elles finst det mange koselege, små butikkar rundt hamna. Her er det enkelt og kjekt å rusle rundt på eiga hand, eller ein kan melde seg på ein av utfluktene som cruiseskipet tilbyr (ikkje inkludert, meir informasjon kjem seinare).

    Etter ein avslappande dag på Isle of Mull vert det avreise med skipet tidleg om kvelden. Vi set kursen sørvest over Irskesjøen, og på vegen passerer vi øyane Iona, Jura og Islay som alle er kjende for whiskyen sin. Dagens forelesing heiter «Skottland i våre hjerter». Mange nordmenn har eit nært og godt forhald til vår gode nabo i vest. Fisk og olje, vikingar og studentar, kompani Linge og Roald «Kniksen» Jensen. Likeså Donald Duck som Donald Trump har skotske anar, men Eva og Joar vil byrje med dei viktigaste: Maria Stuart og sjøormen Loch Ness.

    Når vi møtest i restauranten for middag om kvelden, er vi snart på ope hav igjen på veg mot Nord-Irland og hovudstaden Belfast. Er vi heldige og vêret er godt, får vi kanskje oppleve ein nydeleg solnedgang på veg over Irskesjøen.
    (F, L, M)

  • Dag 8: Søndag 14. september – Belfast, Nord-Irland

    Skipet seglar inn mot austkysten av Nord-Irland, og vi får auga på to store, gulmåla kraner kalla Samson og Goliath. Desse landemerka er ei påminning om skipsbyggingsindustrien som sette Nord-Irland sin hovudstad på kartet. Eit høgdepunkt som ein absolutt bør få med seg, er eit besøk på det fantastiske opplevingssenteret Titanic Belfast (meir informasjon om pris og påmelding får de nærmare reise). Det verdskjende skipet vart bygd her i Belfast, og opplevingssenteret med ni etasjar gir oss ei sterk oppleving av skipet og den lagnadstunge overfarten til Amerika. Heile interiøret med salongar og ballsalar er rekonstruerte i full storleik, så her får vi ei kjensle av å vere med på overfarten for over 100 år sidan. Vi går også gjennom dei same portane som passasjerane gjekk gjennom den gongen og får elles sjå mange gjenstandar frå skipet.

    Ein bør gjerne utforske byen på eiga hand, og då kan ein ta ein tur til Donegall-kvartalet, som er eit landemerke i Belfast. Her finn vi mange flotte bygningar i viktoriansk stil. I tillegg er operahuset ein av dei største attraksjonane i byen.

    Elles har Belfast ei lang og dramatisk historie. Ei normannisk borg vart reist så tidleg som i 1177, men først i 1613 fekk Belfast bystatus. Frå då av kom det mange skottar og walisarar til byen, og mot slutten av 1600-talet innvandra også mange franske hugenottar hit. Dei sette i gang med linproduksjon, og etter kvart vart Belfast ein viktig industriby med særleg skipsindustri frå 1700-talet. Då Irland vart delt i 1920, vart Belfast hovudstad i Nord-Irland.

    Vi kjenner alle til konflikten mellom katolikkane/nasjonalistane og protestantane/lojalistane. Det som kjenneteiknar denne konflikten, er at det som i første omgang var ein politisk strid om nasjonalitet, også har sterke religiøse undertonar. For å unngå open strid, vart det oppretta sperringar mellom bydelane der dei to gruppene budde. Vi kan sjå veggmåleria frå denne tida både i katolske Falls Road og protestantiske Shankill Road. Etter at IRA gjekk med på våpenkvile midt på 90-talet, har byen stått fram som eit trygt og spennande reisemål. Tema for kveldens foredrag med Joar Hoel Larsen blir «Nord-Irland i krig og fred». Han var mykje i Nord-Irland på 80-tallet og dekka bombing og gravleggingar for NRK, samt sveltestreiken til IRA-aktivistane som ende med at ti ungdommar omkom i fengsel. Han fortel korleis «the Troubles» prega og framleis pregar øya.
    (F, L, M)

    Søndag 14. september – Belfast, Nord-Irland
  • Dag 9: Måndag 15. september – Liverpool

    I løpet av natta har skipet kryssa Irskesjøen og segla inn munningen av elva Mersey. Her har vi heile dagen i land til kvelden. Liverpool er ein storby som har mykje spennande å sjå og oppleve. Vi kan anbefale det maritime museet ved hamna. Det er ein del av National Museums og har mange ulike utstillingar om Liverpool som sjøfartsby. Ingen britisk by var så viktig for sjøfarten som Liverpool frå 1600-talet og heilt fram til våre dagar. På museet er det også ei avdeling om Titanic, som var registrert i Liverpool.

    Frå Liverpool gjekk mykje av handelen sørover til Spania og Portugal, og dei gamle handelsrutene dit. Frå Sør-Spania henta britane Sherry allereie frå 1300-talet, og frå Porto – portvin. Dei same rutene gjekk også vidare til Vest-Afrika, til Amerika og tilbake igjen til England og andre land i Nord-Europa. Denne såkalla trekanthandelen kan vi lære meir om på The Slavery Museum . Dobbelt så mange slaveskip var registrerte i Liverpool enn i nokon annan engelsk hamn, så byen hadde diverre ei svært stor rolle i slavehandelen.

    Beatles-museet ligg også i hamneområdet, og er å anbefale for dei som er musikkinteresserte. Det er i tillegg mogeleg å melde seg på utflukter arrangert av cruiseselskapet (mot tillegg). Beatles blir ein del av temaet for kveldens foredrag: «Liverpool – yeah, yeah, yeah; men også mye, mye mer enn det!».  Det er umogleg å prate om Liverpool utan å nemne det verdskjende bandet, fotball, og for oss nordmenn den norske handelsflåten under krigen og Jon Michelets «Skogsmatros». Eva og Joar tek også opp den mørkare historia til byen, slavehandelen mellom Afrika og Amerika, då Liverpool vart kalla «the Second City of the British Empire». Det blir i tillegg fokus på byens nyare historie om det fantastiske hamnekvarteret som både har vore med på, og vore strøke frå, UNESCO si verdsarvliste på grunn av ei kontroversiell modernisering.

    Vi et middag i hovudrestauranten, eller ein av dei mange andre restaurantane om bord. Kanskje vil ein unne seg noko ekstra og reservere seg plass til Chef’s Table med ein fleire rettars smaksmeny og omvising i byssa (spesialitetsrestaurantar kjem mot tillegg i pris og kan reserverast når ein er komen om bord).
    (F, L, M)

    Måndag 15. september – Liverpool
  • Dag 10: Tysdag 16. september – Til sjøs

    Skipet seglar så ut igjen i Irskesjøen, sør for Isle of Man , som låg under kongen av Norge heilt til 1266.

    Som journalist har Eva hatt mange bokbad og intervjua ein rekke forfattarar. Ho held denne morgonen foredraget «Engelsk litteratur – fra Hamlet til Harry Potter; eller - fra William Shakespeare til J.K. Rowling». Engelsk blir snakka over heile verda. I rundt 70 land er engelsk det offisielle språket, og det er hevda at ca. 1,5 milliardar menneske kan gjere reie for seg på engelsk; som kanskje er grunnen til at det er det litterære verdsspråket.

    Det blir arrangert mange artige aktivitetar rundt om på skipet når vi seglar denne dagen. Ein kan melde seg på alt i frå bingo til handarbeidskurs, yoga eller bridgeturnering. Informasjon om dagens arrangement finn ein på programmet som blir levert til lugaren kvar morgon.

    Vi samlast igjen til middag i hovudrestauranten om kvelden.
    (F, L, M)

    Tysdag 16. september – Til sjøs
  • Dag 11: Onsdag 17. september – Cobh, hamnebyen til Cork

    Denne dagen kan ein oppleve Irland på eiga hand eller melde seg på ekskursjon i regi av cruiseskipet (mot tillegg) til blant anna sentrum av Cork. Byen Cork er på storleik med Trondheim, og er ein veldig triveleg by å tilbringe dagen i. Cork blir ofte kalla den verkelege hovudstaden i Irland, sidan den var så sentral under frigjeringa frå England. Frå 800-talet og i fleire hundre år var Cork også ein viktig handelsstad for vikingane. Nyleg vart det gjort utgravingar ved området der det er planlagt eit vikingsenter, med mange spennande funn.

    Om bord i skipet igjen, får vi foredraget «Irland – fra potetpest til EU-fest». På slutten av 1840-talet slo avlingar feil. Hungersnauda som følgde kan ha kosta meir enn ein million irske liv. Omtrent like mange som utvandra til USA. Irland var den gong ein britisk koloni og hatet mot London var intenst. I 1922 vart dei uavhengige, og i 1972 stemte britane for å slutte seg til EEC, som det hette den gongen. I dag vert utviklinga i Irland rekna som ein av EU sine største suksesshistorier og ikkje i noko anna medlemsland er EU så populært som i Irland. I foredraget vil Eva og Joar i tillegg spe på med anekdotar om Guinnes-rekordbok og IRA, om trekløverens tyding og om kva ein leprechaun er.

    Avgang frå Cobh om kvelden. Etter middag i ein av restaurantane set skipet kurs mot søraust i retning Isles of Scilly.
    (F, L, M)

    Onsdag 17. september – Cobh, hamnebyen til Cork
  • Dag 12: Torsdag 18. september – St. Mary’s, Scillyøyane

    Tidleg denne morgonen er vi framme ved St. Mary’s, den største av Scilly-øyane. Desse øyane med sine kritkvite sandstrender og behagelege klima langt ute i det keltiske havet, er heilt spesielle både når det gjeld natur og historie. Det blir transport med tender frå båten til land.

    Det er ikkje mange nordmenn som reiser til Scilly-øyane no til dags, men Syllingane, som dei heitte på norrønt, var velkjende for nordbuarar i vikingtida. I følgje Snorre møtte Olav Tryggvason i år 986 ein spåmann der: «Då Olav Tryggvason låg ved Syllingane, fekk han høyre at det var ein spåmann der på øya som kunne sjå ting som skulle hende, og mange meinte at det gjekk ofte som han sa.» Spåmannen sa til Olav: «Du skal bli ein stor konge og utrette store ting. Du skal omvende mange menneske til trua og dåpen, og med dette skal du hjelpe både deg sjølv og mange andre.»

    Cruiseselskapet tilbyr ekskursjonar på øyane (mot tillegg). Vi sender ut informasjon om desse i god tid. Dei som ikkje skal på ekskursjon, har god tid til å rusle rundt i St. Mary, ta ein tur på pub eller besøke ein av dei små koselege butikkane i byen. Her er det også fint å leige seg syklar for å sjå seg rundt.

    Etter ein dag i land møtest vi til dagens foredrag av Eva og Joar. I kveld er temaet «En vakker dag kommer solen til å gå ned over det britiske imperium». Sola held koken, men det britiske imperium er ikkje lengre det det har vore. I åra som er gått har dei mista både USA, Canada, Australia og Sør-Afrika i tillegg til India, Pakistan og Bangladesh. No er det «berre» småtteri igjen som Gibraltar, Falklandsøyane og Pitcairn, samt nokre Jomfruøyar, St. Helena og Cayman-øyane. I tillegg kjem Guernsey og Jersey, altså Syllingane. Eva og Joar vil utdjupe korleis det står til med «det store» imperiet.

    Når skipet lettar anker, er vi klare for fellesmiddag på restauranten om bord der vi har vår eigen seksjon. Ein kan også velje å ete på ein av dei andre restaurantane på skipet.
    (F, L, M)

    Torsdag 18. september – St. Mary’s, Scillyøyane
  • Dag 13: Fredag 19. september - Til sjøs

    Denne dagen får vi siste foredrag for turen. Eva og Joar vil takke for seg med ei oppsummering av det vi har opplevd og høyrt om på turen, samt gi eit nostalgisk tilbakeblikk på 60-talet og britanes rolle i det pop-kulturelle ungdomsopprøret. Foredraget i dag heiter «Those were the Days...». Det blir Beatles og Canaby Street, Mary Quant og Twiggie, langt hår og korte skjørt. Korleis klarte britane å dominere verdas pop- og ungdomskultur? Også må vi sjølvsagt synge songen som gjor Mary Hopkins berømt.

    Denne dagen seglar vi gjennom heile den engelske kanalen, og er vi heldige ser vi “The White Cliffs of Dover”, der kanalen er på sitt smalaste. Vi nytter siste sjanse til å ligge på dekk eller prøve båten sine mange fasilitetar. 
    (F, L, M)

  • Dag 14: Laurdag 20. september - Vi mønstrar av

    Når vi står opp siste dagen på tur har båten ankra opp i Themsen. Dei som har bestilt turen med fly til sine destinasjonar samlast i kvar sine bussar. Flytider kjem seinare. Vi seier farvel til forelesarane våre og nye venner vi har fått på på turen.
    (F)

  • OM SKIPET: Ambience

    Vi seglar med skipet Ambience. Det har 789 gjestelugarar med senger til 1400 passasjerar. Det vart bygd i 1991 med siste oppussing i 2022, og har 11 gjestedekk og 9 heisar. Om bord finn vi noko for ein kvar smak både i restaurantar, barar, salongar og underhaldning. Det er kasino, butikkar, diskotek, handverksrom, bibliotek, treningssenter og spa-avdeling.

    Ein god del av passasjerane reiser med Fotefar. Vi blir mange som reiser for å sjå denne fantastiske reiseruta og høyre foredraga saman.

    Viktig informasjon:

    På havcruise er vi usett for vêr og andre uforutsette hendingar. Skulle noko oppstå, reserverer reiarlaget seg retten til å endre seglingsrute, tider og program. Det blir ikkje gitt refusjon for slike endringar i programmet.

    Her ser du dekkplanen:

    Ambience

Kart

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
7/9BergenAmbienceMeir enn 834 950,-BestillMer informasjon
7/9OsloAmbienceMeir enn 834 950,-BestillMer informasjon
7/9StavangerAmbience534 950,-BestillMer informasjon
7/9TrondheimAmbience534 950,-BestillMer informasjon
7/9Hotell i LondonAmbience
Utan flyreise inkludert
Meir enn 832 790,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo