
27. - 31. august 2025.
Velkommen med på ein tur full av musikk og musikkhistorie – frå irsk tradisjonsmusikk til rock og pop. Vi startar kvar dag med Bård Ose sine kåseri på hotellet, der han fortel historier og anekdotar om Thin Lizzy, Van Morrison, Rory Gallagher og U2 og andre irske musikarar. Bård har blant anna skrive bøker om Vinskvetten, The Beatles, The Rolling Stones og vore medforfattar av Norsk pop & rock leksikon. Han er ein av programleiarane for radioprogramma P.I.L.S og Radio Rock som går på NRK P1, samt programleiar for Ren 60 og Gammelnorsk på NRK P1+.
Vi besøkjer sjølvsagt det berømte området Temple Bar. Det blir pub til pub-runde med den beste irske tradisjonsmusikken og besøk på Irish Rock ‘N’ Roll Museum. Eit anna høgdepunkt er besøket på legendariske Windmill Lane Studios, der fleire store stjerner har spelt inn plater. Velkommen med på ein unik tur stappfull av store musikkopplevingar!