5. - 15. august 2025.
Vi er glade for å kunne presentere ein skikkeleg cowboytur til den ville vesten. Dette er ein ekte roadtrip gjennom statane Colorado, Nebraska, Sør-Dakota, Wyoming og Montana, der nokre av høgdepunkta blir:
- Oppleving i Pine Ridge-reservatet og møte med folk frå Oglala-stammen
- Wounded Knee, der ein av dei verste massakrane av Sioux-folket fann stad
- Badlands nasjonalpark
- Mount Rushmore med dei fire presidentane utskorne i fjell
- Crazy Horse-monumentet
- Sioux-folket sitt heilage område i Black Hills
- Landsbyen Sundance, gjort kjend av The Sundance Kid
- Landemerket Devil’s Tower
- Overnatting på westernhotellet The Occidental, der Butch Cassidy har overnatta
- Little Big Horn, slaget der general Custer døydde
- Rodeo i cowboybyen Cody
- Overnatting på Irma Hotel bygd av Buffalo Bill
- Yellowstone National Park
Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen er reiseleiarar på turen. Eva har tidlegare vore korrespondent i USA og har skrive fleire bøker om landet. Joar har lang fartstid som USA-kjennar og journalist. Han har skrive fleire bøker, blant anna “Cowboyer i amerikansk politikk frå Davy Crocket til George W. Bush”. Ekteparet har reist mykje i området der turen vår går. Dei vil fortelje historier og anekdotar om dei kjende namna frå western-historia som Sitting Bull, Jesse James, Wyatt Earp, Annie Oakley Buffalo Bill, general Custer, Calamity Jane, Wild Bill Hickok og mange andre.
Vi kan love ein eineståande tur til eit av dei mest spennande områda i USA. På første delen av turen kjem vi nær innpå samfunnet, kulturen og historia til Siouxane. Her blir det både omvising på ein av ungdomsskulane deira og på colleget i reservatet. På veg vestover møter vi byar som har vore sentrale i westernhistoria og i ei mengd filmar og seriar. Her finn vi blant anna opptaksstaden til serien «Den ville vesten» som var så populær i Norge på 80-talet. Velkommen med på ein skikkeleg ville vesten tur!