16. - 20. juni 2025.
På denne turen møter vi Edvard Hoem på heimebane. Han er ein av dei aller fremste forfattarane i Norge i dag, og i tillegg er han ein sjeldan god formidlar. Kvar dag vil han halde foredrag om romanane sine som er baserte på verkelege personar og hendingar. Desse familiekrønikene hans frå Romsdal har gjort Hoem til ein særs populær og folkekjær diktar.
Under opphaldet får vi guida turar med Edvard Hoem rundt om i vakre Romsdal. Vi spaserer til Rekneslia der oldefar hans, «slåttekaren i himmelen”, hadde heimen sin. Elles besøkjer vi stader som diktarheimen hans på Hoem, skulen han gjekk på og bedehuset som bestefaren ivra for å få bygt. Vidare skal vi kikke på kyrkjene Vågøy og Veøy, som er sentrale i bøkene hans. Vi får busstur til Kristiansund og Smedvika der felemakaren, Lars Olsen Hoem, hadde heimen sin. På denne rundturen i skiftande landskap køyrer vi tilbake over Atlanterhavsvegen til Hustad og Bud.
Edvard Hoem har skrive ein stor biografi om Bjørnstjerne Bjørnson, og vi legg opp til ein busstur til Nesset prestegard i Eidsvåg der Bjørnson voks opp.
Fotefar er elles glade for å tilby ein flott konsert med Edvard Hoem og dottera Ine Kristine Hoem i Vågøy kyrkje.
Vi bur sentralt på eit godt hotell i “Rosenes by”.