16. - 20. august 2025.
Velkomen til ein spennande og innhaldsrik tur til Shetland saman med strikkeentusiast Magni Flyum. Mange kjenner henne som MagFly i sosiale media. Ho har omsett fleire strikkebøker, bygd opp strikkefestival og designa mange strikkeplagg. No har du sjansen til å bli med henne på ei reise til denne vakre øygruppa vest i havet. Særskilt for reisegruppa har Magi designa eit eige mønster på fingervottar, og i tillegg får vi besøke garnprodusenten Jamieson & Smith for å plukke oss ut eigne fargar til garnpakke.
Shetland består av 100 øyar og har lange tradisjonar for sauedrift og ull. Øyane har derfor ei rik historie med strikking, som har vore ein sentral del av kulturen deira i fleire hundre år. Strikkinga på Shetland starta som heimeindustri, der familiane laga klede til eige bruk og til handel. Shetlandsull er særleg kjend for å vere mjuk og gje tynt garn og er perfekt for alt frå lette sjal til tette genserar.
I tillegg til å sette av god tid til strikking på turen, får vi med oss mykje av historia på Shetland. Folket på øya har sterke band til Norge og Skandinavia heilt frå vikingane invaderte øyane for meir enn 1000 år sidan. Under 2. verdskrig var mange nordmenn involvert i den såkalla Shetlandstrafikken, og dei vart tekne godt imot av folka på Shetland. På denne spennande turen møter vi også eit gjestfritt folk i vakre omgjevnader.