6. - 10. november 2025.
Det er det store jubileumsåret for Roma, og Fotefar har på nytt gleda av å invitere til spennande dagar i vakre Roma, byen som vert kalla «Den evige stad». Det blir forelesingar med den dugande italienske kunsthistorikaren Paola Burigana Graff som har mastergrad i kunsthistorie og i museumsstudiar, i tillegg til brei erfaring i kunstformidling. Mange kjenner ho både frå Universitetet i Oslo, Det italienske kulturinstituttet eller frå Nationalmuseet.
Vi får også med oss ein lokal skandinavisktalande guide på sentrale attraksjonar som Vatikanet og Peterskyrkja, i tillegg vil du få høve til å vitje byen Tivoli med Hadrians Villa og Villa d’Este.
Roma er som eit 2800 år gammalt museum, og dette er byens unike sjarm. Byen har sida 1600-talet vore ein obligatorisk stoppestad i danningsreisa «Grand Tour». Både innan- og utandørs finn vi oldtidsmonument, kunstskattar og tidlaus arkitektur. Med religiøst hjarte og historisk sjel, forfører og inspirerer byen stadig folk på besøk. Michelangelo, Rafael, Caravaggio, Bernini og mange andre kunstnarar frå ulike delar av Italia og Europa har blomstra i Roma. Dei har dekorert byen med meisterverk i målarkunst, skulptur og arkitektur.
Bli med oss på innhaldsrike dagar i Roma, der det også vil bli tid til å senke tempoet, vandre i gatene, ta ein espresso, ein gelato eller eit glas vin og berre sjå på folkelivet og nyte atmosfæren i denne vakre byen.