Skip to main content

Kerala - Der peparen gror!

16. - 29. januar 2025.

Fjell, åsar, frodige te-plantasjar og duftande krydder! Bli med Fotefar på denne eksklusive turen til Kerala, ein stat sørvest i India. Her skal vi møte menneska, sjå det vakre landskapet og oppleve kulturen. I tillegg får vi med oss alt frå dei nydelege strendene til dei mystiske skogane, og elles oppleve dei fargerike kulturfestivalane, ta ein båttur på rolege kanalar og nyte den utsøkte lokale maten.  

Vi reiser saman med Slomo George Sandvik, som er busett i Norge, men opphavleg frå Kerela. Han driv reiseklubben Travel and Learn saman med mannen sin, og har i lengre tid teke med seg reiseglade og eventyrlystne nordmenn til heimlandet sitt. Kerala er ein ypparleg stad for å bli kjend med ein fargerik kultur i usedvanleg vakre omgjevnader. Soga seier at uansett kvar ein leitar, finn ein aldri ein grønare, vakrare og meir fredfull stad enn i Kerala! Staten går også under namnet ”Guds eige land”. 

Velkomen med på tur til Kerala – der naturen smiler og eventyret aldri tek slutt! 

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 16. januar - Utreise Norge - India

    Det blir fly frå Oslo til byen Kochi, med ei mellomlanding undervegs. Måltid er inkludert på flyreisa. Vi landar på  Kochi internasjonale flyplass, den einaste flyplassen i verda som berre nyttar solenergi som energikjelde.  
    (Måltid på flyet)

  • Dag 2: Fredag 17. januar - Paniyeli Poru, kvile, sol og varme

    Vi er framme i Kochi om morgonen, der bussen vår ventar for å køyre oss til det 4-stjerners hotellet i idylliske Paniyeli Poru. Denne landsbyen ligg omkransa av tett skog og grøne åsar og er ein mykje brukt stad for rekreasjon. Her kan ein oppleve stille stunder ved elvebreidda, lytte til lyden av rennande vatn og fuglesong. Området rundt Paniyeli Poru har også eit rikt dyreliv, og ein kan sjå mange ulike fugleartar og dyr. 

    Etter ei tidleg innsjekking brukar vi dagen til å slappe av og nyte fasilitetane hotellet har å by på. Kanskje nokon vil ta seg eit bad i bassenget?  

    Om ettermiddagen, når temperaturane blir litt kjølegare, legg vi opp til ei kort vandring gjennom landsbyen til eit området ved elvebreidda av Periyar. I denne delen av elva møtest mange små fossar som snirklar seg over eit steinete terreng. Dersom straumen i elva er gunstig, kan den som vil ta seg eit bad.  

    Vi spaserer tilbake til hotellet, for ein velkomstdrink og felles middag.
    (Måltid på flyet, M) 

     

  • Dag 3: Laurdag 18. januar - Byen Munnar og teproduksjon

    Etter frukost sjekkar vi ut frå hotellet og køyrer opp i høgda til Munnar. Denne byen ligg om lag 1600 m.o.h. og er omringa av vakre te-plantasjar og grøne frodige fjell. Namnet Munnar tyder "tre elvar", og viser truleg til plasseringa der dei tre elvane Mudhirapuzha, Nallathanni og Kundaly møtest.  

    Framme i Munnar skal vi få lære om te-produksjon, som er ein viktig del av India sitt landbruk. Når vi køyrer oppover mot fjella, ser vi te-plantasjar så langt auga rekk. Teen i Kerala er ofte dyrka på store plantasjar, der arbeidet med å plukka teblada kan vere ei krevjande oppgåve. Det er ofte kvinnene som arbeider på plantasjane, og plukkinga er ein sentral del av prosessen. Teblada blir plukka for hand, og kvar bladsamling krev nøyaktigheit for å sikre at berre dei beste blada vert brukte. Produksjonsprosessen i Kerala følgjer tradisjonelle metodar som har vore nytta i fleire generasjonar. Etter innhaustinga vert teblada tørka, oksiderte, rulla og til slutt pakka for sal.  

    Kerala produserer hovudsakleg svart te, men også grøn te og kvit te vert produserte i mindre omfang. Smaken av teen frå Kerala er kjend for å vera rik og fyldig, med ein unik aroma som reflekterer dei spesielle vekstforholda i regionen. 

    Vi går rundt på te-plantasjane, for så å besøke fabrikken for å lære nøyaktig korleis teblada blir behandla til den teen vi får som eit pakka produkt. I Munnar kan du finne nokre av dei høgstliggande te-plantasjane i verda. Lunsj undervegs denne dagen. 

    Om ettermiddagen sjekkar vi inn på hotellet vårt i Munnar, eit hotell som ligg oppe i åssida midt mellom te-plantasjar. Denne kvelden et vi felles middag i hotellrestauranten og det på terrassen under open himmel.
    (F, L, M)

     

    Laurdag 18. januar - Byen Munnar og teproduksjon
  • Dag 4: Søndag 19. januar - Livet på en teplantasje

    Etter frukost skal vi følgje «Tea Trail» og lære om arbeidet på ein te-plantasje. For dei som har sett TV-serien «Indiske somre», er dette der engelskmennene søkte tilflukt frå varmen. I ein bungalow på plantasjen skal vi ha te-smaking, og vi får ein tradisjonell lunsj. Det er familien som eig bungalowen som lagar og serverer maten til oss.

    Tilbake på hotellet er det felles middag om kvelden.
    (F, L, M) 

     

  • Dag 5: Måndag 20. januar - Der peparen gror!

    I dag dreg vi rett og slett dit peparen gror! Kerala, kjend som “Krydderhagen,” er berømt for det rikhaldige utvalet av krydder. Her blir det dyrka både pepar, kardemomme, kanel, ingefær, muskatnøtt, gurkemeie og mykje anna. Det tropiske klimaet og den fruktbare jorda i Kerala gjer det ideelt for krydderdyrking. Krydder har også spelt ei stor og sentral rolle i regionen gjennom fleire hundre år. Slomo, som har mykje kunnskap om indiske krydder og mat, vil introdusere oss for dei ulike kryddera. Her vil det også vere høve til å kjøpe med seg svært gode økologiske produkt.  På krydderplantasjen et vi lunsj med tradisjonelle og heimelaga rettar.

    Om ettermiddagen sjekkar vi inn på hotellet vårt, Spice Village (1 natt), og dei som vil, kan bli med Slomo på ein spasertur i området rundt hotellet. Eller kanskje du berre vil nyte litt tid ved bassengkanten?  

    Felles middag om kvelden.
    (F, L, M)  

     

  • Dag 6: Tysdag 21. januar - Ombord på husbåt

    Etter ein god frukost, sjekkar vi ut frå hotellet og skal få oppleve folkelivet langs vegane på landsbygda i Kerala! Trafikken på indiske vegar kan opplevast som kaotisk og litt skremmande, men dette kaoset er svært godt organisert.

    I byen Alapuzha, også kjend som «Alleppey», skal vi gå om bord i dei eksklusive husbåtane. Vi skal på ei ugløymeleg reise for å utforske livet i Kerala sine “backwaters”, som er ei ferd gjennom hjartet av Kerala sin kultur og tradisjonar! Husbåtane er ombygde risfraktebåtar (Kettuvallam) med eigen kokk, servitør og kaptein. Kvar båt har 1-3 doble lugarar med aircondition og eige bad, så vi har fleire båtar som seglar innover dette nettverket av innsjøar, kanalar og vassvegar.

    "Backwaters" i Kerala, kjent som "bakvatn" på norsk, er eit unikt nettverk av stille kanalar, innsjøar, elver og brakkvatn som strekker seg langs den sørvestlege kysten av India. Dette systemet av vassvegar er eit av dei mest karakteristiske landskapa i Kerala. Bakvatna er ei blanding av ferskvatn frå elver som renn ut i Arabiahavet og sjøvatn frå tidevatn. Desse vatna ligg parallelt med kystlinja og strekker seg innover i landet, omgitt av frodige rismarker, palmelundar, små landsbyar og tett skog. Området er ein livsnerve for mange av dei som bur her, og det gir grunnlag for jordbruk, fiske og transport. 

    Alle måltid vert laga og servert om bord. Vi skal nyte to netter om bord på husbåten.
    (F, L, M) 

     

    Tysdag 21. januar - Ombord på husbåt
  • Dag 7: Onsdag 22. januar - Nyt det harmoniske livet i Kerela

    I dag kan vi besøke lokale landsbyar, spasere gjennom rismarker og kanskje nyte ein lokal kano-/båttur, alt etter kva ein sjølv ønsker.

    Husbåtcruise er ei heilt spesiell oppleving og National Geographic har kåra dette til ein unik båttur for livet. Erfaringa kan ikkje skildrast med ord, berre opplevast!
    (F, L, M)  

     

  • Dag 8: Torsdag 23. januar - Eit lite paradis

    Etter frukost om bord sjekkar vi ut av husbåten og køyrer til den vesle byen Kumarakom, om ligg ved breidda av den vakre innsjøen Vembanad. Eitt av dei mest kjende trekkplastera i Kumarakom er fuglereservatet, Kumarakom Bird Sanctuary. I området kan ein sjå eit breitt spekter av fuglar, inkludert trekkfuglar som kjem frå så langt unna som frå Sibir. Her kan ein gå på turstiar gjennom mangroveskog og våtmarker og sjå fuglearter som stork, hegre og kingfisher. Området er også kjent for lokalt handverk og den landlege livsstilen.

    Vi nyt dagen på det eksotiske hotellet vårt og spa-resorten, Coconut Lagoon Resort (3 netter). Gjestene som har vore med Slomo hit, har kalla denne resorten «eit stykke paradis». Å vere her er ei unik, vakker og fredfull oppleving. La deg bli skjemd bort med god mat, varme og sol, i tillegg til forfriskande massasje. Ei ayurvedisk massasje per person er inkludert (må tingast på førehand). 

    Det vert servert både lunsj og middag på Coconut Lagoon Resort.
    (F, L, M) 

     

    Torsdag 23. januar - Eit lite paradis
  • Dag 9 og 10: Fredag 24. og laurdag 25. januar - Rolege dagar på Coconut Lagoon Resort

    På Coconut Lagoon Resort kan ein verkeleg lade batteria. Det er mange aktivitetar ein kan delta på desse dagane, så snakk med reiseleiar om dette. Ein kan til dømes gjere yoga, besøke ein hage full av  sommarfuglar, gå på vandreturar, ta ein tur i fugleparken Kumarakom Bird Sanctuary eller vere med på matlagingskurs. Sjølvsagt kan ein også nyte tida ved det vakre bassenget på resorten.  
    (F, L, M)

  • Dag 11: Søndag 26.januar - Handverk og tradisjon

    I dag tek vi buss til Poothotta, eit lite øysamfunn der vi får ein guida kanotur på smale kanalar i delvis urørt natur. Vi vil få eit innblikk i kvardagslivet og dei daglege aktivitetane for menneska som bur her. Blant anna er kokosproduksjon ein av dei viktigaste næringane i dette området, og er viktig for økonomien til dei som bur her. Kokosnøttene vert brukte til ei rekke formål, inkludert matlaging, produksjon av kokosolje og framstilling av kokosfiber, som vert nytta til å lage tau, matter og andre handverksprodukt.

    Vi får lunsj på ein lokal bondegard, der vi nyt dagens fangst servert på palmeblad.

    Etter lunsj køyrer vi til Kochi og har innsjekking på eit 4-stjerners hotell (3 netter). Om kvelden køyrer vi “tuk-tuk” til eit lokalt hindutempel, og besøker CVN Kalari som er ein tradisjonell skule for kampsport. Her skal vi sjå ei form for kampsport som skal vere forgjengar til “kung-fu”.
    (F, L, M)  

     

    Søndag 26.januar - Handverk og tradisjon
  • Dag 12: Måndag 27. januar - Kochi og livet på landsbygda

    Denne dagen startar vi med ein kort guida tur i Kochi (ei blanding av fotturar og buss). Vi besøker det lokale og tradisjonelle vaskeriet, før vi dreg til øylandsbyen Kumbalanghi, som er ein bydel i Kochi. Her får vi lære litt om matlaging, og deretter blir det lunsj.  

    I Kumbalanghi vil vi oppleve landsbytradisjonar som taktekking og spinning av reip av kokosnøtt. Seinare køyrer vi tilbake til hotellet. På ettermiddagen legg vi opp til å kunne bruke litt tid på eiga hand i byen.

    Om kvelden kan du velje å ete middag på eiga hand, eller du kan bli med Slomo ut for å ete på ein lokal restaurant (ikkje inkludert).
    (F, L) 

     

  • Dag 13: Tysdag 28. januar - Lokal handel, det tradisjonelle og det moderne Kerala

    Denne dagen skal vi bli betre kjende med dei lokale produkta. Vi besøker den lokale fiske-, grønsaks- og kryddermarknaden. Her kan du få kjøpe dei beste kryddera til same pris som lokalbefolkninga. Etterpå nyttar vi ein god del tid på  «Lulu Mall», som er det største kjøpesenteret i Kerala. Det har eit enormt utval av kle, sko og mange andre varer til gode prisar. Det finst elles fleire moglegheiter for lunsj der. Reitan-familien besøkte nyleg kjøpesenteret for å studere løyndomen bak suksessen deira. 

    Resten av dagen er det tid på eiga hand, og om kvelden møtest vi til avskjedsmiddag. Vi har tilgang på romma heilt til vi dreg til flyplassen litt før midnatt. 
    (F, M) 

     

  • Dag 14: Onsdag 29. januar - Heimreise

    I tidlege nattetimar går flyet vårt frå Kochi heim til Norge, inkludert ei mellomlanding.  
    (Måltid om bord på flyet)

Kart

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
16/1OsloKeralaMeir enn 854 950,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo