26. mai - 1. juni 2025.
Eit besøk til Færøyane er ei fantastisk oppleving. Bli med TV-profil og Vesterled-entusiast
Dag Lindebjerg på ein innhaldsrik tur til våre naboar i vest. Dag er journalist frå Bergen og har i mange år vore programleiar både i radio og TV. Etter NRK-serien han laga frå Vesterhavsøyane, ville han gjerne tilbake dit. Han vart kjentmann for grupper av nordmenn som ville over, og mange har hatt glede av å vere med han på kjekke reiser. No kan det vere din tur! Med sin engasjerande formidlarstil deler Dag raust av sine store kunnskapar om geografien, historia og folket.
Den storslegne naturen på Færøyane er ei av årsakene til at National Geographic tidlegare har kåra Færøyane til det beste reisemålet av alle øyar i verda. Landet med knapt 50 000 innbyggarar har også meir enn særeigen natur å by på. Folka på Færøyane er opne og hyggelege, og dei har ei spennande historie og eit rikt kulturliv.
Historia til Færøyane er sterkt knytt til Norge, då det lenge var ein del av Norgesveldet. Vår eigen Kong Sverre voks opp her, og vi skal blant anna besøke garden han kom ifrå, Kirkjubøur. Færøyane som består av 18 øyar, er «toppen» av ei undersjøisk fjellkjede. Slættaratindur med sine 880 m.o.h. er det høgste av fjella og eit av turmåla våre denne veka. Vi skal også besøke små bygder som Gjogv, Gasadalur og Gøta, og vi skal bli kjende med den spennande hovudstaden Tórshavn.