
19. - 24. august 2025.
Passau - Melk - Dürnstein - Wien - Esztergom - Budapest.
Donau er den store pulsåra i den sentraleuropeiske historia og kulturen heilt frå oldtida til i dag. På turen på denne mektige elva tek historikar Terje Tvedt oss med på ei reise i historia frå Romartida til det osmanske riket og fram til den industrielle revolusjonen då vassvegane vart så sentrale.
Elvebåten tek oss med til seks byar og tre land – Tyskland, Austerrike og Ungarn. Cruiset startar i Passau i Tyskland og går så til Melk, Durnstein og Wien i Austerrike. Deretter seglar vi vidare til Esztergom og Budapest i Ungarn. På vegen får vi oppleve det storslegne Schönbrunn-palasset og den vakre Wachau-dalen som er på UNESCO si verdsarvsliste. I tillegg får vi sjå Dürnstein-slottet som ligg i området som mange reknar som det vakraste langs Donau med sine skogkledde åsar, frukthagar, småe landsbyar, vinmarker og kloster. Høgdepunkta blir likevel kanskje dei to gamle kulturbyane og hovudstadene, Wien og Budapest.
Tvedt er velkjend som forskar og formidlar, og bøkene hans om verdshistoria, vassvegane og Nilen har vorte bestseljarar i Norge og i utlandet. Han har også produsert og vore programleiar for fleire TV-dokumentarar om verdshistoria og vassvegane som er blitt viste over heile kloden. I 2023 kom boka hans Historiens hjul og vannets makt. Da England og Europa vant, og Kina og Asia tapte. Vi gler oss til å høyre meir om denne delen av historia på turen.
På elvecruiset vårt bur vi svært godt på MS Modigliani, ein hyggeleg elvebåt med 78 lugarar som alle er utvendige. Lugarane har bad med dusj, hårtørkar, TV, safe og aircondition. Alle måltida om bord med nydeleg mat og drikke er inkluderte. Vi har heile båten berre for Fotefar, så dette blir ei unik oppleving med lærerike forelesingar frå ein av våre mest spennande historikarar.