
22. - 28. september 2025.
Velkomen med på ein spennande rundtur på den grøne øya i vest. Vi er så heldige å ha med den norsk-skotske forfattaren Kirsti MacDonald Jareg som fagguide. Ho er kjend for fleire reiseskildringar om dei nordatlantiske øyane og har blant skrive boka Irland – ei keltisk reise. I tillegg til å vere forfattar, er ho utdanna psykolog og sosialantropolog.
På turen til Irland blir vi møtt av frodige dalar, stille innsjøar, vakker kyst, pittoreske landsbyar og arkeologiske funn. Vi skal besøke Belfast, hovudstaden i Nord-Irland, ein by med ei rik historie som går heilt tilbake til vikingtida. Belfast er også sterkt prega av konflikten her heilt frå 1960-talet og fram til seint på 90-talet. Dette var ei striden mellom katolikkane og protestane, som vi kjenner som "The Troubles". I tillegg skal vi til den vakre byen Derry, som ofte blir kalla for Londonderry. Byen ligg ved elva Fole og er kjend for dei flotte bymurane og for det livlege kulturlivet. Vi skal sjølvsagt også besøke den Irske hovudstaden Dublin, som har alt ein turist ønsker seg i ein storby.
På denne turen får vi oppleve attraksjonar som Book of Kells, Old Bushmills Distillery og Titanic-museet. I tillegg besøker vi to av tre UNESCO verdsarvstader i Irland og Nord-Irland, nemleg Newgrange og Giants Causeway.
Musikken har ein sterk plass i den irske folkesjela. På turen får vi oppleve både folke- og tradisjonsmusikk på pubar og under middagar.