2. - 8. november 2025.
Bli med oss på vandretur på Azorane, og opplev det særeigne landskapet med dramatiske vulkanformasjonar, frodige dalar og imponerande utsiktspunkt. Øygruppa ligg ute i Atlanterhavet og byr på opplevingar utanom det vanlege. Gjennom historia har Azorane vore eit viktig knutepunkt for skipsfarten mellom Europa og Amerika, og mange norske sjøfolk har besøkt øyane for å skaffe forsyningar og reparere båtane. Under andre verdskrig spelte Azorane ei særs viktig rolle som strategisk base for dei allierte styrkane. Mange nordmenn var ein del av dei allierte konvoiane som kryssa Atlanterhavet og nytta øya som ein trygg tilfluktsstad.
Azorane har mykje å by på når det gjeld historie, natur og kultur. Øygruppa er kjend for sitt vulkansk opphav, og under vandringane våre vil vi oppleve imponerande formasjonar som Caldeira Velha og Sete Cidades - to massive krater fylte med krystallklare innsjøar. Desse dannar ei spektakulær scene for dei daglege utfluktene våre.
Vi flyr til São Miguel, den største av øyane på Azorane, og skal bu på eit flott hotell i hovudstaden Ponta Delgada.