
9. - 13. august 2025.
Shetland er eit fantastisk reisemål for dei som likar vandreturar, med sitt opne, grøne landskap, rike fugle- og dyreliv og dramatiske klipper. Vi startar turen med direktefly frå Bergen til Shetland, der vi skal bu i historiske omgjevnader på Sumburgh Hotel. Det er kjent for den historiske og sjarmerande atmosfære. Vi bur midt blant kulturminne som Jarlshof og utgravingane på Scatness.
Øysamfunnet har sterke band til Norge. Heilt frå vikingane kom hit på slutten av 800-talet og etablerte seg her med eigne lover og språk, har det vore sterke band mellom nordmenn og folket på Shetland. Under andre verdskrig vart desse banda knytte endå tettare saman. Framleis er vi populære gjester her borte.
Vandreturane er om lag 2-5 timar i relativt lett terreng dei fleste dagane. Dei er klassifiserast som relativt lette til middels tunge. Nokre av dei går på umerka stiar i litt ujamt terreng.