
16. - 23. oktober 2025.
Er du glad i vandring og aktiv ferie? Ta ein pause frå den norske hausten og bli med Fotefar til Kreta på vandretur! Her får du i tillegg til sol og varme oppleve det autentiske Kreta med vakker natur, nydeleg mat og landsbyar med historisk sus. Det blir spennande fotturar med vår dugande lokalguide og reiseleiar frå Fotefar. Vandreturane varierer mellom 5 til 7 kilometer og vi går i roleg tempo på gode stiar gjennom eit skiftande og frodig landskap. Gode sko med solide solar er nødvendig, og stavar kan vere ei god støtte.
Elles blir det tid til å oppleve øya i sitt eige tempo, senke skuldrane og kose seg under den greske sola.
Vi bur i Agia Marina, like i utkanten av den tradisjonsrike byen Chania, som mange meiner er den vakraste på Kreta. Byen har ei spennande historie, ein rik kulturarv og ein pittoresk atmosfære som har tiltrekt reisande i lange tider. Vi bur godt på Thalassa Beach Resort, eit svært populært 4-stjerners hotell berre for vaksne. Hotellet ligg like ved stranda og har fleire fasilitetar som spa-avdeling med ulike behandlingar, innandørs og utandørs symjebasseng, gym, bar og restaurant.