Skip to main content

Den store reisa til Portugal med Erika Fatland

Lisboa – Coimbra – Porto

 9. - 15. september 2025. 

Velkommen med på ei fantastisk spennande reise gjennom Portugals rike historie saman med forfattar Erika Fatland! På turen vil ho gi oss djupare innsikt i korleis Portugal bygde opp det store imperiet sitt. Med Erika si nye bok Sjøfareren som utgangspunkt, får vi høyre om dei portugisiske sjøfararane, som Henrik Sjøfararen og Vasco da Gama, som endra verdshistoria, og kva spor desse ekspedisjonane har etterlate seg.

Turen startar i Lisboa, der vi skal utforske Belém. Dette er ein bydel rik på minnesmerke frå Portugals gullalder som sjøfartsnasjon. Frå Lisboa Undervegs får vi og høve til å besøke den tradisjonsrike vingarden Sanguinhal Estate, der vi blir kjende med portugisisk vinproduksjon i vakre omgjevnader. Vidare går turen nordover til Coimbra, kjend for sitt gamle universitet og sin rike kulturarv, før vi endar i Porto, der den verdskjende portvinen har sitt opphav. Her skal vi vandre gjennom den vakre gamlebyen, som har vore på UNESCO si verdsarvliste sidan 1996. Desse stadene byr på ein fascinerande kombinasjon av mellomalderarkitektur og levande tradisjonar med lang historie, som vil gi oss eit unikt innblikk i den portugisiske nasjonen sine røter.

Dette er ei svært innhaldsrik reise gjennom kultur, historie og landskap, som blir toppa med spennande foredrag av Erika Fatland i møte med lokal kultur, arkitektur, lokal mat og menneske. Erika si nye bok,  Sjøfareren, som kom ut no i haust, tek for seg den rike historia til det portugisiske imperiet. Boka har fått  veldig god omtale!

Vi bur på 4-stjerners hotell og reiser komfortabelt med buss mellom byane.

Søk

Bildegalleri

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Tysdag 9. september – Velkomen til Lisboa

    Avreise frå Oslo og Bergen om ettermiddagen. Når vi kjem fram til Lisboa, sjekkar vi inn på hotellet vårt. Vi bur på eit fint 4-stjerners hotell som er sentralt plassert i forhold til hovudattraksjonane i byen og ideelt for dei som ønsker å utforske byen på eiga hand.

  • Dag 2: Onsdag 10. september – Belém og den gyldne alder for oppdagingar

    Vi startar dagen med ein god frukost før Erika Fatland held det første foredraget sitt: Et imperium blir til: Frå Henrik Sjøfareren til Vasco da Gama. Her får vi høyre om korleis Portugal blei ei verdsmakt gjennom oppdagingsreisene.

    Etter foredraget køyrer vi med buss til Belém og besøker det imponerande Jerónimos-klosteret. Etterpå nyt vi dei verdskjende pastéis de Belém, før bussen tek oss vidare til det unike Karetmuseet, der vi også får god tid til lunsj på eigen hand. 

    Vi køyrer vidare til Oppdagingsmonumentet, reist i 1960 for å markere 500-årsjubileet for Henrik Sjøfarerens død, og til det ikoniske Belém-tårnet, begge symbol på Portugal si stordomstid som sjøfartsnasjon.  

    Tidleg på ettermiddagen returnerer vi til hotellet og har litt tid på eiga hand før vi gjer oss klare til velkomstmiddag på hotellet. Her blir det servert ein god tre-retters middag.
    (F, M)

    Onsdag 10. september – Belém og den gyldne alder for oppdagingar
  • Dag 3: Torsdag 11. september – Muskatmani og vingarden Sanguinhal

    Etter ein god frukost gjer vi oss klare til det andre foredraget: Muskatmani: I begynnelsen var krydderet. Her vil Erika forklare korleis jakta på krydder ikkje berre dreiv oppdagingane, men også forma den globale økonomien i fleire hundreår.

    Etter foredraget har vi moglegheita til å delta på ei utflukt (Mogeleg val mot tillegg i pris – Utflukt til vingarden Sanguinhal Estate) Denne vingarden, med røter heilt tilbake til 1926, er kjend for sitt handverk og lidenskap for portugisisk vinproduksjon. Her får vi ei omvising som gir oss eit innblikk i den tradisjonelle vinproduksjonen frå vinrankane til det ferdige produktet. Vi får høyre historier om familien som har drive vingarden gjennom generasjonar og sjølvsagt smake på vinen.  

    Etter omvisinga ventar ein god lunsj med lokale rettar, nøye utvalde for å komplimentere dei vinane som vi får servert. Her kan vi lene oss tilbake og ta inn den rolege atmosfæren av det autentiske Portugal. Tilbake på hotellet på ettermiddag.

    Dei som ikkje er med på utflukta har dagen på eiga hand til å utforska Lisboa i sitt eige tempo. Reiseleiarane kjem gjerne med tips og råd til både opplevingar, shopping og gode spisestader.

    Denne kvelden er det middag på eiga hand, og det er mange hyggelege restaurantar å velja mellom i nærleiken av hotellet. Mangle velje nok å besøke eit Fado-hus.
    (F)

  • Dag 4: Fredag 12. september – Frå Lisboa til Coimbra

    Vi startar dagen med frukost og eit nytt spennande foredrag av forfattaren Erika Fatland: Imperiets fall: Frå jordskjelv til Nellikrevolusjon. Erika tek oss med på ei reise gjennom dei dramatiske hendingane som har forma Portugal, frå det øydeleggande jordskjelvet i 1755 til den fredelege Nellikrevolusjonen i 1974, som avslutta diktaturet og førte landet inn i ei ny tid.

    Vi sjekkar ut frå hotellet og set kursen mot nord, med Óbidos som den første stoppen vår. Denne sjarmerande mellomalderbyen er kjend for sine kvite murhus, smale brusteinsgater og den imponerande bymuren som omkransar sentrum. Her får vi ei kort felles byvandring og tid til å vandre gjennom dei historiske gatene på eiga hand, nyte atmosfæren og kanskje smake på den lokale spesialiteten, Ginjinha, ein søt kirsebærlikør som ofte vert servert i små sjokoladekoppar. Lunsj på eiga hand i Óbidos.

    Etter lunsj køyrer vi vidare til Coimbra, ein av dei eldste og viktigaste byane i Portugal. Coimbra er spesielt kjend for sitt prestisjetunge universitet, som vart grunnlagt i 1290 og er oppført på UNESCO si verdsarvliste. Etter at vi sjekka inn på hotellet, er dei som har meld seg på, klare for ein ugløymeleg fado-kveld med tradisjonell portugisisk 3-retters middag (Mogeleg val mot tillegg i pris – Fado kveld i Coimbra). Fado er ein melankolsk og emosjonell musikktradisjon som har sitt opphav i Lisboa tidleg på 1800-talet. Denne musikkforma formidlar sterke kjensler av lengsel, kjærleik og tap, og er djupt forankra i den portugisiske sjela.
    (F)

  • Dag 5: Laurdag 13. september – Coimbra og akademiske tradisjonar

    Vi startar dagen med ein god frukost før vi får det siste foredraget på turen: Sporene etter imperiet. Erika Fatland guida oss gjennom historia og fortel korleis det portugisiske imperiet har sett varige spor både i Portugal og i verdssamfunnet.

    Etter foredraget sjekkar vi ut og besøke Coimbra universitetet. Vi får ei omvising på universitetsområdet og skal blant anna besøke det imponerande Joanina-biblioteket, eitt av dei vakraste barokkbiblioteka i verda som rommar over 300 000 verk frå 1500- til 1700-talet. Vi får også med oss Capela de São Miguel, eit lite vakkert kapell med eit imponerande barokkorgel.

    Etter besøket ved universitet tek vi oss tid til ein god lunsj på ein god restaurant i Coimbra, før vi set kursen nordover mot Porto, Portugals nest største by, som ligg ved Douro-elva.

    Vel framme i Porto sjekkar vi inn på hotellet vårt, der vi får god tid til å slappe av eller utforske byen på eiga hand. Denne kvelden er det middag på eiga hand, reiseleiarane anbefaler gode fado-restaurantar i nærleiken av hotellet.
    (F, L)

    Laurdag 13. september – Coimbra og akademiske tradisjonar
  • Dag 6: Søndag 14. september – Porto – historisk vandring

    Etter ein god frukost får vi ei guida vandring gjennom denne historiske byen. Vi startar ved Carmo- og Karmelittkyrkjene, med sine rike dekorasjonar og vakre barokkfasadar før vi passerer det ikoniske Clérigos-tårnet. Neste stopp er São Bento-jernbanestasjonen, der dei vakre blå og kvite flisene (azulejos) fortel scener frå Portugals historie og gjer denne stasjonen til ei arkitektonisk perle.

    Vi avsluttar turen ved den majestetiske "Sé"-katedralen, som tronar over byen med den imponerande gotiske arkitekturen. Her har vi god til til lunsj på eiga hand og elles utforska denne historiske byen på eiga hand.

    Om kvelden møtest vi til avslutningsmiddag for å runde av ein fantastisk tur.
    (F, M)

    Søndag 14. september – Porto – historisk vandring
  • Dag 7: Måndag 15. september – Heimreise

    Etter frukost denne dagen har vi god tid før bussen tek oss frå hotellet til flyplassen (for dei som har bestilt turen inkludert flyreise). Fly frå Porto til Oslo, og vi er framme seint om kvelden. Fly til Bergen neste dag.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
9/9BergenLisboa, Coimbra, PortoMeir enn 830 950,-BestillMer informasjon
9/9OsloLisboa, Coimbra, PortoMeir enn 828 950,-BestillMer informasjon
9/9LisboaLisboa, Coimbra, Porto
Utan flyreise
Meir enn 824 950,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo