
7. - 12. august 2025.
Har du som mange andre drøymt om at du ein gong i livet skal ta ein tur på riksveg 1, den lange sjøvegen langs kysten av landet vårt? No har du ein unik sjanse til å oppleve verdas vakraste sjøreise frå Kirkenes til Bergen saman med historikaren og forfattaren Hans Olav Lahlum som vil halde spennande foredrag om norsk historie frå vikingtida til det moderne Norge.
Reisa startar i Kirkenes der vi går om bord i Havila Polaris, som er eit moderne og miljøvennleg cruiseskip med all mogeleg komfort. Skipet har fleire restaurantar som blant anna serverer lokale delikatesser. Fram for alt byr denne turen på fantastiske naturopplevingar langs den spektakulære kysten vår i nord og i vest. Vi seglar gjennom vakre fjordar og dramatiske kystlandskap i nord, opplever nattssola, idylliske øyar i Lofoten, storhavet og tronge sund og øyar på Vestlandet.
Skipet stoppar i byar og tettstader som Tromsø, Bodø, Narvik, Trondheim og Bergen, og vi får sjanse til å melde oss på turar til lokale, spennande attraksjonar.