
14. - 18. august 2025.
Vi er stolte over å kunne invitera til ei eksklusiv klassisk musikkreise til to av Europas mest prestisjefylte musikkfestivalar: Festspela i Bregenz, Austerrike, og Luzern Sommerfestival i Sveits. Vi får oppleve verdsklasse orkester, solistar og dirigentar i omgjevnader som rett og slett må opplevast. Dei første operafestspela i Bregenz fann stad i 1946, og har gjennom åra etablert seg som eit heilt unikt festspel. Her ser vi operaen Der Freischütz på ein gigantisk utearena på Bodensjøen, med spektakulære kulissar og lyssetting.
I Luzern blir vi med på opningshelga, der Festivalorkesteret spelar med fiolinisten Isabelle Faust som solist. Luzern-festivalen er kjend for sitt høge kvalitetsnivå og den imponerande KKL-konserthallen, ein av verdas beste konsertsalar akustisk sett. Arkitektonisk er det knapt noko vakrare kulturhus i vår tid.
Arild Erikstad, ein av Noregs mest erfarne formidlarar av klassisk musikk, vil vere vår guide gjennom denne storslåtte opplevinga. Med ei lang karriere i NRK som leiar av Hovedscenen, kommentator for Nyttårskonserten og portrettskapar av artistar som Lise Davidsen og Leif Ove Andsnes, har han ei unik evne til å formidle musikk.
På veg mellom festivalane stoppar vi for lunsj i Liechtenstein – tre land på ein dag!