
21. - 25. juli 2025.
San Miniato.
Grøne åssider, vakre landsbyar og gode smakar kjenneteiknar Toscana. Kvart år inviterer den verdskjende tenoren og operasongaren Andrea Bocelli til utandørs operakonsert i heimbyen sin Lajatico.
Fotefar gjentek suksessen frå 2023 og 2024, og inviterer deg til å dele denne musikalske opplevinga saman med oss. På turen skal vi bu i mellomalderbyen San Miniato, som ligg i hjarta av Toscana. Byen har eit hyggeleg sentrum med mange kaféar og butikkar, blant anna finn du trøffelbutikk her. Byen og området rundt har stort fokus på såkalla «Slow Food», altså lokal mat dyrka i nærleiken og laga med tradisjonelle oppskrifter. Her får vi smake på ekte toskanske matrettar med lang historie i regionen.
I tillegg til konserten med Bocelli får du høve til å oppleve renessansebyen Firenze, antikkens Lucca, besøke ein vingard som ligg vakkert til i det toscanske landskapet og nyte eit gourmetmåltid på ein av San Miniato*s beste restaurantar.