
14. - 20. april 2026.
Professor Gunnstein Akselberg, best kjend frå Eides språksjov, har lenge interessert seg for fleire av dei vakre, tyske kulturbyane. Dei har så mykje å tilby av både historie, politikk, kunst, musikk, arkitektur og religion, og dei har i stor grad forma vår felles kulturhistorie.
Under denne flotte turen bur vi godt og sentralt i musikkbyen Leipzig, der det er relativt korte avstandar med buss til besøk i dei spennande byane Weimar, Dresden, Halle, Eisenach, Torgau og Wittenberg. Under bussturane og på dei aktuelle attraksjonane vil Gunnstein guide og fortelje. I tillegg vil han halde kåseri på hotellet.
På reisa opplever vi viktige stader i Martin Luthers aktive reformasjonsliv. Vi får høyre om korleis arven etter Luther har påverka Europa kulturelt og politisk fram til i dag. Johan Sebastian Bach var fødd og oppheldt seg det meste av livet sitt i området vårt. I Leipzig, Eisenach og Weimar besøker vi viktige stader knytte til Bachs liv og verksemd. Georg Friedrich Händel trødde barne- og ungdomsskoa sine i Halle, der han var fødd og der han fekk musikalske impulsar som prega han resten av livet. Johann Wolfgang von Goethe og Friedrich Schiller, to av dei store kanonane i europeisk litteratur, hadde begge lengre opphald i Weimar der dei spela ei viktig rolle i byens kulturliv.
Historikaren Rasmus Sunde er reiseleiar på turen, og på bussturane vil han snakke litt om tysk historie. Vi satsar elles på å få med oss minst ein klassisk konsertar av høg kvalitet.