
16. - 23. februar 2026.
Bli med på tur til Egypt og båtreise på Nilen saman med ein av verdas fremste ekspertar på elvas historie, Terje Tvedt. Den siste boka hans om elva og rolla hennar i samfunna ho renn gjennom, «Nilen – Historiens elv» fekk strålande kritikkar, vart ein bestseljar og er omsett til mange språk, mellom anna til arabisk i Egypt. Mange har sikkert sett dokumentarfilmen hans på NRK, "Kampen om Nilen". Han vil på båten som me har leigd kun for Fotefar halde ei foredragsrekke om ei fasinerande reise i fortid og notid på den mest sagnomsuste av alle store sivilisasjonsskapande elvar.
Vi startar med nokre dagar i Kairo der vi får med oss Det egyptiske museet og pyramidane i Giza. Det blir vidare sjanse til å melde seg på ei dagsutflukt til Alexandria, før vi tek fly til Luxor og går om bord i den chartra båten vår, Sunrise Semiramis II. Vi har heile skipet for oss sjølve, og på turen blir det spennande forelesingar frå Terje Tvedt om Nilen si historie. Etter at vi kjem fram til Aswan, blir det sett opp dagsutflukt til Abu Simbel-tempela, bygd av Ramses den andre.