
19. - 28. juli 2025.
I 2025 er det 200 år sidan den første organiserte utvandringa til Amerika starta, då 52 personar drog ut frå Stavanger med Restauration. Denne hendinga vil bli storleg feira både her i landet og i USA. Vi i Fotefar er glade for å kunne arrangere denne jubileumsturen, der vi får ta del i feiringa og oppleve kor sterke dei norske røtene framleis er på den andre sida av havet.
Totalt utvandra det ca. 850 000 personar frå landet vårt, og dei fleste slo seg ned i Midtvesten. På denne turen gjennom dei tre statane Minnesota, Wisconsin og Iowa reiser vi i fotefara til dei norske immigrantane. Vi får oppleve både små og store byar og elles møte både det «norske» og det moderne Amerika. Framfor alt vil vi på denne reisa komme i kontakt med etterkommarar av utvandrarar frå landet vårt.
Høgdepunktet på turen vert Nordic Fest i Decorah som varer i tre dagar, der det i år blir ei stor feiring av 200-årsjubileet for utvandringa. I tillegg får vi med oss storbyane Minneapolis og Madison og eit heilt spesielt måltid på Owamni by The Sioux Chef som serverer mat med røter frå Sioux-stammen sine tradisjonelle rettar.
Emigrasjonshistorikaren Rasmus Sunde er fagperson på denne svært innhaldsrike turen. Han er spesialist på utvandringa frå Norge, har doktorgrad på emnet og har solid erfaring som turleiar til Midtvesten med 23 turar dit.