Skip to main content

Den store reisa til Portugal med Erika Fatland

06.-11. februar 2025.

Lisboa – Coimbra – Porto – Barcelos - Guimarães - Braga

Velkomne med på ei fantastisk spennande reise gjennom Portugals rike historie saman med forfattar Erika Fatland! På turen vil ho gi oss djupare innsikt i korleis Portugal bygde opp det store imperiet sitt. Gjennom foredrag får vi høyre om dei portugisiske sjøfararane, som Henrik Sjøfararen og Vasco da Gama, som endra verdshistoria, og kva spor desse ekspedisjonane har etterlate seg. 

Turen startar i Lisboa, der vi skal utforske Belém. Dette er ein bydel rik på minnesmerke frå Portugals gullalder som sjøfartsnasjon. Vidare går turen nordover til Coimbra, kjend for sitt gamle universitet og sin rike kulturarv, før vi endar i Porto, der den verdskjende portvinen har sitt opphav. Her skal vi vandre gjennom den vakre gamlebyen, som har vore på UNESCO si verdsarvliste sidan 1996. I tillegg kan ein melde seg på ei spanande dagsutflukt til Barcelos, Braga og ikkje minst til Guimarães, byen der det portugisiske kongedømmet vart fødd. Desse stadene byr på ein fascinerande kombinasjon av mellomalderarkitektur og levande tradisjonar med lang historie, som vil gi oss eit unikt innblikk i den portugisiske nasjonen sine røter. 

Dette er ei svært innhaldsrik reise gjennom kultur, historie og landskap, som blir toppa med spennande foredrag av Erika Fatland i møte med lokal kultur, arkitektur, lokal mat og menneske. Erika si nye bok,  Sjøfareren, som kom ut no i haust, tek for seg den rike historia til det portugisiske imperiet. Boka har fått  veldig god omtale!

 Vi bur på 4-stjerners hotell og reiser komfortabelt med buss mellom byane.

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Torsdag 06. februar – Velkomen til Lisboa

    Avreise frå Oslo og Bergen om ettermiddagen. Når vi kjem fram til Lisboa, sjekkar vi inn på hotellet vårt. Vi bur på eit fint 4-stjerners hotell som er sentralt plassert i forhold til hovudattraksjonane i byen og ideelt for dei som ønsker å utforske byen på eiga hand. 

  • Dag 2: Fredag 07. februar – Belém og den gyldne alder for oppdagingar

    Vi startar dagen med ein god frukost før Erika Fatland held det første foredraget sitt: Et imperium blir til: Frå Henrik Sjøfareren til Vasco da Gama. Her får vi høyre om korleis Portugal blei ei verdsmakt gjennom oppdagingsreisene sine. 

    Etter foredraget køyrer vi med buss til Belém og besøker det imponerande Jerónimos-klosteret og det ikoniske Belém-tårnet, begge symbol på Portugal si storheitstid som sjøfartsnasjon. I Belém vil vi ha god tid til å nyte lunsj på eiga hand. Deretter fortset vi til Oppdagingsmonumentet, reist i 1960 for å markere 500-årsjubileet for Henrik Sjøfarerens død, og vidare til Belém-palasset, som er den offisielle residensen til presidenten. Til slutt besøker vi det kjende og unike Karet-museet. 

    På ettermiddagen returnerer vi til hotellet og har litt tid på eiga hand før vi gjer oss klare til velkomstmiddag på hotellet. Her blir det servert ein god tre-retters middag med drikke til maten. 
    (F, M)

     

     

    Fredag 07. februar – Belém og den gyldne alder for oppdagingar
  • Dag 3: Laurdag 08. februar – Coimbra og akademiske tradisjonar

    Etter ein god frukost sjekkar vi ut frå hotellet og set kursen mot nord, med kystbyen Figueira da Foz som den første stoppen vår. Denne sjarmerande byen er kjend for sine breie sandstrender og vakre promenade langs Atlanterhavet. Lunsj på eiga hand, men guiden vår har bestilt bord til heile gruppa på ein koseleg restaurant, for dei som ønsker å vere med på det.

    Etter lunsj køyrer vi vidare til Coimbra, ein av dei eldste og viktigaste byane i Portugal. Coimbra er spesielt kjend for sitt prestisjetunge universitet, som vart grunnlagt i 1290 og er oppført på UNESCO si verdsarvliste. Vi får ei omvising på universitetsområdet og skal blant anna besøke det imponerande Joanina-biblioteket, eitt av dei vakraste barokkbiblioteka i verda som rommar over 300 000 verk frå 1500- til 1700-talet. Vi får også med oss Capela de São Miguel, eit lite vakkert kapell med eit imponerande barokkorgel.

    Vi vandrar gjennom den gamle bydelen, der vi kan beundre dei tronge gatene, dei historiske bygningane og kjenne på den unike atmosfæren i denne universitetsbyen. 

    Vi sjekker inn på hotellet før vi gjer oss klare til dagens foredrag: Muskatmani: I begynnelsen var krydderet. Her vil Erika forklare korleis jakta på krydder ikkje berre dreiv oppdagingane, men også forma den globale økonomien i fleire hundreår. 

    Etter foredraget kan du nyte middag på eiga hand, eller bli med reiseleiar til ein restaurant i nærleiken av hotellet.
    (F)

     

     

    Laurdag 08. februar – Coimbra og akademiske tradisjonar
  • Dag 4: Søndag 09. februar – Porto – historisk vandring

    Vi startar dagen med frukost og eit nytt spennande foredrag frå forfattaren Erika Fatland: Imperiets fall: Frå jordskjelv til Nellikrevolusjon. Erika tek oss med på ei reise gjennom dei dramatiske hendingane som har forma Portugal, frå det øydeleggande jordskjelvet i 1755 til den fredelege Nellikrevolusjonen i 1974, som avslutta diktaturet og førte landet inn i ei ny tid.

    Etter foredraget sjekkar vi ut og set kursen nordover mot Porto, Portugals nest største by, som ligg ved Douro-elva. 

    Vel framme i Porto blir det tid for lunsj på eiga hand før vi får ei guida vandring gjennom denne historiske byen. Vi startar ved Carmo- og Karmelittkyrkjene, med sine rike dekorasjonar og vakre barokkfasadar før vi passerer det ikoniske Clérigos-tårnet. Neste stopp er São Bento-jernbanestasjonen, der dei vakre blå og kvite flisene (azulejos) fortel scener frå Portugals historie og gjer denne stasjonen til ei arkitektonisk perle.

    Vi avsluttar turen ved den majestetiske "Sé"-katedralen, som tronar over byen med den imponerande gotiske arkitekturen. Vi sjekkar inn på hotellet vårt i Porto, der vi får god tid til å slappe av eller utforske byen. Denne kvelden er det middag på eiga hand, eller ein kan bli med reiseleiar til ein restaurant i nærleiken av hotellet. 
    (F)

     

    Søndag 09. februar – Porto – historisk vandring
  • Dag 5: Måndag 10. februar – Barcelos, Braga og Guimarães

    Vi startar dagen med ein god frukost før vi får det siste foredraget på turen: Sporene etter imperiet. Erika Fatland guida oss gjennom historia og fortel korleis det portugisiske imperiet har sett varige spor både i Portugal og i verdssamfunnet.

    For dei som har meldt seg på utflukt denne dagen (Mogeleg val mot tillegg i prisen – utflukt til Braga og Guimarães) blir de tur til Barcelos, Braga og Guimarães, tre byar som speglar av den rike og stolte historia til Portugal. 

    Vi startar dagen med ein kort tur til Barcelos, ein sjarmerande by der vi besøker Largo da Feira, no kjend som Campo da República. Her finn vi dei vakre kyrkjene Bom Jesús da Cruz og Nossa Senhora do Terço frå 1700-talet. Deretter går turen vidare til Braga.

    Braga er ein av dei viktigaste byane i Portugal, ikkje berre på grunn av den industrielle utviklinga i regionen, men også fordi byen er hovudsetet for den katolske kyrkja i Portugal og Spania. I Braga besøker vi den storslegne Bom Jesus-helligdommen, eit barokkmeisterverk som ligg høgt oppe på ein ås og gir oss fantastisk utsikt over området. Vidare vil vi utforske dei barokke fasadane og monumenta i sentrum og oppleve den rike religiøse arven som pregar byen. 

    Deretter held vi fram til Guimarães, den første hovudstaden i kongedømet Portucale. Byen sitt historiske sentrum er hovudattraksjonen og byr på godt bevarte eksempel på spennande arkitektur frå 1400- til 1800-talet. Her finn vi slottet, palasset og den store kyrkja.

    Vi startar besøket vårt ved Largo da Oliveira, hjarta av den nedre byen, der vi kan sjå Padrão do Salado og kyrkja Nossa Senhora da Oliveira, som òg husar Alberto Sampaio-museet. Vidare går vi forbi rådhuset med sine karakteristiske krenelar og vidare til Praça de Santiago, som i mellomalderen ønska pilegrimar på veg til Santiago de Compostela velkomne. I dag er plassen ein livleg møtestad for både lokale folk og turistar med sine mange restaurantar og uteplassar. Vi et ein god lunsj og tek oss god tid i denne koselege byen før vi returnere til hotellet vårt.

    Om kvelden møtest vi til avslutningsmiddag for å runde av ein fantastisk tur. 
    (F, M)

     

    Måndag 10. februar – Barcelos, Braga og Guimarães
  • Dag 6: Tysdag 11. februar – Heimreise

    Etter frukost denne dagen tek bussen oss frå hotellet til flyplassen. Fly frå Porto til Oslo om morgonen, og vi er framme i Oslo om ettermiddagen. 
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
6/2BergenLisboa, Coimbra, Porto822 950,-BestillMer informasjon
6/2OsloLisboa, Coimbra, PortoMeir enn 820 950,-BestillMer informasjon
6/2LisboaLisboa, Coimbra, Porto
Utan flyreise
Meir enn 817 750,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo