Skip to main content

Språksjov med Linda og Gunnstein i Sivles og Hauges litterære rike

6. - 9. mai 2025.

Velkommen med på ei reise til vakre Voss og omland i møte med diktarane Per Sivle og Olav H. Hauge. Vi får oppleve landskapet og naturen og høyre historier som har prega diktinga deira. Sivle var fødd i Aurland i Sogn og voks opp ved Stalheim i Voss, medan Hauge budde stordelen av livet på garden sin i Ulvik i Hardanger. Per Sivle er mest kjend for «Den fyrste song», det mektige sogediktet «Tord Foleson» og barneforteljinga «Berre ein hund». Olav H. Hauge vert rekna som ein av dei aller fremste norske lyrikarane. Diktet «Det er den draumen» vart i 2016 kåra til Norges beste dikt gjennom tidene.

Vi er så heldige å ha med Gunnstein Akselberg som kåsør og fagguide. Han er sjølv vossing og vil med sine store kunnskapar og sin lune veremåte lose gruppa gjennom turopplegget. Gunnstein har vore professor ved universitetet i Bergen, men er gjerne mest kjend frå Eides språksjov på NRK.

Det er med ei ekstra stor glede at Fotefar no kan tilby deltakarane eit lokalt Språksjov med Linda Eide og Gunnstein Akselberg på den nokså nyopna Kapellankåken på Voss. Linda Eide er journalist, forfattar og programleiar frå Voss, kjend for program på NRK som «Norsk attraksjon» og Eides språksjov.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar
    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Tysdag 6. mai Til Voss – Vangskyrkja – guiding – Jens Brekke underheld

    Sidan det er fleire måtar å komme seg til Voss på, ordnar kvar deltakar transporten sjølv. Fotefar Temareiser kan hjelpe til med forslag til reisa.

    Innsjekking på Park Hotel Vossevangen frå kl. 14.00 der deltakarane etter kvart møter fagguide Gunnstein Akselberg og reiseleiaren Rasmus Sunde frå Fotefar. Hotellet ligg vakkert til ved Vangsvatnet midt i Voss sentrum. Kl. 15.00 blir det eit velkomstmøte på hotellet der deltakarane får informasjon om turopplegget

    Deretter går vi samla den korte vegen til Vangskyrkja, der Gunnstein Akselberg vil fortelje historia til denne gamle, flotte kyrkja. Ho er ei av dei eldste kyrkjene i området, vart bygd mellom 1271 og 1277 og er kjend for den vakre gotiske stilen.

    I april 1940 var Voss eit sentralt område for mobilisering av norske styrkar. Det resulterte i at tyske fly sette i gang terrorbombing av tettstaden. Om lag 150 hus vart heilt eller delvis øydelagde. Mest berre fengselet, sparebanken og kyrkja stod att etter flyåtaket.

    Gunnstein Akselberg er frå Voss, og etter besøket i kyrkja tek han deltakarane med på ein liten vandretur i sentrum.

     Om kvelden samlast vi til middag på hotellet og underhaldning med Jens Brekke, som er lærar, kulturarbeidar og forfattar frå Vik. Han er kjend for sine humoristiske kåseri og har vore ein fast kåsør i NRK Sogn og Fjordane i ei årrekkje. Denne kvelden vil han deklamere dei humoristiske Vossa-stubbar av Per Sivle.
    (M)

    Tysdag 6. mai Til Voss – Vangskyrkja – guiding – Jens Brekke underheld
  • Dag 2: Onsdag 7. mai – Mors grav – Per Sivle – Stalheim – Kari Finne Sognnæs

    Vi startar dagen med frukost på hotellet før vi samlast i møterommet for eit kåseri av Gunnstein Akselberg om Per Sivles liv og dikting.
    Dette blir elles ein dag med utflukter, og første stopp er Finnesloftet som ligg like i utkanten av sentrum. Denne vakre bygningen frå mellomalderen er datert tilbake til 1295 og er blant dei eldste profane trebygningane i landet vårt.

    Her får vi ein spennande historietime med den dugande formidlaren Knut Finne. Han er bonde og har drive Finnegarden økologisk sidan 1993.

    Vi køyrer så til bygda Vossestrand og stoppar ved Oppheim gamle kyrkje for å sjå minnesmerket «Mor si grav» frå 2007. Her er mor til Per Sivle gravlagd. Diktaren har heidra minnet hennar gjennom diktet «Den fyrste song eg høyra fekk, var mor sin song ved vogga».

    Neste post på programmet er det kjende Stalheim Hotel der vi får servert lunsj i Fyrdeslåven, som kjem frå garden Per budde i to år etter mora døydde. Under lunsjen vil Randi Engelsen Eide frå Sivlestova fortelje om Per Sivle og deklamere. Hotellet har eit svært godt museum, og vi avsluttar opphalde der med omvising med Trygve Dugstad.

    Tilbake på hotellet blir det litt avslapping før middagen i eit eige lokale ved sidan av restauranten, og deretter vert det kveldsunderhaldning med Kari Finne Sognnæs. Dette blir ein dag fylt med kultur og historie og avslutta med god mat og vakker song.
    (F, L, M)

    Onsdag 7. mai  – Mors grav – Per Sivle – Stalheim – Kari Finne Sognnæs
  • Dag 3: Torsdag 8. mai - Ulvik – Olav H. Hauge – Språksjov med Linda Eide

    Etter frukost på hotellet samlast vi igjen i møterommet for eit kåseri av Gunnstein Akselberg om Olav H. Hauges liv og dikting. Han var gartnar, omsetjar og poet frå Ulvik og blir rekna som ein av dei viktigaste lyrikarane innanfor den modernistiske tradisjonen.

    Utflukta denne dagen går frå innlandsbygda Voss i møte med fjordbygdene i Hardanger, Granvin og Ulvik. På denne turen fortel Gunnstein blant anna om Hardangerbana som gjekk frå Voss til Granvin, og som vart lagd ned i 1988, og elles vil han snakka om gardar og stadnamn i området. I Ulvik besøker vi Olav H. Hauge-senteret som tidlegare var heradshuset i kommunen. Her får vi eit foredrag om Hauge og diktinga hans, ser filmen «Ordmeisteren», og vandrar i utstillinga og er innom museumsbutikken.

    Vi et lunsj på Brakanes Hotel før vi besøker Hauge-garden. Her får vi ei omvising i barndomsheimen hans og i kårhuset av ein slektning til diktaren. Til slutt er vi innom kyrkjegarden og ser grava hans.

    Tilbake på hotellet blir det avslutningsmiddag i eit eige lokale for gruppa vår. Deretter går vi den korte vegen til Kapellankåken for eit Språksjov med Linda Eide og Gunnstein Akselberg, som vil gi oss eit underhaldande program om Voss og språkutviklinga i området det siste 100-året.

    Kapellankåken var tidlegare den faste bustaden til den residerande kapellanen i Voss prestegjeld. No er huset vorte ei ny kulturscene på Voss, med folkeopplysning og underhaldning som fanesak. Mottoet er at den som går inn døra her, skal alltid komme ut att hakket meir opplyst enn då han gjekk inn.
    (F, L, M)

    Torsdag 8. mai - Ulvik – Olav H. Hauge – Språksjov med Linda Eide
  • Dag 4: Fredag 9. mai - Voss Folkemuseum – heimreise

    Vi startar dagen med frukost og utsjekking frå hotellet. Deretter samlast vi i møterommet for eit siste kåseri av Gunnstein Akselberg, der han samanliknar diktinga til Per Sivle og Olav H. Hauge.

    Denne siste dagen blir det tur til Voss Folkemuseum som ligg høgt og fritt på Mølster med flott utsikt over Vossevangen. Dette er eit vakkert gardstun med 16 små og store bygningar frå dei to bruka som heldt til her fram til 1927. Vi får ei grundig omvising i det gamle tunet og i museumsbygningane.

    Deretter returnerer vi til hotellet for så å markerer slutten på ei innhaldsrik og inspirerande reise i Per Sivle og Olav H. Hauges sitt rike i vakre Voss og Ulvik.
    (F)

    Fredag 9. mai - Voss Folkemuseum – heimreise

Kart

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
6/5Park Hotel VossevangenVossMeir enn 814 950,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo