Produksjonen av musserande vin er kanskje det England er mest kjent for. Her blir tradisjonelle druesortar som Chardonnay, Pinot Noir og Pinot Meunier dyrka og nytta i produksjonen av musserande vin etter den klassiske metoden, den same som blir brukt i Champagne. Resultatet er elegante, friske og sofistikerte vinar.
Det er også fleire vingardar i England som produserer kvitvinar, raudvinar og rosévinar. På denne turen er det Sussex og Kent vi skal besøke. Smaken av vinane herifrå er prega av rein frukt og balansert syre, noko som reflekterer terroiret i begge regionane.
Vi tek fly frå Oslo til London om morgonen. Her ventar bussen på oss, og køyrer oss sørover. Vi skal bu på The George i småbyen Rye. Ein triveleg by ved kysten, som er kjent for sine brusteinsgater og bygningar frå mellomalderen.
Som vanleg startar vi rett på med smaking og lunsj hos ein av Merete sine utvalde produsentar. Etter desse gode smaksopplevingane fortset vi turen til hotellet. Om kvelden vert det felles middag, med spennande vin til.
(L, M)
Vi startar dagen med ein god frukost, før vi skal fortsette med fleire vingardsbesøk. Vinregionane her i Sør-England er dei første som verkeleg kan utfordre Champagne på kvalitet. Det blir av fleire sagt at klimaet i Sør-England i dag er det same som var i Champagne for 60 år sidan. Fleire av vinmarkene i Kent ligg også slik til, at om ein går 250–300 år tilbake i tid, var det hav der.
Vi skal besøke vinprodusentar både før og etter lunsj denne dagen. Og om kvelden kan du velje å ete middag på eiga hand, eller du kan bli med Merete ut på middag på ein lokal restaurant (ikkje inkludert i turprisen).
(F, L)
Etter ein god frukost, sjekkar vi ut av hotellet. Vi skal også i dag besøke ein vinprodusent, og ete ein god lunsj saman.
(F, L)
Nyetimber – Som vinland er England framleis relativt nytt. Nyetimber er for mange av oss starten på kjennskapen vår til dette vinlandet. Namnet Nyetimber kjem av namnet på dalen her Nitimbreha, eit namn ein går ut ifrå refererer til nyleg tømra hus eller kanskje ein liten tømmerplantasje. Allereie i 1988 vart dei første vinstokkane planta hos Nyetimber. Druene er dei klassiske champagne-druene Chardonnay, Pinot Noir og Pinot Meunier.
https://nyetimber.com/
Artelium – Så seint som i 2018 og 2019 vart dei første druene hos Artelium planta. Ideen oppstod allereie i 2013, då Julie Bretland og Mark Collins skulle gifte seg. Dei har alltid vore interessert i vin, og bestemte seg for at dei i bryllaupet sitt skulle servere berre engelsk vin. Medan dei leita seg gjennom Sussex, etter vin dei kunne servere, såg dei at her var der eit potensiale for å gjere hobbyen sin om til levebrød. Namnet Artelium kjem frå paret sin lidenskap til kunst.
https://www.artelium.com/
Gusbourne – Frå dei i 2004 planta sine første vinstokkar, har Gusbourne sin visjon vore å lage dei finaste årgangsvinane med druer utelukkande frå eigne vinstokkar. Druene er Chardonnay, Pinot Noir og Pinot Meunier. Debutårgangen var Brut Reserve 2006 og Blanc de Blancs 2006. Desse kom på marknaden i 2010, og fekk utmerkingar og gode tilbakemeldingar frå fleire av verdas mest kjende vinskribentar.
“Making exceptional wine takes craftsmanship, respect for nature… and uncompromising attention to detail.” Andrew Weeber, Gusbourne Founder.
https://www.gusbourne.com/
Oxney – Norske Kristin Syltevik driv økologisk vingard i Storbritannia. Med sine 35 hektar med vinstokkar, lagar Oxney både stille og musserande vinar. Dei trur at framtida til engelsk vin er økologisk.
«Oxney exists to reset expectations of organic winemaking in England. Some call it an impossible challenge. We call that a lack of imagination.”
https://oxneyestate.com/
Simpsons – Ekteparet Ruth og Charles leita verda rundt etter ein vingard dei kunne kjøpe. Dei har budd både på New Zealand, i USA og i Frankrike. I 10 år dreiv dei vingard i sør-Frankrike, før dei i 2012 kom tilbake til Storbritannia og etablerte vinhuset Simpsons. Ruth er skotsk og Charles er irsk.
https://simpsonswine.com/