
28. april - 5. mai 2025.
Kan du tenke deg på vandretur i møte med den italienske våren? Sør for Napoli ligg vakre Sorrento med den fantastiske utsikten over Napoli-bukta og Amalfikysten, kjend for den vakre naturen. Her finn du fleire av Italias flottaste turstiar, og i fire dagar vandrar vi på Capri og på den velkjende "Gudane sin sti". Vi reknar med nydeleg ver med bløming og grøne marker. Turen inkluderer også ein kviledag der vi samlar krefter, nyt vårsola og naturen. Kanskje du let seg freiste av ein leskande limoncello, ei stille stund med ei bok ved sjøen, eller kva med eit forfriskande bad i havet?
Vandring på denne turen er litt utfordrande Turane går for det meste på smale stiar som til tider kan vere litt steinete. Landskapet er kupert, og ein går både i oppoverbakke og nedoverbakke, og det er noko høgdeforskjell. Det er ein spennande vandretur der vi blir kjende med det flotte landskapet og får oppleve vårsola og bruke kroppen på dagtid og nyte det kulinariske på ettermiddag og kveld.