
30. juni - 6. juli 2025.
Bli med Kirsti MacDonald Jareg til idylliske og interessante ytre Hebridane, øyane utanfor allfarvegen. Kirsti har familiebanda sine frå øya, då oldemor hennar var derifrå. Ho gler seg stort til å gje oss hennar perspektiv til øyane.
I følgje National Geographic ligg Hebridane «på kanten av verda». Øygruppa består av over 500 større og mindre øyar, og i underkant av 100 av desse har busetnad. På turen ut til Ytre Hebridane køyrer vi over Isle of Skye, som er ein del av Indre Hebridane. Saman med Kirsti MacDonald Jareg skal vi utforske fleire av øyane. Vi skal blant anna rusle rundt på dei kritkvite strendene og elles høyre historia til folka som har budd her.
Kirsti er forfattar med tilleggsutdanning i sosialantropologi. Ho har skrive fleire reiseskildringar frå Atlanterhavsøyane i vest, som til dømes boka «Øyane i vest» - ei bok om Hebridane, Orknøyane og Shetland. Kirsti seier ho lid av “islomani”– ei draging til øyar. Ei tilstand ho absolutt ikkje ønskje å bli kurert frå.