Avreise frå Oslo og Bergen om ettermiddagen. Når vi kjem fram til Lisboa, sjekkar vi inn på hotellet vårt. Vi bur på eit fint 4-stjerners hotell som er sentralt plassert i forhold til hovudattraksjonane i byen og ideelt for dei som ønsker å utforske byen på eiga hand.
Vi startar dagen med ein god frukost før Erika Fatland held det første foredraget sitt: Et imperium blir til: Frå Henrik Sjøfareren til Vasco da Gama. Her får vi høyre om korleis Portugal blei ei verdsmakt gjennom oppdagingsreisene.
Etter foredraget køyrer vi med buss til Belém og besøker det imponerande Jerónimos-klosteret. Etterpå nyt vi dei verdskjende pastéis de Belém, før bussen tek oss vidare til det unike Karetmuseet, der vi også får god tid til lunsj på eigen hand.
Vi køyrer vidare til Oppdagingsmonumentet, reist i 1960 for å markere 500-årsjubileet for Henrik Sjøfarerens død, og til det ikoniske Belém-tårnet, begge symbol på Portugal si stordomstid som sjøfartsnasjon.
På ettermiddagen returnerer vi til hotellet og har litt tid på eiga hand før vi gjer oss klare til velkomstmiddag på hotellet. Her blir det servert ein god tre-retters middag med drikke til maten.
(F, M)
Etter ein god frukost gjer vi oss klare til det andre foredraget: Muskatmani: I begynnelsen var krydderet. Her vil Erika forklare korleis jakta på krydder ikkje berre dreiv oppdagingane, men også forma den globale økonomien i fleire hundreår.
Vi sjekkar ut frå hotellet og set kursen mot nord, med Óbidos som den første stoppen vår. Denne sjarmerande mellomalderbyen er kjend for sine kvite murhus, smale brusteinsgater og den imponerande bymuren som omkransar sentrum. Her får vi tid til å vandre gjennom dei historiske gatene, nyte atmosfæren og kanskje smake på den lokale spesialiteten, Ginjinha, ein søt kirsebærlikør som ofte vert servert i små sjokoladekoppar.
Vidare frå Óbidos går turen til Batalha, der vi skal besøke det storslagne Mosteiro da Batalha, eit av dei mest ikoniske klostera i Portugal og ein del av UNESCO si verdsarvliste. Dette klosteret vart bygd til minne om sigeren i slaget ved Aljubarrota i 1385, og det står som eit symbol på Portugals sjølvstende og stolte historie.
Vi startar besøket med å utforske Capela do Fundador, grunnleggarens kapell, der kong João I, dronning Filipa av Lancaster og sonen deira, prins Henrik Sjøfararen, ligg gravlagde. Dei detaljerte utskjeringane og den monumentale arkitekturen viser ei blanding av gotisk og manuelinsk stil som er unikt for Portugal.
Etter omvisinga i klosteret får vi tid til lunsj på eiga hand. Batalha har eit godt utval av sjarmerande restaurantar, der ein kan nyte både tradisjonelle portugisiske rettar og internasjonal mat.
Etter lunsj køyrer vi vidare til Coimbra, ein av dei eldste og viktigaste byane i Portugal. Coimbra er spesielt kjend for sitt prestisjetunge universitet, som vart grunnlagt i 1290 og er oppført på UNESCO si verdsarvliste. Etter at vi sjekka inn på hotellet, kan vi nyte middag på eiga hand på ein restaurant i nærleiken av hotellet.
(F)
Vi startar dagen med frukost og eit nytt spennande foredrag av forfattaren Erika Fatland: Imperiets fall: Frå jordskjelv til Nellikrevolusjon. Erika tek oss med på ei reise gjennom dei dramatiske hendingane som har forma Portugal, frå det øydeleggande jordskjelvet i 1755 til den fredelege Nellikrevolusjonen i 1974, som avslutta diktaturet og førte landet inn i ei ny tid.
Etter foredraget sjekkar vi ut og besøke Coimbra universitetet. Vi får ei omvising på universitetsområdet og skal blant anna besøke det imponerande Joanina-biblioteket, eitt av dei vakraste barokkbiblioteka i verda som rommar over 300 000 verk frå 1500- til 1700-talet. Vi får også med oss Capela de São Miguel, eit lite vakkert kapell med eit imponerande barokkorgel.
Etter besøket ved universitet tek vi oss tid til ein god lunsj før vi set kursen nordover mot Porto, Portugals nest største by, som ligg ved Douro-elva.
Vel framme i Porto får vi ei guida vandring gjennom denne historiske byen. Vi startar ved Carmo- og Karmelittkyrkjene, med sine rike dekorasjonar og vakre barokkfasadar før vi passerer det ikoniske Clérigos-tårnet. Neste stopp er São Bento-jernbanestasjonen, der dei vakre blå og kvite flisene (azulejos) fortel scener frå Portugals historie og gjer denne stasjonen til ei arkitektonisk perle.
Vi avsluttar turen ved den majestetiske "Sé"-katedralen, som tronar over byen med den imponerande gotiske arkitekturen. Vi sjekkar inn på hotellet vårt i Porto, der vi får god tid til å slappe av eller utforske byen. Denne kvelden er det middag på eiga hand, men ein kan også bli med reiseleiar til ein restaurant i nærleiken av hotellet.
(F,L)
Vi startar dagen med ein god frukost før vi får det siste foredraget på turen: Sporene etter imperiet. Erika Fatland guida oss gjennom historia og fortel korleis det portugisiske imperiet har sett varige spor både i Portugal og i verdssamfunnet.
For dei som har meldt seg på utflukt denne dagen (Mogeleg val mot tillegg i prisen – utflukt til Braga og Guimarães med lunsj inkludert) blir de tur til Braga og Guimarães, to byar som speglar av den rike og stolte historia til Portugal.
Vi startar turen i Guimarães, den første hovudstaden i kongedømet Portucale. Hovudattraksjonen her er det historiske sentrumet som byr på godt bevarte eksempel på spennande arkitektur frå 1400- til 1800-talet. Her finn vi slottet, palasset og den store kyrkja. Vi besøker det imponerande Palácio dos Duques de Bragança. Dette majestetiske palasset frå 1400-talet var residensen til hertugane av Bragança og er eit praktfullt døme på mellomalderarkitektur med sine store salar, utsmykka takbjelkar og historiske gjenstandar.
Under besøket får vi eit innblikk i historia til palasset og dei som budde der, og vi kan beundre den omfattande kunstsamlinga som inkluderer alt frå flamske veggteppe til mellomaldermøblar.
Etter omvisinga i Palácio dos Duques de Bragança tek vi oss tid til ein tradisjonell tre-retters lunsj med drikke til maten.
Deretter går turen vidare til Braga, som er kjend som «den portugisiske Roma», og er ein av dei eldste byane i landet og har ei rik historie som strekker seg heilt tilbake til romartida. Byen er kjend for sine mange kyrkjer, vakre hagar og ein unik atmosfære som kombinerer historie, kultur og moderne liv.
Under besøket vårt i Braga skal vi utforske den historiske gamlebyen, som er full av sjarmerande smale gater, elegante bygningar og livlege torg. Vi tek oss god til å utforske byen og får tid til ein kopp kaffe på ein av dei mange hyggjelege kafeane og restaurantane i sentrum. Vi er tilbake på hotellet på ettermiddagen.
Om kvelden møtest vi til avslutningsmiddag for å runde av ein fantastisk tur.
(F, M)
Etter frukost denne dagen har vi god tid på eiga hand før bussen tek oss frå hotellet til flyplassen. Fly frå Porto til Oslo/Bergen, og vi er framme seint om kvelden.
(F)
Avreisedato | Avreisestad | Hotell | Ledige plassar | Frå pris | |
---|---|---|---|---|---|
7/5 | Bergen | Lisboa, Coimbra, Porto | Meir enn 8 | 26 950,- | BestillMer informasjon |
7/5 | Oslo | Lisboa, Coimbra, Porto | Meir enn 8 | 25 950,- | BestillMer informasjon |
7/5 | Lisboa | Lisboa, Coimbra, Porto Utan flyreise | Meir enn 8 | 22 450,- | BestillMer informasjon |