Skip to main content

Vandretur på Shetland

9. - 13. august 2025.

Shetland er eit fantastisk reisemål for dei som likar vandreturar, med sitt opne, grøne landskap, rike fugle- og dyreliv og dramatiske klipper. Vi startar turen med direktefly frå Bergen til Shetland, der vi skal bu i historiske omgjevnader på Sumburgh Hotel. Det er kjent for den historiske og sjarmerande atmosfære. Vi bur midt blant kulturminne som Jarlshof og utgravingane på Scatness.

Øysamfunnet har sterke band til Norge. Heilt frå vikingane kom hit på slutten av 800-talet og  etablerte seg her med eigne lover og språk, har det vore sterke band mellom nordmenn og folket på Shetland. Under andre verdskrig vart desse banda knytte endå tettare saman. Framleis er vi populære gjester her borte.

Vandreturane er om lag 2-5 timar i relativt lett terreng dei fleste dagane. Dei er klassifiserast som relativt lette til middels tunge. Nokre av dei går på umerka stiar i litt ujamt terreng.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Laurdag 9. august - Velkommen til Shetland

    Direktefly frå Bergen til Sumburgh på Shetland. På flyplassen blir vi henta og køyrt direkte til hotellet vårt, og her kan vi sette ifrå oss bagasjen, medan vi utforskar nærområdet. Det kan vere lurt å ete lunsj på Flesland, eller ta med seg litt snacks i sekken, då det ikkje er lagt opp til noko organisert lunsj denne dagen.

    Gjennom desse dagane saman skal vi bli betre kjende med dette øyriket som var så sentralt i det gamle Noregsveldet. Shetland består av om lag 100 øyar der 16 av dei i dag har busetnad. Sumburgh ligg vakkert til heilt syd på den største av øyene Mainland, området har eit rikt dyre- og fugleliv, og er vi heldige får vi sjå både ulike fuglar og sel under opphaldet vårt. Vi anbefaler å ha med kikkert. Om kveldane legg reiseleiar opp til små kveldsturar i nærområdet rundt hotellet

    Området vi bur på her i sør er kjent for mange historiske utgravingar, blant anna Jarlshof. I 1897 vaska ei rekke harde stormar bort stein, torv og jordlag, og spora etter ein gamal busetnad kom til syne. Det viste seg å vere tuftene etter fleire bygningar frå ulike tidsperiodar, der dei eldste daterer seg heilt tilbake til steinalderen for over 4000 år sidan. Då vikingane kom hit og busette seg, sette dei også sitt preg på Jarlshof.  

    Fellesmiddag på hotellet om kvelden.
    (M)

  • Dag 2: Søndag 10. august - Eshaness og vandring i Brae

    Etter ein god frukost køyrer bussen oss ein liten time nordvestover til Eshaness. Her skal vi gå ein 2-3 timars tur med utgangspunkt frå fyret der. Dette er ein av dei vakraste kyststrekningane på Shetland med høge klipper og imponerande steinformasjonar danna av havet som står hardt på her. Etter turen køyrer bussen oss til den vesle bygda Brae, der vi skal ete lunsj.

    Etter lunsj legg vi opp til ein liten rusletur til  Mavis Grind. Dette er ei lita landstripe der ein på eine sida har Atlanterhavet, og på den andre sida Nordsjøen.

    Tilbake på Sumburgh, kan ein slappe av på hotellet eller ta seg ein rusletur i nærområdet rundt. Om kvelden anbefaler vi å bestille middag på hotellet (ikkje inkludert i turpris).  
    (F, L)

  • Dag 3: Måndag 11. august - St. Ninian og Scalloway

    Etter frukost køyrer bussen oss til St. Ninian, ei lita øy som er knytt til Mainland med ein sandbanke, ein såkalla tombolo. Øya er spesielt kjend for sølvskatten som vart funnen her i 1958. Her går vi ein rundtur på ca. 2 timar. Stranda ut til St. Ninian er vakker og landskapet grønt og ope. På yttersida er klippene bratte. Vi rår alle til å kjøpe med seg niste frå hotellet denne dagen.

    På ettermiddagen denne dagen skal vi besøke den «norske» bygda Scalloway som var hovudbasen for Shetlandsgjengen under 2. verdskrig. Her finn vi både Scalloway castle frå 1600-talet, og Scalloway museum som har ei avdeling om Shetlandsfarten. Museet vart opna i 2012 av statsminister Jens Stoltenberg. Vi anbefaler å kjøpe med seg matpakke frå hotellet denne dagen, då det er få kaféer i Scalloway. Vi gir oss god tid i Scalloway og stoppar ved monumentet som er sett opp til minne over nordmenn som miste livet på Shetlandsfarten.

    Tilbake på Sumburgh får vi litt tid til å slappe av, før det blir felles middag på hotellet.
    (F, M)

  • Dag 4: Tysdag 12. august - Bressay

    Etter ein god frukost køyrer bussen oss til Lerwick for å ta ferja over til øya Bressay. Ward of Bressay er det høgaste punktet på Bressay (226 moh) og byr på ei flott utsikt når veret er klårt.  Stien går gjennom lynghei opp mot toppen.  På veg ned att stikk vi ut  til det historiske fyrtårnet på Kirkabister Ness. Herifrå går vi kystlinja tilbake i retning ferjekaia. Dette er ein middels tung vandretur som vil ta om lag 5 timar. Vi rår alle til å kjøpe med seg niste frå hotellet denne dagen.

    Før vi returnerer til Lerwick med ferje, legg vi opp til ein tidleg middag på det vesle, koselege Maryfield House Hotel. Tilbake i Lerwick køyrer bussen oss til hotellet vårt på Sumburgh.
    (F, M)

  • Dag 5: Onsdag 13. august - Leirvik og heimreise

    Etter ein god og lang frukost sjekkar vi ut av hotellet og køyrer inn til Lerwick. Hovudstaden har 7500 innbyggjarar, ein tredjedel av alle som bur på øyane som utgjer Shetland.

    I dag står ein fritt til å bruke tida i Lerwick slik ein sjølv vil. Vi kan anbefale det innhaldsrike Shetland Museum, eller kanskje treng du garn til eit prosjekt du skal begynne på? I Lerwick er det fint å vandre ei runde langs gatene eller kjøpe seg lunsj på ein av dei koselege kaféane? Fleire stadar i sentrum finn du gater og hus du kan kjenne att frå scener i krimnserien «Shetland». Byen er kjend for nisjebutikkar med lokalt utval, så her er det også sjanse til litt shopping. Lokale ølsortar og ginen Shetland Reel er også verd å prøve.  

    Om veret er bra, er det også mogleg å blir med reiseleiar på rusletur rundt The Knab. Turen startar midt i sentrum, og går vidare inn på ein sti som tek oss langs kystlinja med flott utsyn over til øya Bressay og rett ut i Nordsjøen. Perfekt for ein roleg spasertur, før flyturen vår heim.   

    På tidleg ettermiddagen køyrer bussen oss til flyplassen på Sumburgh, og så er det fly tilbake til Norge.    
    (F) 

Kart

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
9/8BergenShetlandMeir enn 821 950,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo