
12. - 16. juli 2025.
Velkomen til ein spennande og innhaldsrik tur til Shetland saman med TV-profilen og “vesterleds-entusiasten” Dag Lindebjerg. Han er journalist frå Bergen og er kjend som sportskommentator i NRK. I tillegg har han i mange år vore programleiar både i radio og TV for fleire ulike seriar. Etter programma om Vesterhavsøyane ville han gjerne tilbake til dette spennande området, og han vart reiseleiar dit. Mange har hatt glede av å vere med han, og no kan det vere din tur til å få ei eventyrreise vest i havet.
Med sin engasjerande formidlarstil deler Dag raust av sine kunnskapar om geografien, historia og folket på øyane i vest. Ein tur til Shetland er på fleire måtar som ei reise attende i historia. Folket her har sterke band til Norge og Skandinavia heilt frå vikingane invaderte øyane for meir enn 1000 år sidan. Vi finn eit vakkert, grønt landskap, og vi skal besøke mange historiske attraksjonar. På heile turen nyt vi god mat og møter eit gjestfritt folk i vakre omgjevnader.