Skip to main content

Edith Piafs Paris med Sylfest Lomheim

3. - 8. mai 2025.

Det er 62 år sidan Edith Piaf gjekk bort, og ho lever framleis som eit ikon innan fransk musikk og kultur. Då ho døydde, fylte over 100 000 menneske gatene i Paris for å ta eit siste farvel med henne på gravlunden Père-Lachaise. Gjennom sitt korte, men intense liv rørte Piaf millionar med si kraftfulle, men sårbare stemme. Songane hennar fortel historier om kjærleik, tap og livsvilje, og dei held fram med å inspirere nye generasjonar. Arven hennar blir ført vidare i filmar, musikalar og bøker om «Spurven» frå Belleville. 
 
Vi besøker Montmartre, Pigalle og Belleville, der ho song på kaféar og i gatene som ung gatesongar. Gjennom musikken og historia hennar kjem vi tett på både mennesket og artisten Edith Piaf.  
 
På denne turen vil Sylfest Lomheim  ta oss med inn i Edith Piafs liv og tida ho levde i. Han har budd i Frankrike og har lenge interessert seg spesielt for landet. Med si store innsikt i fransk kultur, språk og historie, delar han raust av kunnskap sin om byen og arven etter Edith Piaf. 
 
Vi skal nyte kafelivet og stemninga i vårlege Paris, og vi skal til dei gamle tidstypiske barane der ein framleis kan høyre franske chansons. Bli med på ein innhaldsrik tur med store musikkopplevingar!

Søk

Bildegalleri

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    Frukost
    Lunsj
    Middag

  • Dag 1: Laurdag 3. mai - Til Paris og Montmartre

    Avreise frå Gardermoen og Flesland om morgonen. Når vi landar i Paris, ventar bussen som skal ta oss til hotellet vårt. 

    Hotellet ligg i mellom Montmartre og det livlege Barbes-området. Montmartre var kjendt som eitt av kunstnarstrøka i Paris og trakk til seg målarar, skulptørar, forfattarar og kjende songarar, i tillegg til meir lysskye element som lettkledde dansarar, hallikar og prostituerte. Her heldt Edith Piaf også til i delar av livet sitt, og vi skal sjå fleire av plassane som var sentrale for ho. 
     
    Vi set bagasjen vår på bagasjerommmet på hotellet og går ut i nabolaget vårt for lunsj. Deretter sjekkar vi inn på hotellet, og rekk ein liten kvil her før vi samlast der Sylfest Lomheim ønsker oss velkomne med musikk og forteljingar om Edith Piaf og Paris. Kvelden avsluttar vi med ein triveleg middag på ein lokal restaurant i nærleiken. 
     
    Etter middag har vi sjanse til å besøke den legendariske kabareten Lapin Agile i Montmartre (ikkje inkludert). Denne intime kabareten er ein av dei eldste i Paris og har ein heilt spesiell atmosfære. Her har mange kjende artistar opptredd, inkludert Edith Piaf. Kvelden byr på tradisjonsmusikk der publikum ofte blir oppmuntra til å synge med til kjende songar frå artistar som Yves Montand, Georges Brassens, Charles Aznavour og sjølvsagt Edith Piaf. 

    Laurdag 3. mai - Til Paris og Montmartre
  • Dag 2: Søndag 4. mai - Oppleve Paris

    Denne dagen kan du velje å utforske Paris på eiga hand eller bli med Sylfest og reiseleiar. Vi tilrår eit besøk til eitt av dei berømte musea, Louvre eller Musée d’Orsay. Louvre er sjølvsagt “heimen” til Mona Lisa og mange andre kunstskattar, medan Mue d’Orsay byr på ei rik samling impresjonistiske verk. Merk at det kan vere lurt å kjøpe billettar på førehand for å unngå lange køar.  
     
    Reiseleiaren står klare med forslag til hyggelege lunsjstader, eller du kan finne ein koseleg kafé på eiga hand. Dei som ønsker det, kan ete saman med reiseleiarane. 
     
    Resten av dagen kan du nytte til å utforske Paris vidare på eiga hand. Kanskje vil du vandre langs Seinen, handle i dei eksklusive butikkane i Le Marais, eller berre sette deg ned på ein koseleg kafé og nyte byens atmosfære. Reiseleiaren vil sjølvsagt vere tilgjengelege for tips og råd om korleis du kan få mest mogleg ut av dagen.   
     
    Middag på eiga hand, men dei som ønsker det, kan vere med reiseleiarane til ein koseleg restaurant i gåavstand frå hotellet. 
     
    For dei som ønsker ei spektakulær avslutning på kvelden, er det mogeleg å delta på showet på verdskjende Moulin Rouge. Vi anbefaler å bestille billettar i god tid på førehand, og Fotefar kan hjelpe til med dette (merk at eit bestillingsgebyr på kr 250,- per billett vil komme i tillegg).
     

    Søndag 4. mai - Oppleve Paris
  • Dag 3: Måndag 5. mai – Opplev Paris

    Etter ein god frukost på hotellet kan dei som ønsker det, bli med Sylfest til nokre av Paris sine mest ikoniske landemerke. Vi tek turen til Champs-Élysées og vandrar langs den verdskjende avenyen. Det blir også mogleg å nyte utsikta mot det majestetiske Eiffeltårnet, før ein får tid til å utforske Paris vidare på eiga hand. 
     
    Vi anbefaler også eit besøk til det intime Le Musée Edith Piaf. Dette museet, som held til i ei leilegheit Piaf budde i då ho var 18 år, gir eit unikt innblikk i livet hennar. Merk at museet er i privat eige, og det kan vere lurt å sjekke opningstidene på førehand. Sylfest og reiseleiar tek med dei som vil hit.
     
    Resten av dagen får deltakarane tid på eiga hand. Dei som ønsker det, kan vere med reiseleiar ned til Latinarkvarteret for å oppleve stemninga på den såkalla «venstre breidd», eller sørsida av Seinen. Her finn vi mange koselege butikkar og restaurantar, og vi tek oss god tid til å sjå på folkelivet og utforske bydelen. Kanskje går vi forbi Sorbonne-Universitetet som ligg like ved (sjølve universitetet er stengt for turistar). Dei som vil, kan deretter dra saman med reiseleiaren tilbake til hotellet, eller ein kan bruke meir tid i Latinarkvarteret eller bydelane i nærleiken.  
     
    Middag på eiga hand, men dei som ønsker det, kan vere med Sylfest og reiseleiar til ein koseleg restaurant i gåavstand frå hotellet. 

    Måndag 5. mai – Opplev Paris
  • Dag 4: Tysdag 6. mai - Belleville i Edith Piaf sine fotefar

    Etter ein god frukost på hotellet kan dei som ønsker det bruke formiddagen til å utforske Paris i sitt eige tempo. Dette er ein fin sjanse til å oppleve noko av det du kanskje ikkje rakk dei første dagane. Kanskje du vil gå ein tur opp til Sacré-Cœur med utsyn over byen, besøk på museum eller berre nyte ein kopp kaffi på ein av dei mange sjarmerande fortauskaféane ipå Montmartre. Du kan òg velje å rusle langs Seinen og oppdage små perler i dei historiske gatene rundt. 
     
    Dei som vil kan bli med Sylfest og reiseleiar på ein hyggeleg felles lunsj før vi på ettermiddagen møtest på hotellet. Herifrå tek vi buss til det mangfaldige og levande Belleville-området, ein stad full av kontrastar og sjarm. Belleville er kjent som fødestaden til Edith Piaf, og dette nabolaget speglar av  mykje av historia hennar. Her møtst tradisjon og moderne byliv, med eit yrande kulturliv, små kafear, vintage-butikkar og lokale marknader.  
      
    I Belleville får vi sjå fleire viktige stader frå Edith Piaf sitt liv. Vi startar ved det som blir sagt å vere fødestaden hennar, ein enkel trappeoppgang i Rue de Belleville. Historia om Edith sin oppvekst - frå eit fattig liv som gatesongar til verdskjend artist - blir levande medan vi vandrar i gatene ho ein gong kjende så godt. Sylfest held foredrag om Edith Piaf undervegs på turen.  
     
    Vidare går turen til Père Lachaise, den berømte gravplassen der Piaf ligg gravlagd. Her tek vi oss tid til å sjå på dei vakre gravstadene og minnesmerka, inkludert grava til Piaf, som framleis blir besøkt av beundrarar frå heile verda. Rundturen avsluttar vi med eit besøk til Bar Edith Piaf og statuen hennar på Place Edith Piaf, ein fin måte å minnest «Spurven» frå Belleville på. 
     
    Kvelden blir eit av høgdepunkta på turen: ein uforgløymeleg Edith Piaf-kveld i ein tradisjonsrik bar. Vi samlast rundt middagsborda i eit intimt lokale, der det blir song og musikk inspirert av Piaf si verd. Etter middagen kan alle delta i ein livleg allsong, der vi kan synge med til songar av Piaf og andre kjende franske artistar. 

    Tysdag 6. mai - Belleville i Edith Piaf sine fotefar
  • Dag 5: Onsdag 7. mai - Byandring på Montmartre

    Denne dagen skal vi utforske den sjarmerande og historiske bydelen Montmartre. Bydelen er kjend for sine brusteinsgater, mange kunstnarar og vakre utsyn over Paris. Montmartre var ein gong ein eigen landsby utanfor bygrensene med vindmøller, vinmarker og bohemliv. På vandringa vår vil ein lokal guide fortelje om bydelen si unike historie, frå mellomalderen til kunstnartida på 1800- og 1900-talet, då kunstnarar som Renoir, Toulouse-Lautrec og van Gogh levde og arbeidde her. 
     
    Vi tek oss god tid til å utforske særeigne og karakteristiske stader som stader som Place du Tertre, det livlege torget der kunstnarar framleis stiller ut og sel verka sine, og Sacré-Cœur-basilikaen, som ligg majestetisk til på toppen av Montmartre-høgda. Undervegs blir det også fortalt om området Pigalle si rolle i Paris sitt natteliv og kulturhistorie. 
     
    Når det blir tid for lunsj, kan ein velje å nyte eit måltid saman med Sylfest og reiseleiar eller på eiga hand. Vi anbefaler restauranten Le Moulin de la Galette i Rue Lepic, ein historisk stad med røter tilbake til 1800-talet. Restauranten er knytt til den opphavlege vindmølla og dansefestane som inspirerte kunstnarar som Renoir, som måla den berømte «Bal du Moulin de la Galette». 
     
    Etter lunsj held vi fram med vandringa, no i Edith Piaf sine fotefar. Vi opplever stadene som var viktige i livet hennar og får eit nærare innblikk i kvifor Montmartre var så viktig for karrieren hennar.  
     
    Om kvelden samlast vi til ein felles middag der vi kan dele inntrykk frå dagen og nyte god mat i godt selskap. 

    Onsdag 7. mai - Byandring på Montmartre
  • Dag 6: Torsdag 8. mai - Heimreise

    Etter ein god frukost tek vi farvel med Paris for denne gongen. Bussen vår hentar oss på hotellet og køyrer oss til Charles De Gaulle-flyplassen. Vi er framme i Oslo og Bergen på ettermiddagen. 

Kart

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
3/5BergenParisMeir enn 821 990,-BestillMer informasjon
3/5OsloParisMeir enn 819 990,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo