Vi reiser frå Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger til London. Det blir fleire grupper frå ulike avreisestader på dette cruiset.
Bussen vår tek oss frå flyplassen til hotellet (for dei som kjøper reisa med fly). Etter innsjekking samlast vi for felles middag på hotellet eller på ein restaurant i nærleiken.
Etter ein god frukost på hotellet har vi litt tid til å sjå oss om i nærområdet før bussen køyrer oss til cruiseskipet, og vi er klare for å gå om bord og sjekke inn på båten. Den går frå kaien i London (Tilbury) seint på ettermiddagen, og vi må vere ute i god tid. Skipet vårt, Ambience, er nyoppussa i 2022 og tilbyr ei cruiseoppleving med ein uformell og vennleg atmosfære. Dei fleste av dei andre på skipet er engelske turistar.
Etter avgang frå Tilbury i utløpet av Themsen møtest vi i restauranten til den første middagen om bord. Vi har våre eigne bord, og kan nyte maten medan skipet seglar ut Themsen og svingar nordover langs Englands austkyst. Resten av kvelden og natta går med til å segle mot det skotske høglandet.
(F, L, M)
Denne dagen er vi på sjøen heile tida, og legg opp til eit informativt møte med reiseleiar og det første foredraget er av Birger Berge; «Strikk over nordsjøen».
Etter foredrag frå Birger klør det nok i strikkefingrane, så vi samles til en workshop for å øve oss på den Islandske strikkemetoden «Islandsk intarsia».
Elles er det mange ting å gjere om bord. Ambience er eit tradisjonelt britisk cruiseskip, så her kan ein blant mykje anna få med seg «afternoon tea» og andre erkebritiske aktivitetar. Det blir god tid til slappe av og nytte seg av alle skipet sine fasilitetar. (Nokre av desse kan bestillast på førehand). I tillegg til den store salen som viser show på kveldane, finst det shoppingsenter, bibliotek, arts/crafts-rom, utandørs gåløype og rom for kortspel om bord. Der er også fleire kafear og barar på skipet, og vi finn oss ein «stamkafe» der ein kan treffe reiseleiarane gjennom dagen. Det er heilpensjon om bord, så alle måltid på skipet er inkluderte i turprisen. Spa-tilbod finst også på Ambience, med sauna, dampbad og frisør, i tillegg til symjebasseng og badestampar.
Om kvelden møtest vi for middag i avdelinga vår i hovudrestauranten, der vi har eigne bord for gruppa vår.
(F, L, M)
I løpet av natta har vi segla heilt til det skotske høglandet og ankra opp ved den vesle hamnebyen Invergordon med ca. 4000 innbyggjarar. Byen har vore base for The Royal Navy, og er i dag ein sjarmerande småby med trivelege gater, butikkar og typiske skotske pubar.
Frå cruiseskipet har du moglegheit til å vere med reiseleiar til Invergordon Naval Museum & Heritage Centre, som ligg rett ved hamna.
Elles kan vi anbefale ein av ekskursjonane som vert arrangerte av cruiseselskapet (ikkje inkludert i turprisen). Tidlegare år har ein enten kunne vere med til verdskjende Loch Ness eller til whisky-destilleriet Glenmorangie, der dei lagar single malt whisky av beste kvalitet.
Om bord igjen blir det eit nytt foredrag med Birger Berge før middag: «Frå heimeproduksjon til næring».
(F, L, M)
Før frukost seglar vi inn blant dei 70 øyane som utgjer Orknøyane. Desse øyane har vore busette i over 8500 år og vart erobra og overtekne av nordmenn i år 875. Øyane vart seinare annekterte av Skottland i 1472, etter at det ikkje vart betalt medgift for brura til kong Jakob den tredje. Skipet legg til i hovudstaden Kirkwall, som ligg på hovudøya Mainland, og vi har tida fram til sein ettermiddag i byen.
I Kirkwall er det mogleg å melde seg på ei tilleggsutflukt der vi, saman med Birger og reiseleiar, besøker verkstaden til den lokale ull- og garnprodusenten Isle of Auskerry (mot tillegg i pris). Øya Auskerry ligg ein halv time utanfor Kirkwall, og her held den sjeldne sauerasen North Ronaldsay til, som lever godt på øya sidan det finst mykje av favorittmaten deira – tang! Ulla frå sauene blir klipt for hand og selt gjennom familiebedrifta som har hatt sin base på denne øya i 35 år.
Vi kan anbefale å ta gåturen frå cruiseskipet gjennom sentrum og over til garnbutikken The Tree Shop. Inspirert av det Birger så langt har vist oss, finn ein her garn i forskjellige fargar og ull som ein kan bruke til strikking av turmønsteret – eller andre prosjekt.
Om ein vil oppleve noko anna, kan ein delta på ekskursjonar i regi av reiarlaget (ikkje inkludert i turprisen). Alternativt kan ein ta ein rusletur bort til den imponerande St. Magnus-katedralen som dominerer bybiletet. Rundt katedralen finn vi smale, koselege gater og dei karakteristiske grå steinhusa. Vi kan også anbefale ein annan attraksjon, nemleg Tankerness House, eit vakkert bevart landsbyhus frå 1500-talet som i dag husar Orkney Museum, eit museum med innblikk i øyane si historie frå steinalder til dags dato.
Etter middag set skipet kurs mot nord. Vi sit som vanleg saman i hjørnet “vårt” i restauranten, men dei som vil, kan sjølvsagt prøve ein av dei andre restaurantane om bord.
(F, L, M)
Skipet tek oss med nordover mot Island denne dagen, og ruta vi følgjer har nok blitt brukt heilt frå vikingtida og vidare i mellomalderen. På vegen oppover seglar vi vest for Shetland og har etterkvart Færøyane aust for oss. Vi legg opp til foredrag av Birger Berge også denne dagen. Temaet blir «Kunne vikingane strikke?»
I tillegg til felles strikkesamling på dagen er det mange ting å gjere om bord. Vi satsar på fint vér denne sommardagen og anbefaler å nyte det ute på dekk, kanskje også i symjebassenget. Viss ein ønskjer ei strikk og drikk-økt, er det heile 11 tilbod om bord, inkludert cocktail- og vinbarar og fleire pubar. Utvalet av restaurantar er også stort, med alt frå gourmetrestaurantar med kvite dukar til enklare bistroar.
Om kvelden møtest vi til middag i avdelinga vår i hovudrestauranten, og etterpå kan ein oppleve kveldsunderhaldinga om bord viss ein ønskjer det. Det er sang og musikk i den store showloungen nesten kvar kveld.
(F, L, M)
Vi nærmar oss Island og første stopp på rundturen rundt Island, Seydisfjordur. Vi legg opp til foredrag og workshop med Birger Berge også denne dagen. Temaet blir «Frå fiskartrøyer til den ikoniske Lopapeysa».
Vi har møtepunkt i stamkafeen vår, så ein kan slå av ein prat eller samlast for felles strikkeøkt med kvarandre der utover dagen. Her vil ein også finne reiseleiarane til faste tidspunkt både på formiddagen og ettermiddagen. Vi anbefaler elles å nytte seg av dei mange tilboda og aktivitetane om bord, eller nyte livet ved symjebassenget viss veret tillet det.
Om kvelden møtest vi til middag, og kanskje kan vi skimte Island langt der framme før vi legg oss denne julikvelden.
(F, L, M)
Om natta har vi ankrar opp i vesle Seydisfjordur med berre 800 innbyggjarar. Byen vart bygd av norske fiskarar på 1800-talet, og mange av dei gamle trehusa er bevarte. Her har vi god tid til å gjere oss kjende i byen, og rusle rundt i dei koselege gatene. Sjølv om byen er liten, finst det fleire kafear, og her er også butikkar som sel typiske islandske strikkegenserar og anna handverk.
Aust-Island har fantastisk natur, og cruiseselskapet legg opp til ulike utflukter denne dagen. Meir informasjon om desse turane kjem seinare (ikkje inkludert i turprisen).
Avreise seint om ettermiddagen. Før middag får vi eit nytt foredrag av Birger Berge: «Eskimo, Grønlender, Islender, vandrande tradisjonar».
Vi legg Seydisfjordur bak oss og set kursen nordvestover mot Akureyri. Kysten er barsk og vakker her, og det bur svært få menneske langs desse strendene.
(F, L, M)
Om natta har skipet teke seg langs nordkysten av Island. Det er lyse netter på sommaren, så viss ein er ein morgonfugl, kan ein få med seg utsynet mot den spektakulære kysten. Tidleg denne morgonen er vi framme i Akureyri, Islands fjerde største by med 17 000 innbyggjarar. Hovudnæringane her er fiske og jordbruk, og byen har også universitet.
Akureyri blir kalla Nord-Islands hovudstad, og innbyggjarane meiner dei har det beste veret på Island. Det har blitt ein trend i sosiale media å leggje ut solskinsbilde frå byen på taggen #alwaysgoodweatherinakureyri. Når ein er i Akureyri, bør ein få med seg eit av dei mange galleria og kunstmusea i sentrum. Eit besøk i den modernistiske kyrkja i byen kan også anbefalast.
Frå Akureyri har de høve til å melde dykk på ei tilleggsutflukt (mot tillegg i pris) for eit besøk til Kaðlín Handverkshús i Húsavík. Butikken er full av lokalt handverk og utallige flotte strikkegensarar de kan bli inspirerte av.
Cruiseselskapet tilbyr ekskursjonar til ulike attraksjonar i området rundt byen (ikkje inkludert i turprisen). Vi sender ut informasjon om desse seinare. Dei som ikkje skal på ekskursjon, har god tid til å rusle rundt i Akureyri, ta ein tur på kafé eller besøke ein av dei koselege butikkane i byen.
Når skipet lettar anker, er vi klare for fellesmiddag på restauranten om bord der vi har vår eigen seksjon. Ein kan også velje å ete på ein av dei andre restaurantane på skipet.
(F, L, M)
Isafjordur har 2600 innbyggjarar og har lenge vore eit handelsentrum i vestfjordane, den delen av Island som liknar mest på dei norske fjordane. Isafjordur var ein av seks handelsstader på Island som fekk kjøpstadsrettar i 1786, og er no den største bygda i området. Heile vestfjordane-regionen har berre 9500 innbyggjarar, og det er den spektakulære naturen som trekk til seg besøkande. Blant dei mest kjende attraksjonane er vakre Arnafjördur og den imponerande fossen Dynjandi.
Vi har god tid til å rusle rundt i den vesle byen, gå på kafé eller besøke Westfjords Heritage Museum som syner fram historia til vestfjordane. Ein kan også velje å melde seg på ekskursjonar i regi av cruiseskipet (ikkje inkludert i turprisen) til attraksjonar i nærleiken.
Avgang om kvelden. Etter middag i restauranten set skipet kurs mot sør i retning Reykjavik.
(F, L, M)
Tidleg denne lyse morgonen seilar vi inn til hamna i hovudstaden, Reykjavik. Vi seier farvel til båten vår og alle dei nye menneska vi har blitt kjende med på denne innhaldsrike reisa i vesterled. Buss til flyplassen, og fly tilbake til Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim.
(F)
Vi seglar med skipet Ambience. Det har 789 gjestelugarar med senger til 1400 passasjerar. Det vart bygd i 1991 med siste oppussing i 2022, og har 11 gjestedekk og 9 heisar. Om bord finn vi noko for ein kvar smak både i restaurantar, barar, salongar og underhaldning. Det er kasino, butikkar, diskotek, handverksrom, bibliotek, treningssenter og spa-avdeling.
Her ser du dekkplanen:
Skipet har plass til 1400 passasjerar, og ein god del vert frå Fotefar. Vi blir mange som reiser for å sjå denne fantastiske reiseruta og høyre foredraga saman.
På cruise er vi usett for vêr eller andre uforutsette hendingar. Skulle dette oppstå, reserverer reiarlaget seg retten til å endre seglingsrute, tider og program. Det blir ikkje gitt refusjon for slike endringar i programmet.