Skip to main content

Elvecruise på Nilen med Terje Tvedt

16. - 23. februar 2026. 

Bli med på tur til Egypt og båtreise på Nilen saman med ein av verdas fremste ekspertar på elvas historie, Terje Tvedt. Den siste boka hans om elva og rolla hennar i samfunna ho renn gjennom, «Nilen – Historiens elv» fekk strålande kritikkar, vart ein bestseljar og er omsett til mange språk, mellom anna til arabisk i Egypt. Mange har sikkert sett dokumentarfilmen hans på NRK, "Kampen om Nilen". Han vil på båten som me har leigd kun for Fotefar halde ei foredragsrekke om ei fasinerande reise i fortid og notid på den mest sagnomsuste av alle store sivilisasjonsskapande elvar. 

Vi startar med nokre dagar i Kairo der vi får med oss Det egyptiske museet og pyramidane i Giza. Det blir vidare sjanse til å melde seg på ei dagsutflukt til Alexandria, før vi tek fly til Luxor og går om bord i den chartra båten vår, Sunrise Semiramis II. Vi har heile skipet for oss sjølve, og på turen blir det spennande forelesingar frå Terje Tvedt om Nilen si historie. Etter at vi kjem fram til Aswan, blir det sett opp dagsutflukt til Abu Simbel-tempela, bygd av Ramses den andre. 

Søk

Bildegalleri

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Tysdag 16. februar - Framkomst Kairo

    Fly frå Gardermoen til Kairo (tid kjem seinare). Bussen køyrer oss til vårt 4-stjerners hotell i sentrum. Etter innsjekkinga samlar vi oss til velkomstmøte, der vi blir betre kjende med kvarandre og får meir informasjon om den komande reisa.

  • Dag 2: Onsdag 17. februar - Kairo og pyramidane

    Dagen startar med ein god frukost på hotellet før vi skal få oppleve Kairo og pyramidane. Først går turen til Det egyptiske museet. Her får vi tid til å fordjupa oss i tusenvis av år med egyptisk historie gjennom ei imponerande mengd gjenstandar frå faraoane si tid. Dette er verdas største samling av oldsaker og mumiar frå det gamle Egypt, der Tutankhamon si gylne maske av 12 kilo gull er ein av dei mest kjende attraksjonane.

    Etterpå går turen til Giza-området, 25 kilometer utanfor Kairo, for å oppleve dei storslegne pyramidane. Her finn vi også den kjende Sfinxen i Giza. Felles lunsj denne dagen. Buss tilbake til hotellet seint på ettermiddagen.

    Om kvelden får vi den første forelesninga til Terje Tvedt om rolla og historia til verdas mest kjende elv.  Han vil spørje: Kvifor er «Egypt, pyramidenes land» blitt kalla «ei gåve frå Nilen» og kva er det spesielle ved den mest kjende elva på kloden? " Professor Terje Tvedt har forska over 30 år på Nilen. Elva er livsviktig for millionar av mennesker der den renn gjennom 11 land. Men den er også ei kjelde til krig, konflikt og kamp om ressursane. I rekka av forelesingane til Terje Tvedt på denne turen blir vi med på ei fantastisk reise i den mektige elva si historie og notid. Elva har alltid vore i sentrum for storpolitikken. Her har både Tutankhamun, Cæsar, Churchill, Nasser og Bin Laden skapt verdshistorie, og i framtida kjem kampen om vatnet til å bli enno meir intensiv.

    Middag om kvelden for dei som ønskjer å ete med reiseleiarane.
    (F, L)

  • Dag 3: Torsdag 18. februar - Valfri dagstur til Alexandria

    Denne dagen kan du velje om du vil bruke tida på eiga hand i Kairo sentrum eller bli med på dagstur til den historiske byen Alexandria (mogeleg val). Bussen tek oss først til Qaitbay-fortet, som vart bygd på 1500-talet på staden der Fyrtårnet på Faros, eit av verdas sju underverk, ein gang stod. Etterpå besøker vi Bibliotheca Alexandrina, ein moderne rekonstruksjon (teikna av Snøhetta) av det legendariske Alexandriabiblioteket som vart øydelagt i år 391 e.Kr. På ettermiddag får vi sjå Pompeius' søyle, som vitnar om den gamle byen sin stordomstid. Søyla er over 20 meter høg, og den vart sett opp for å heidre keisar Diocletianusi ca. år 300 e.kr. I tillegg skal vi vitje katakombene ved Kom El Shoqafa.

    Felles lunsj på ein lokal restaurant I Alexandria for dei som har meldt seg på dagsutflukta.

    Om ettermiddagen returnerer vi til Kairo, der det er høve til å kjøpe seg middag saman med reiseleiarane på hotellrestauranten, eller finne seg ein restaurant i nærleiken. Etter middag får vi det andre foredraget av Terje Tvedt «Nilen i myter og religionar».
    (F)

  • Dag 4: Fredag 19. februar - Kairo til Luxor

    Etter ein tidleg frukost (ev. matpakke), tek bussen oss til flyplassen i god tid før avreise til Luxor.

    I Luxor hentar bussen oss på flyplassen og tek oss til Karnak, eit monumentalt og 4000 år gamalt tempel-kompleks. Dette området vart rekna som det mest heilage i Egypt i oldtida, og er utruleg å få oppleve med sine gigantiske søyler og store utstrekning.

    Etterpå sjekkar vi inn på cruisebåten Sunrise M/S Semiramis II, som blir heimen vår dei neste dagane. Båten er utstyrt med spa-avdeling, treningsrom og eit stort soldekk med symjebasseng, så her kan vi verkeleg slappe av og kose oss. Vi nyt vår første lunsj om bord før eit nytt foredrag med Terje Tvedt «Nilen som verdas geografiske gåte nummer éin». 

    Denne kvelden kan ein bli med reiseleiar og lokal guide på ein kveldstur ut i Luxor (mogeleg val). Vi går strandpromenaden, lokalt kalla for Conichen, bort til det ikoniske Winter Palace. Palasset vart bygd i 1886, og brukt som vinterresidens for den egyptiske kongefamilien, i tillegg til å ta imot europeiske kongelege, adelsmenn og elles velstående turistar som besøkte Luxor. Her budde også Henrik Ibsen då han vart invitert til opninga av Suez kanalen i 1869.

    Hotellet, slik det står fram i dag, vart opna i 1907 og har stått majestetisk her på breidda sidan den gongen. Arkitekturen til Winter Palace er ei blanding av viktoriansk eleganse og egyptisk storheit. Her sit mykje historie i veggane, og hotellet har blitt brukt som overnattingsstad og møtestad for både kongelege og andre sidan opninga.

    Av andre kjende hendingar så vart hotellet brukt som filmkulisser i Poirot sin «Døden på Nilen», og det var her Howard Carter kunngjorde oppdaginga av Tutankhamon si grav i 1922. Sjølv etter alle desse åra, har hotellet bevart mykje av sjarmen sin, og er for mange framleis eit symbol på luksus og eleganse i Luxor.

    For dei som ikkje blir med på denne utflukta, er det mogleg å utforske Luxor-tempelet, som vert opplyst når mørket fell på, og er ei stor oppleving å få med seg. Vi kan også anbefale ein rusletur på strandpromenaden, den såkalla «cornichen» som også er ein fin måte å sjå byen og folkelivet.
    (F, L, M)

  • Dag 5: Laurdag 20. februar - Luxor

    Denne dagen byr på eit mangfald av opplevingar. Tidleg om morgonen får du høve til å delta på ein valfri luftballongtur over Luxor med spektakulær utsikt over det majestetiske landskapet (mogeleg val). Etter denne luftige opplevinga besøker vi Memnon-statuane og Kongenes Dal, faraoane sine imponerande gravkamrar. Her er det heile 63 faraograver.

    Etterpå samlar vi oss om bord på cruisebåten for å nyte ein god lunsj.

    På tidleg ettermiddag legg vi frå kai i Luxor og fortset turen opp den sagnomsuste Nilen. Før middag får vi eit nytt foredrag av Terje Tvedt «Frå faraoane si tid til det britiske Nil-imperiet».
    (F, L, M)

  • Dag 6: Søndag 21. februar - Edfu og Kom Ombo

    Dagen startar med eit besøk på det storslagne Horus-tempelet i Idfu, eit av dei best bevarte templa i heile Egypt, og for mange eit viktig stopp. Hest og kjerre er eit mykje brukt framkomstmiddel i Egypt, og denne dagen vil vi nytte dette på turen gjennom byen til Horus-tempelet. Dette tempelet, dedikert til falkeguden Horus, imponerer med sine detaljerte skulpturar og komplekse design (mogeleg val).

    Etterpå blir det lunsj, medan vi seglar mot Kom Ombo. Vi nyt sola på dekk, og har god tid til å ta inn det særegne landskapet langs Nilen. Utsynet har endra seg lite gjennom historia. Landbruket blir framleis drive etter tradisjonelle metodar, og det er lett å drømme seg tilbake til svundne tider.

    Ved framkomst utforskar vi Kom Ombo-tempelet (mogeleg val), eit særeige dobbelttempel dedikert til gudane Sobek og Horus. Tempelet ligg ved krokodilleguden Sobek sitt sakrale kompleks og museet for krokodillemumiane. Det vert også i dag føredrag av Terje Tvedt «Mennesket sin årtusen lange kamp for å gjere seg til Nilens herskar».

    Å avslutte kvelden med noko godt i glaset på dekk er absolutt å anbefale!
    (F, L, M)

  • Dag 7: Måndag 22. februar - Utforsking av Aswan

    I dag ventar nye eventyr i Aswan. Dette er den siste heile dagen vår i Egypt, og vi får høve til å utforske dei majestetiske Abu Simbel-templa (mogeleg val). Om ettermiddagen kan ein vere med på fellesutflukta til Aswandammen, som er inkludert i turprisen. Denne imponerande ingeniørprestasjon har forma landskapet og liva til folka her på godt og vondt. Viss ein ikkje blir med til dammen, kan ein i staden vere med på ulike utflukter (mogeleg val). Du kan nyte ei avslappande felucca-segltur på Nilen, besøke ein nubisk landsby for å læra om lokal kultur, eller nyte Afternoon Tea på det historiske Old Cataract Hotel, der både Winston Churchill og Agatha Christie har budd.

    Kvelden vert avrunda med felles middag.
    (F, L, M)

  • Dag 8: Tysdag 23. februar – Aswan til Kairo og heimreise

    Rett etter frukost vil Terje Tvedt reflektere over reisa vår i eit siste foredrag «Oppsummering av inntrykk og elva som eit land si livline og sjølvsagte sentrum».

    Fly til Kairo og derifrå fly tilbake til Norge. Tidspunkt for flyreisene kjem seinare.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
16/2OsloMS Semiramis IIMeir enn 849 950,-BestillMer informasjon
Reisekalender
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo