
7. - 16. oktober 2025.
Bli med til metropolen New York og vakre Washington D.C. Vi startar reisa vår i storbyen, New York, byen som aldri søv. Her opplever vi dei store attraksjonane på Manhattan inkludert Ellis Island og Fridomsgudinna. Torsdag 9. oktober står vi på kaien når kopien av «Restaurationen» kjem inn til New York etter ei lang reise frå Norge. Den storslegne feiringa av 200 års jubileumet for utvandringa til USA blir eit av høgdepunkta på turen.
I hovudstaden, Washington D.C., er vi midt i verdas politiske sentrum. Der får vi sjå Det kvite hus, Kongressen, John F. Kennedy si grav, Lincoln-monumentet, Vietnam- og Korea minnesmerka, museum og mykje anna. Vi er så heldige å ha med korrespondentekteparet Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen på denne spennande reisa i amerikansk politikk, kultur og historie.
Kvar dag deler Eva og Joar av sine store kunnskapar om områda vi er i. Dei gir oss morosame kåseri og interessante anekdotar om smått og stort, krydra med det siste innan politisk sladder.