Skip to main content

Andrea Bocelli i heimbyen Lajatico

21. – 25. juli 2025.

San Miniato

Grøne åssider, vakre landsbyar og gode smakar kjenneteiknar Toscana. Kvart år inviterer den verdskjende tenoren og operasongaren Andrea Bocelli til utandørs operakonsert i heimbyen sin Lajatico.

Fotefar gjentek suksessen frå 2023 og 2024, og inviterer deg til å dele denne musikalske opplevinga saman med oss. På turen skal vi bu i mellomalderbyen San Miniato, som ligg i hjarta av Toscana. Byen har eit hyggeleg sentrum med mange kaféar og butikkar, blant anna finn du trøffelbutikk her. Byen og området rundt har stort fokus på såkalla «Slow Food», altså lokal mat dyrka i nærleiken og laga med tradisjonelle oppskrifter. Her får vi smake på ekte toskanske matrettar med lang historie i regionen.

I tillegg til konserten med Bocelli får du høve til å oppleve renessansebyen Firenze, antikkens Lucca,  besøke ein vingard som ligg vakkert til i det toscanske landskapet og nyte eit gourmetmåltid på ein av San Miniato*s beste restaurantar.

Søk

Bildegalleri

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Måndag 21. juli - Velkommen til San Miniato

    Avreise frå Gardermoen om morgonen (mellomlanding i København) og framme i  Firenze på føremiddagen der vi stoppar i fleire timar i denne  fantastiske byen. Firenze er den største renessanse- og kunstbyen i Italia, og det blir tid på eigenhand. Reiseleiar tar dykk gjerne med på ei vandring gjennom byen, for de som ikkje ønsker å gå på eiga hand. På vandreturen kan vi blant anna sjå den praktfulle katedralen Santa Maria del Fiore, lokalt kalla Il Duomo. Vi skal også vandre forbi den unike og vakre Basilica di Santa Croce, der blant anna Michelangelo ligg gravlagd. Firenze er ein koseleg by å spasere rundt i med eit yrande gateliv og ein stor marknad - særleg med skinnvarer.  Vi skal sjølvsagt gå på den verdskjende brua Ponte Vecchio over elva Arno.

    Vi kjem fram til den vesle og idylliske byen San Miniato seint om ettermiddagen, og her skal vi bu medan vi er i denne regionen. Den vesle byen var først nemnd då langobardar bygde eit kapell her rundt år 800, til ære for helgenen San Miniato. Området er spesielt kjent for trøflar, god mat og vin, så her kan vi verkeleg leve det gode liv.

    Framme i San Miniato blir gruppa fordelt på to hotell. Etter innsjekkinga er det mogeleg å vere med reiseleiar ut på ein rusletur for å bli litt kjende i byen.  Under mellomalderen låg San Miniato strategisk til langs vegen, Via Francigena, som på den tida knytte Europa saman med Roma.  Denne ferdselsvegen starta i England og gjekk gjennom både Frankrike og Sveits til Roma. Arkeologiske utgravingar viser at det i området har vore busetnad her heilt tilbake til den eldre steinalder.

    Denne dagen kjem vi fram til litt ulike tider, så det vert middag på eiga hand. Reiseleiar kjem gjerne med tips om restaurantar.

  • Dag 2: Tysdag 22. juli - Rusletur i San Miniato, gourmet-måltid og Andrea Bocelli-konsert

    Etter ein god frukost går vi ut på ein rusletur i San Miniato, på veg til eit gourmet-måltid. Mellomalderbyen kan by på Catedrale di Santa Maria Assunta e di San Genesio, ein vakker utsmykka katedral med interiør inspirert frå nyrenessanse og barokk. Oppe frå tårnet Federico kan ein nyte ein av dei flottaste utsyna over området. Når det nærmar seg tid for lunsj (mogeleg val mot tillegg i pris), samlast vi for ein rusletur til ein lokal restaurant, som ligg i utkanten av byen, om lag 5 km å gå ein veg. Restauranten står oppført i Guide Michelin (utan stjerne) og har ein god og varm atmosfære. Her får vi smake på moderne mat med røter langt tilbake i dei lokale tradisjonane.

    Etter ein nydeleg og lang lunsj, vert vi henta med buss og køyrd tilbake til hotellet. Her får vi høve til å skifte og gjere oss klare for kvelden med konsertopplevinga i Lajatico. Konserten byrjar ikkje før 21.30 på berømte Teatro del Silencio. Konserten varer til midnatt, og vi er tilbake til hotellet ute i dei små nattetimane.

    Arrangøren tek atterhald om veret, og konserten kan bli flytta frå den 22. juli til den 23. juli i tilfelle uver. Arrangøren refunderer ikkje billettane om konserten vert avlyst.
    (F)

  • Dag 3: Onsdag 23. juli - Utflukt med vingardsbesøk

    Fulle av inntrykk etter opplevingane i går, har vi i dag berekna litt ekstra god tid til frukosten. På føremiddagen blir vi henta med buss for utflukt med omvising på ein lokal vingard. I vakkert toskansk landskap, blir vi møtte av vertskapet for omvising og vinsmaking. Vi skal også ete lunsj her. Dette er ei stor oppleving!

    Tilbake i San Miniato har vi ettermiddagen til fri disposisjon. Reiseleiar kjem gjerne med tips til aktivitetar her.

    Om ein vil oppleve andre tettstadar rundt San Miniato, er både småbyen Vinci og den større byen Pisa innanfor rekkevidde med offentleg transport. Vinci er fødestaden til renessansegeniet Leonardo da Vinci, og her kan ein besøke museet om han og dei utrulege oppfinningane hans. Det er mogeleg å gå tur frå sentrum og opp til gardshuset der han vart fødd. Huset ligg om lag 3 km frå sentrum, opp i åsen. Heile turen går på fin grusveg. Vinci har også fleire små koselege restaurantar og serveringsstader.

    Handelsbyen Pisa er verdskjend for det skeive tårnet og ligg ved den same elva som Firenze, Arno. I Pisa kan du vandre i gamlebyen, besøke ei rekke museum, i tillegg til å kikke på Det skeive tårnet. Den vakre katedralen Duomo di Pisa bør også nemnast.

    Middag denne kvelden er på eiga hand. Reiseleiar kjem gjerne med gode forslag.
    (F, L)

  • Dag 4: Torsdag 24. juli – Utflukt til Lucca

    Etter frukost set vi kursen mot den antikke byen Lucca, som går for å vere ein av dei vakraste byane i Toscana. Der blir vi møtt av ein guide for byvandring.
    Denne pittoreske byen blei grunnlagt av etruskarane og er fylt med historie gjennom mange år. Vi skal vandre i Luccas historiske sentrum på smale brusteinslagde gater, gjennom vakre torg og sjå bygningar med historie tilbake til mellomalderen og renessansen.

    Ein av Italia sine store komponistar, Giacomo Puccini, er fødd i byen, og Puccini-museet kan vere ei stad å besøke for interesserte.

    Vi finn også eit koseleg sentrum med innbydande spesialforretningar, trattoria og kafear tett i tett. Er du ute etter shopping, finn du også her eit godt utval av ulike butikkar. Sentrum i Lucca er omkransa av ein 4,2 km lang bymur. Ein populær aktivitet her er å leige seg ein sykkel for å oppleve byen, medan ein syklar rundt på muren. Bymuren er ein av dei best verna bymurane i Toscana. Det blir lunsj på eiga hand, og guiden vår vil anbefale restaurantar.

    Middag på hotellet.
    (F, M)

  • Dag 5: Fredag 25. juli - Heimreisedag

    Etter ein tidleg frukost køyrer bussen oss til flyplassen i Firenze for turen heim. Vi er framme på Gardermoen på ettermiddagen.
    (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
21/7OsloSan MiniatoMeir enn 821 950,-BestillMer informasjon
21/7San MiniatoSan Miniato
(Utan Flyreise)
817 950,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo