Skip to main content

Turar med Arild Erikstad

Arild Erikstad er ein erfaren musikkjournalist, musikkprodusent og programleiar. Med mange års fartstid i NRK har han vore musikksjef i fjernsynet, redaktør og programleiar for ei rekke programseriar og store konsertproduksjonar. Han har leia NRKs klassiske flaggskip, Hovudscenen, i 27 år og er kjend som «stemma frå Wien» etter å ha kommentert Nyttårskonserten i 30 år. 
 
Erikstad er også ein internasjonalt anerkjend mediepersonlegdom, tidlegare president i IMZ i 13 år og ein sentral figur i EBUs Music Expert Group. Han har intervjua mange av verdas fremste musikarar og songarar og laga portrettprogram om artistar som Lise Davidsen, Leif Ove Andsnes og Tine Thing Helset. I dag er han ein av Noregs mest populære og respekterte formidlarar av klassisk musikk, opera og dans. 

Søk
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo