Skip to main content

Blomstercruise med Tommy Tønsberg

11. - 15. april 2025.

Antwerpen - Rotterdam - Keukenhof - Amsterdam.

Velkommen med på elvecruise langs idylliske kanalar forbi koselege landsbyar og til vakre byar! På dette elvecruiset opplever vi Nederland og Belgia når våren er i anmarsj. Cruiset startar i flotte Antwerpen og seglar først via kanalar og innsjøar til Rotterdam, før vi avsluttar i Amsterdam midt i tulipanblomstringa.

Med oss på turen har vi hageentusiast og hagebokforfattar Tommy Tønsberg. Han skildrar seg sjølv som plantesamlar og evig planteformerar, og har gjennom hagekarriera si skrive over 15 hagebøker. Tommy har arbeidd om lag tretten år i Det norske hageselskap, og av dei nesten sju år som redaktør for Norsk Hagetidend. Han har dyrka plantar og etande vekstar heilt sidan han var veldig ung. I dag har han sin eigen hage på Holter i Nannestad, der han også driv ein liten staudeplanteskule. Sidan 2017 har Tommy også vore ein av to drivarar av nettbutikken Garden Living. Han elskar å fotografere plantar.

På turen vil Tommy Tønsberg halde foredrag for oss om bord på båten. I tillegg vil det bli utflukter til den praktfulle blomsterparken Keukenhof. Den store tulipanfestivalen går føre seg her i heile april, så her er det mykje å få med seg.

Vi bur godt på elvebåten, MS Lafayette, med mat og drikke inkludert på heile seglinga.

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Fredag 11. april - Frå Oslo til Antwerpen

    Utreise frå Gardermoen med direktefly til Amsterdam for dei som kjøper turen inkludert flyreisa. Det er mogeleg med tilknyting frå andre byar. Bussen tek oss frå Amsterdam til Antwerpen der vi på ettermiddagen går om bord på elvebåten vår, MS Lafayette. Båten ligg til kai sentralt i Antwerpen.

    Etter vi har fått tildelt lugarane våre, blir det velkomst-cocktail i salongen. Der presenterer reiarlaget dei som arbeider på båten, og vi får informasjon om båten, sikkerheita om bord og program for turen. Etterpå går vi rett til middagen i restauranten. Reiarlaget, Croisi, er fransk, så vi kan forvente oss ein god 3-retters middag og noko godt i glaset.

    Både restauranten og salongen om bord ligg på øvre dekk og har store panoramavindauge. Salongen har bar og hyggelege sitjegrupper. På soldekket er det både vanlege stolar og liggestolar.
    (M)

    Fredag 11. april - Frå Oslo til Antwerpen
  • Dag 2: Laurdag 12. april - Antwerpen - Rotterdam

    Etter ein god frukost er vi klare til å utforske Antwerpen. Dette er Europas nest største hamneby, etter Rotterdam. Antwerpen er vel kjend som handelsby og for foredling av diamantar. Framleis finst det eit eige diamantdistrikt i byen. Elles bør ein få med seg Grote Markt som ligg omkransa av tronge gater frå mellomalderen. I den imponerande Vår Frues-katedralen finn vi ei rekke måleri av den store målaren Rubens, som var busett i byen. Huset hans, Rubens House, kan også anbefalast for eit besøk. Dei som vil, kan bli med på ein guida vandretur rundt i sentrum i denne sjarmerande hamnebyen. Denne utflukta er inkludert i turprisen.

    Vi møtest i restauranten til lunsj, og båten startar på turen mot Rotterdam. Etter lunsj denne dagen skal vi ha det første foredraget med Tommy Tønsberg. Sidan dei fleste blomsterløkane vi kjøper i Norge i dag er produsert i nettopp Nederland, vil Tommy snakke litt om det mangfaldet som finst når det gjeld blomsterløk. Her vil vi få høyre om mange av dei tradisjonelle blomstrane som påske- og pinseliljer, krokus, keisarkroner og sviblar (hyasintar). I tillegg vil han snakke om mindre kjende blomsterløka som bjørnestjerner og små stjerneløkar. Det å få tak i dei litt meir ukjende blomsterløkane, var også ein av grunnane til at Tommy i 2017 var med å starte nettbutikken Garden Living. Fleire av alle blomsterløkane han snakkar om denne dagen, er blomster vi kan sjå i Keukenhof.

    Ettermiddagen bruker vi elles til å sjå det fascinerande landskapet med kanalar, innsjøar og tidlegare kystliner som no er avstengde frå havet med demningar og sluser. Om kvelden når vi Rotterdam. Byen har den største hamna i Europa og vart kraftig bomba under andre verdskrig. Det vart bestemt at ein ikkje skulle restaurere den gamle byen, men heller bygge nytt, og byen er dermed full av spennande, moderne arkitektur. Erasmusbrua og den straumlinjeforma marknadshallen, De Markthal, er gode eksempel på dette. Festmiddag om kvelden.
    (F, L, M)

    Laurdag 12. april - Antwerpen - Rotterdam
  • Dag 3: Søndag 13. april - Rotterdam - Keukenhof - Amsterdam

    Etter frukost får vi oppleve ein av Nederlands mest besøkte attraksjonar, den verdskjende blomsterparken Keukenhof. Parken byr på ein blomsterprakt du ikkje har sett maken til! Meir enn seks millionar tulipanar, påskeliljer, krokusar og hyasintar fyller parken med ei utruleg fargeprakt og blomsterduft. Her får vi tid til å oppdage dei mange små stiane, gangvegane og bruene som bind saman denne fantastiske hagen. Vi er tilbake på båten til lunsj.

    Om ettermiddagen vil vi få eit nytt foredrag der temaet er historia om tulipanen. Denne hageplanten har ei lang og veldig interessant historie.

    Om kvelden blir det middag i restauranten medan vi seglar det siste stykket inn på kanalane som fører til Amsterdam sentrum.
    (F, L, M)

    Søndag 13. april - Rotterdam - Keukenhof - Amsterdam
  • Dag 4: Måndag 14. april - Amsterdam

    Denne morgonen vaknar vi i Amsterdam. Etter frukost kan dei som vil, bli med på ei byvandring (mogleg val mot tillegg i pris) gjennom Amsterdam sitt historiske sentrum. Guiden vår tek oss med langs kanalane og over nokre av dei fire hundre bruene i byen. Vi får også sjå nokon av dei viktigaste bygningane som kongepalasset og husa rundt Damplassen. Elles har byen tre av verdas mest kjende kunstmuseum: Rijksmuseum, Van Gogh-museet og Museum Het Rembrandthuis som alle er vel verdt eit besøk. Etter guidinga returnerer vi til båten for lunsj.

    Om ettermiddagen skal vi ha eit nytt foredrag med Tommy, og temaet vil vere georginar. Dei varierer både i form og farge og er blitt kjempepopulære dei seinare åra. Dei fleste georginene vi kan kjøpe i Norge er produserte i Nederland.

    Det er ikkje berre i Keukenhof ein finn blomsterprakt under tulipan-festivalen, men også inne i Amsterdam sentrum med over 85 stader med blomstrande tulipanar. Du får også tid på eiga hand til å ta inn denne vakre byen kledd i fargerik vårdrakt. På den unike tulipanmarknaden kan du la deg inspirere av vårblomar i alle fargar og fasongar og sjølv handle løkar og knollar til din eigen hage.

    Om kvelden møtest vi til den siste middagen saman på båten.
    (F, L, M)

    Måndag 14. april - Amsterdam
  • Dag 5: Tysdag 15. april - Heimreise

    I dag er det tid for heimreise. Vi er klare til å mønstre av elvebåten, og bussen vår hentar oss og køyrer oss til flyplassen etter oppsett tid. Direktefly tilbake til Oslo.
    (F)

  • Viktig informasjon

     

    • Når ein er om bord på ein båt, må ein forvente noko motorstøy.
    • I nokre hamner vil ein måtte gå gjennom andre skip for å komme til land. Dette går nokre gonger føre seg opp/ned via soldekk.
    • Landgangar kan vere noko bratte. Uventa endringar i vasstanden i elvar kan skje. Skulle dette oppstå, reserverer reiarlaget seg retten til å forandre seglingsrute, tider og program. Det blir ikkje gitt refusjon for endringar i programmet på grunn av “force majeure”.
  • Om båten

    MS Lafayette

    Om båten
  • Her ser du dekkplanen:

Kart

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
11/4OsloMS LafayetteMeir enn 823 950,-BestillMer informasjon
11/4Båthamna (for elvebåtar) i AntwerpenMS Lafayette
Utan fly
Meir enn 819 950,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo