Skip to main content

Cruise til Færøyane, Orknøyane og rundt Island med Øystein Morten

4. - 21. juli 2025. 

Velkommen med på eit innhaldsrikt cruise til øyane i vesterled og heile vegen rundt Island. Vi startar med fly til London, der vi overnattar før vi går om bord i cruiseskipet Ambience. Derifrå går ferda til Invergordon på det skotske høglandet og så vidare til Kirkwall på Orknøyane. Skipet set så kurs nordover mot Seydisfjordur på Island før turen går rundt heile sagaøya til byane Akureyri, Isafjordur og Reykjavik, der vi ligg til land i to dagar. Deretter seglar vi sørover igjen til Runavik på Færøyane før vi returnerer til London. 

Undervegs blir det spennande foredrag av Øystein Morten om vikinghistoria. Øystein Morten er religionshistorikar, sakprosaforfattar og ordførar i Rollag kommune. Mest kjend er han for bøkene sine om dei norske kongane Olav den heilage, Sigurd Jorsalfare, Magnus den gode, Olav Tryggvason, og no sist om Eirik Raude som vart kalla oppsiktsvekkande og belønna med terninkast 5 i Dagbladet.  

Det blir ei fantastisk reiserute med både det skotske høglandet og øyane i vesterled, og i tillegg går båten rundt heile Island. Vi gler oss veldig! 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • DAG 1: Fredag 4. juli - Vi reiser til London

    Avreise frå Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger til London. Vi blir fleire grupper frå ulike avreisebyar på dette cruiset. Det er ikkje så mange cruise som tek heile denne reiseruta, så vi er heldige som får denne sjansen. 

    Bussen vår tek oss frå flyplassen til hotellet. Det blir god tid til å ta ein kvil på rommet før vi møtest igjen for å bli litt betre kjende. Middag på hotellet eller på ein restaurant i nærleiken. 

  • Dag 2: Laurdag 5. juli - London og om bord på cruiseskipet Ambience

    Etter ein god frukost på hotellet har vi tid til å sjå oss om i nærområdet før bussen køyrer oss til cruiseskipet, og vi er klare for å gå om bord og sjekke inn på båten. Den går frå kaien i London (Tilbury) seint på ettermiddagen, og vi må vere ute i god tid. Skipet vårt, Ambience, er nyoppussa i 2022 og tilbyr ei cruiseoppleving med ein uformell og vennleg atmosfære. Dei fleste av dei andre på skipet er engelske turistar. 

    Etter avgang frå Tilbury i utløpet av Themsen møtest vi i restauranten til den første middagen om bord. Vi har våre eigne bord, og kan nyte maten medan skipet seglar ut Themsen og svingar nordover langs Englands austkyst. Resten av kvelden og natta går med til å segle mot det skotske høglandet. 

    (F, L, M) 

    Laurdag 5. juli - London og om bord på cruiseskipet Ambience
  • Dag 3: Søndag 6. juli - Ein dag til sjøs

    Denne dagen er vi på sjøen heile tida, og vi legg opp til det første foredraget av Øystein Morten: England. Fra Hadrians mur til vikingangrepet på Lindisfarne i 793.  

    Elles er det mange ting å gjere om bord. Ambience er eit tradisjonelt britisk cruiseskip, så her kan ein blant mykje anna få med seg «afternoon tea» og andre erkebritiske aktivitetar. 

    Det blir god tid til slappe av og nytte seg av alle skipet sine fasilitetar. (Nokre av desse kan bestillast på førehand). I tillegg til den store salen som viser show på kveldane, finst det shoppingsenter, bibliotek, arts/crafts-rom, utandørs gåløype og rom for kortspel om bord. Der er også fleire kafear og barar på skipet, og vi finn oss ein «stamkafe» der ein kan treffe reiseleiarane gjennom dagen. Det er heilpensjon om bord, så alle måltid på skipet er inkluderte i turprisen. Spa-tilbod finst også på Ambience, med sauna, dampbad og frisør, i tillegg til symjebasseng og badestampar. 

    På vegen nordover passerer vi Lindisfarne-klosteret (vi ser det truleg ikkje frå båten), staden for det første vikingangrepet. 8. juni i året 793 gjekk vikingar i land, drap munkane og stal skattar frå klosteret. Dette er det eldste dokumenterte vikingåtaket, og difor blir det ofte rekna som byrjinga på vikingtida. 

    Om kvelden møtest vi til det andre foredraget til Øystein Morten med tittelen: Den store hedenske hæren (865-878). Etterpå blir det middag i avdelinga vår i hovudrestauranten, der vi har eigne bord for gruppa vår.  

    (F, L, M) 

  • Dag 4: Mandag 7. juli – Invergordon på det skotske høglandet

    I løpet av natta har vi segla heilt til det skotske høglandet og ankra opp ved den vesle hamnebyen Invergordon med ca. 4000 innbyggjarar. Byen har vore base for The Royal Navy, og er i dag ein sjarmerande småby med trivelege gater, butikkar og typiske skotske pubar.  

    Vi kan anbefale ein av ekskursjonane som vert arrangerte av cruiseselskapet (ikkje inkludert i turprisen). Tidlegare år har ein enten kunne vere med til verdskjende Loch Ness eller til whisky-destilleriet Glenmorangie, der dei lagar single malt whisky av beste kvalitet. 

    På turen til Loch Ness får ein høyre om legenda om sjøormen Nessie som skriv seg heilt tilbake til 500-talet. Køyreturen frå Invergordon tek ca. ein time kvar veg. Loch Ness er Skottland sin nest største innsjø, men er den klart djupaste med 226 meter, og det er nettopp tankane om kva som kan skjule seg i det store djupet som seiest å vere opphavet til mytane om sjøuhyret. Meir detaljert informasjon om utfluktene kjem nokre veker før avreise. 

    Det blir eit nytt foredrag med Øystein Morten før middag: Magnus den hellige (liket i Kirkwall). 

    (F, L, M) 

    Mandag 7. juli – Invergordon på det skotske høglandet
  • Dag 5: Tysdag 8. juli – Kirkwall, Orknøyane

    Før frukost seglar vi inn blant dei 70 øyane som utgjer Orknøyane. Desse øyane har vore busette i over 8500 år og vart erobra og overtekne av nordmenn i år 875. Øyane vart seinare annekterte av Skottland i 1472, etter at det ikkje vart betalt medgift for brura til kong Jakob den tredje. 

    Skipet legg til i hovudstaden Kirkwall, som ligg på hovudøya Mainland, og vi har tida fram til sein ettermiddag i byen. Her er det lagt opp til at vi kan delta på ekskursjonar i regi av reiarlaget. (Ikkje inkludert i turprisen.) Den imponerande St. Magnus-katedralen dominerer bybildet, og rundt katedralen finn vi smale, koselege gater og dei karakteristiske grå steinhusa. Katedralen vart oppført av Ragnvald Orknøyjarl til ære for onkelen hans Magnus Orknøyjarl. Byggjearbeidet starta i 1137, og katedralen har store likskapstrekk med Nidarosdomen. Den er i dag det viktigaste minnesmerket over Orknøyane si norske historie. 

    Vi kan også anbefale to andre attraksjonar, nemleg Tankerness House, eit vakkert bevart landsbyhus frå 1500-talet og Orkney Wireless Museum, eit museum med innblikk i radiohistoria. 

    Etter middag set skipet kurs mot nord. Vi sit som vanleg saman i hjørnet “vårt” i restauranten, men dei som vil, kan sjølvsagt prøve ein av dei andre restaurantane om bord. 

    (F, L, M) 

  • Dag 6: Onsdag 9. juli - Til sjøs

    Skipet tek oss med nordover mot Island denne dagen, og ruta vi følgjer har nok blitt brukt heilt frå vikingtida og vidare i mellomalderen. På vegen oppover seglar vi vest for Shetland og har etterkvart Færøyane aust for oss. Vi legg opp til foredrag av Øystein Morten også denne dagen. Temaet blir Norsk kultur og religion fra verdens undergang i 537 til Harald Hårfagre på 900-tallet. 

    Elles er det mange ting å gjere om bord. Vi satsar på fint ver denne sommardagen, og anbefaler å bruke dagen ute på dekk, kanskje også i symjebassenget. Viss ein treng ei forfrisking, er det heile 11 tilbod om bord, inkludert cocktail- og vinbar og fleire pubar. Utvalet av restaurantar er også stort med alt frå gourmetrestaurantar med kvite dukar til enklare bistroar. 

    Om kvelden møtest vi til middag i avdelinga vår i hovudrestauranten, og etterpå kan ein oppleve kveldsunderhaldinga om bord viss ein ønskjer det. Det er sang og musikk i den store showloungen nesten kvar kveld. 

    (F, L, M)

    Onsdag 9. juli - Til sjøs
  • Dag 7: Torsdag 10. juli – Til sjøs mot Seydisfjordur

    Vi nærmar oss Island og første stopp på rundturen rundt Island, Seydisfjordur. Vi legg opp til foredrag av Øystein Morten også denne dagen. Temaet blir Håkon den gode: Kristendommen møter den norrøne religionen. 

    Vi har møtepunkt i stamkafeen vår, så ein kan slå av ein prat med kvarandre der utover dagen. Her vil ein også finne reiseleiarane til faste tidspunkt både på formiddagen og ettermiddagen. Vi anbefaler elles å nytte seg av dei mange tilboda og aktivitetane om bord, eller nyte livet ved symjebassenget viss veret tillet det. 

    Om kvelden møtest vi til middag, og kanskje kan vi skimte Island langt der framme før vi legg oss denne julikvelden. 

    (F, L, M) 

  • DAG 8: Fredag 11. juli - Seydisfjordur, Island

    Om natta har vi ankrar opp i vesle Seydisfjordur med berre 800 innbyggjarar. Byen vart bygd av norske fiskarar på 1800-talet, og mange av dei gamle trehusa er bevarte. Her har vi god tid til å gjere oss kjende i byen, og rusle rundt i dei koselege gatene. Sjølv om byen er liten, finst det fleire kafear, og her er også butikkar som sel typiske islandske strikkegenserar og anna handverk. 

    Aust-Island har fantastisk natur, og cruiseselskapet legg opp til ulike utflukter denne dagen. Meir informasjon om desse turane kjem seinare (ikkje inkludert i turprisen). 

    Avreise seint om ettermiddagen. Før middag får vi eit nytt foredrag av Øystein Morten: De første menneskene på Island.  

    Vi legg Seydisfjordur bak oss og set kursen nordvestover mot Akureyri. Kysten er barsk og vakker her, og det bur svært få menneske langs desse strendene.  

    (F, L, M) 

    Fredag 11. juli - Seydisfjordur, Island
  • DAG 9: Laurdag 12. juli - Akureyri, Island

    Om natta har skipet teke seg langs nordkysten av Island. Det er lyse netter på sommaren, så viss ein er ein morgonfugl, kan ein få med seg utsynet mot den spektakulære kysten. Tidleg denne morgonen er vi framme i Akureyri, Islands fjerde største by med 17 000 innbyggjarar. Hovudnæringane her er fiske og jordbruk, og byen har også universitet. 

    Akureyri blir kalla Nord-Islands hovudstad, og innbyggjarane meiner dei har det beste veret på Island. Det har blitt ein trend i sosiale media å leggje ut solskinsbilde frå byen på taggen #alwaysgoodweatherinakureyri. Når ein er i Akureyri, bør ein få med seg eit av dei mange galleria og kunstmusea i sentrum. Eit besøk i den modernistiske kyrkja i byen kan også anbefalast. 

    Cruiseselskapet tilbyr ekskursjonar til ulike attraksjonar i området rundt byen (ikkje inkludert i turprisen). Vi sender ut informasjon om desse seinare. Dei som ikkje skal på ekskursjon, har god tid til å rusle rundt i Akureyri, ta ein tur på kafe eller besøke ein av dei koselege butikkane i byen. 

    Når skipet lettar anker, er vi klare for fellesmiddag på restauranten om bord der vi har vår eigen seksjon. Ein kan også velje å ete på ein av dei andre restaurantane på skipet. 

    (F, L, M) 

  • DAG 10: Søndag 13. juli - Isafjordur, Island

    Etter frukost får vi morgonforedrag med Øystein på veg inn til Isafjordur heilt nordvest på island. Temaet blir Eirik Raude. Fra Island til Amerika.  

    Isafjordur har 2600 innbyggjarar og har lenge vore eit handelsentrum i vestfjordane, den delen av Island som liknar mest på dei norske fjordane. Isafjordur var ein av seks handelsstader på Island som fekk kjøpstadsrettar i 1786, og er no den største bygda i området. Heile vestfjordane-regionen har berre 9500 innbyggjarar, og det er den spektakulære naturen som trekk til seg besøkande. Blant dei mest kjende attraksjonane er vakre Arnafjördur og den imponerande fossen Dynjandi. 

    Vi har god tid til å rusle rundt i den vesle byen, gå på kafe eller besøke Westfjords Heritage Museum som syner fram historia til vestfjordane. Ein kan også velje å melde seg på ekskursjonar i regi av cruiseskipet (ikkje inkludert i turprisen) til attraksjonar i nærleiken. 

    Avgang om kvelden. Etter middag i restauranten set skipet kurs mot sør i retning Reykjavik. 

    (F, L, M) 

  • DAG 11: Mandag 14. juli - Til Reykjavik

    Tidleg denne lyse morgonen kjem vi fram til hovudstaden, Reykjavik. 

    Denne dagen har vi god tid til å oppleve bykjernen i Reykjavik. Vi kan for eksempel anbefale eit besøk i den særmerkte og ruvande Hallgrímskyrkja. Er ein heldig, får ein kanskje med seg ein liten orgelkonsert der. Ved sida av kyrkja står ein stor statue av Leif Eiriksson, oppdagaren av Amerika. Statuen er ei gåve frå USA i samband med 1000-års jubileet for Alltinget i 1930. Derifrå er det kort veg til statuen av Ingolf Arnarson. Han kom frå Sunnfjord i år 874 og var den første landnåmsmannen på Island. Frå statuen kan vi sjå det imponerande konserthuset Harpa. 

    Landnåmsmuseet Reykjavik 871 +/-2 er også verdt å få med seg. Museet har fått namnet sitt frå eit vulkanutbrot som fann stad rundt denne tida. Det spreidde seg oske frå utbrotet som kom til å breie seg utover store delar av Island. I dag vert dette oskelaget nytta til å tidfeste funn frå utgravingar. 

    Eit anna alternativ for dei som er historieinteresserte, er Islands nasjonalmuseum. Ein kan også vitje Sagamuseet som viser landnåmsperioden og den eldste islandske historia på ein framifrå måte. 

    Reykjavik vert rekna som verdas minste metropol med gode høve til shopping. Fleire kan kanskje tenke seg å bruke noko tid i handlegatene i sentrum. Dei beste butikkane finn vi i Laugavegur, Bankastræti og til dels i Austurstræti og i Vesturgata. Andre vil gjerne berre rusle rundt i sentrum for å oppleve folkelivet. Ein kan også melde seg på utflukter arrangert av cruiseselskapet (mot tillegg i turprisen). 

    (F, L, M) 

    Mandag 14. juli - Til Reykjavik
  • DAG 12: Tysdag 15. juli - Reykjavik

    Ny heil dag i Reykjavik. Vi får god tid til å få med oss attraksjonar i sentrum som vi ikkje fekk med oss i går. Elles kan vi anbefale å vere med på bussturar arrangerte av rederiet (mot tillegg i prisen). Tidlegare har desse inkludert tur til Den blå lagune og Gullfoss. Meir info om desse kjem seinare. 

    Om kvelden lettar vi anker og seglar vidare. Etter to dagar i Reykjavik er vi klare for nye eventyr. Frå Island set skipet kurs mot søraust i retning Færøyane. Fellesmiddagen på restauranten vår om bord.   

    (F, L, M) 

  • DAG 13: Onsdag 16. juli - Til sjøs

    Denne dagen går med til å segle sørover frå Island. Når vi vaknar om morgonen har vi for lengst lagt Island bak oss og er ute i open sjø. Det blir eit nytt foredrag frå Øystein Morten etter lunsj med tittelen Kristningen av Island.  

    Elles anbefaler vi å slappe av på dekk, og kanskje ta ein dukkert i symjebassenget, eller ta del i ein av dei mange aktivitetane om bord. 

    Om kvelden møtest vi til middag i avdelinga vår i hovudrestauranten. Viss vi er heldige, får vi med oss ein fin solnedgang denne sommarkvelden med berre ope, blått hav i alle retningar. 

    (F, L, M) 

    Onsdag 16. juli - Til sjøs
  • DAG 14: Torsdag 17. juli – Til sjøs mot Færøyane

    Vi startar dagen med ein god frukost, før vi møtest for å høyre på Øystein Morten sitt foredrag. Temaet denne dagen blir Færøyingenes saga. 

    Om kvelden nærmar vi oss Færøyane, og kanskje kan vi skimte Enniberg, det norligaste punktet på øyane. Enniberg (754 moh) er den nest største havklippen i Europa etter vår eigen Hornelen (860 moh.) i Bremanger i Vestland fylke. Desse delane av Færøyane har få fastbuande, men tiltrekk seg ein del turistar som er interessert i det rike fuglelivet her. 

    (F, L, M) 

  • DAG 15: Fredag 18. Juli – Runavik Færøyane

    Vi kjem fram til vesle Runavik med berre 575 innbyggjarar om morgonen. Sjølv om byen er liten, er det fleire kafear her, og små butikkar med lokalt handverk, garn og ferdige strikkeprodukt. 

    Berre 15 min køyring unna Runavik ligg hovudstaden Torshavn. Dit kan ein ta seg på eiga hand eller på utflukt med cruiseselskapet (mot tillegg i prisen). I motsetning til mange andre nordiske byar med trehus, har Torshavn aldri vorte ramma av ein omfattande bybrann. Vi finn difor mange bevarte hus frå 1500- og 1600-tallet i byen. I Torshavn anbefaler vi at ein brukar tida til å rusle rundt i dei koseleg gatene. Spesielt bydelen Tinganes med sine karakteristiske raude hus med torvtak er verdt eit besøk. Dette var staden for tinget til dei første nordmennene som slo seg ned på Færøyane i 825.  

    Sjølv om Færøyane har vore underlagt Danmark i mange år, føler mange ei sterkare tilknyting til Norge. Her finst norsk/færøyiske foreiningar og festivalar som feirar vår felles vikinghistorie, samt ein tradisjonsmusikk med sterke band til den norske folkemusikken.   

    (F, L, M) 

    Fredag 18. Juli – Runavik Færøyane
  • DAG 16: Laurdag 19. Juli - Til sjøs forbi Shetland

    Denne dagen passerer vi Shetland, og er vi heldige får vi sjå den grøne kysten frå skipet. Vikinghistoria og den norrøne identiteten står framleis sterkt på Shetland. Hjaltland (Shetland) vart kolonisert av norske vikingar på slutten av 800-talet, og dei etablerte seg her med eigne lover og språk. Språket utvikla seg til det vestnordiske språket norn, eit språk som døydde ut først på 1800-talet. Etter at Harald Hårfagre hadde samla Norge til eitt rike, flykta mange av motstandarane hans, og nokre av dei slo seg ned på Orknøyane og Hjaltland. Med desse øyane som base dreiv dei plyndringstokt mot Skottland og Norge. Dette resulterte i at Harald Hårfagre samla ein stor flåte, og rundt år 875 kom han til den vesle tettstaden Haroldswick på øya Unst og annekterte både Orknøyane og Hjaltland.   

    Etter lunsj blir det eit nytt foredrag av Øystein Morten. Denne dagen er temaet Jakten på Olav Tryggvason. 

    (F, L, M) 

  • DAG 17: Søndag 20. Juli – Til sjøs sørover austkysten av England

    Dette er den siste heile dagen om bord, og vi anbefaler at ein får med seg det ein ikkje har fått gjort tidlegare av dei mange aktivitetane på skipet. I tillegg til den store salen som viser show på kveldane, finst det, som nemnt tidlegare, shoppingsenter, bibliotek, arts/crafts-rom, utandørs gåløype og rom for kortspel om bord. Der er også fleire kafear og barar på skipet, og særleg ein tradisjonell engelsk «afternoon tea» kan anbefalast. Spa-tilbod finst også på Ambience, med sauna, dampbad og frisør, i tillegg til symjebasseng og badestampar.

    (F, L, M) 

  • DAG 18: Måndag 21. Juli - Heimreise

    Tidleg om morgonen denne siste dagen seglar skipet inn utløpet av Themsen til havna ved Tilbury. Vi seier farvel til båten vår og alle dei nye menneska vi har blitt kjende med på denne lange, innhaldsrike reisa i vesterled. Buss til flyplassen, og fly tilbake til Oslo, Bergen, Stavanger og Trondheim. 

    (F)

  • OM SKIPET: Ambience

    Vi seglar med skipet Ambience. Det har 789 gjestelugarar med senger til 1400 passasjerar. Det vart bygd i 1991 med siste oppussing i 2022, og har 11 gjestedekk og 9 heisar. Om bord finn vi noko for ein kvar smak både i restaurantar, barar, salongar og underhaldning. Det er kasino, butikkar, diskotek, handverksrom, bibliotek, treningssenter og spa-avdeling. 

    Her ser du dekkplanen:

    Ambience

Kart

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
4/7BergenAmbienceMeir enn 838 950,-BestillMer informasjon
4/7OsloAmbienceMeir enn 838 950,-BestillMer informasjon
4/7OsloAmbienceMeir enn 838 950,-BestillMer informasjon
4/7StavangerAmbienceMeir enn 837 950,-BestillMer informasjon
4/7TrondheimAmbienceMeir enn 838 950,-BestillMer informasjon
4/7Hotell LondonAmbience
Utan fly inkludert
Meir enn 834 450,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo