
9. - 22. september 2026
Velkommen med på det store cruiset i vesterled til Færøyane, Orknøyane og heile vegen rundt Island – ei fantastisk reiserute som vi gler oss veldig til å oppleve.
Vi startar med fly til London, der vi overnattar før vi går om bord i cruiseskipet Ambience. Derifrå går ferda til Runavik på Færøyane like utanfor hovudstaden, Torshavn. Skipet set så kurs nordover mot Reykjavik på Island før turen går rundt heile sagaøya til byane Isafjordur, Akureyri og Seydisfjordur. Deretter seglar vi sørover igjen til Kirkwall på Orknøyane før vi returnerer til London.
Undervegs blir det spennande foredrag av Tore Skeie om vikinghistoria, og av Gunnstein Akselberg om dei språklege og kulturelle fellestrekka vi har med vesterhavsøyane.
Tore Skeie har skrive fleire sakprosabøker om mellomalder og vikingtid, og han er kanskje mest kjend for boka Hvitekrist, som handlar om Olav Haraldsson og hans tid. Gunnstein Akselberg er lingvist og professor emeritus i nordisk språkvitskap. Han har i mange år hatt språkspalta «Snakk med oss» i NRK Hordaland, og han er også kjend frå programmet «Eides språksjov» på NRK.
Det er ikkje så mange cruise som tek heile denne reiseruta, så vi er heldige som får denne sjansen. Bli med på ei svært innhaldsrik reise til dei vakre øyane i vest, der vi både kjem nært innpå historia og livet på øyane i dag. Dette er verkeleg ein heilt unik tur som vil bli eit minne for livet!