Skip to main content

Elvecruise på Donau med Linda Eide og Gunnstein Akselberg

16. - 21. august 2025.

Passau - Melk - Dürnstein - Wien - Esztergom - Budapest.

Vi er glade for å kunne invitere til eit heilt spesielt elvecruise på vakre Donau med tre språkkveldar med Linda Eide og Gunnstein Akselberg undervegs. I tillegg blir det kåseri om språk, historie og kultur frå Akselberg. Elvebåten tek oss med til seks byar og fire land – Tyskland, Austerrike, Slovakia og Ungarn. Cruiset startar i Passau i Tyskland og går så til Melk, Durnstein og Wien i Austerrike. Deretter seglar vi vidare til Esztergom og Budapest i Ungarn. På vegen får vi oppleve det storslegne Schönbrunn-palasset og den vakre Wachau-dalen som er på UNESCO si verdsarvsliste. I tillegg får vi sjå Dürnstein-slottet som ligg i området som mange reknar som det vakraste langs Donau med sine skogkledde åsar, frukthagar, småe landsbyar, vinmarker og kloster. Høgdepunkta blir likevel kanskje dei to gamle kulturbyane og hovudstadene, Wien og Budapest. 

Linda Eide er journalist og programskapar og har vunne mange prisar for arbeidet sitt, blant anna Gullruten to gonger. Frå 2017 til 2023 var ho programleiar for Eides Språksjov på NRK. Professor Gunnstein Akselberg har lenge interessert seg for Tyskland, Austerrike og dei sentraleuropeiske kulturbyane. Desse byane har så mykje å tilby av både historie, politikk, kunst, musikk, arkitektur og religion, og dei har i stor grad forma vår felles kulturhistorie. Vi har heile båten berre for Fotefar, og det blir heile 3 språkkveldar om bord, så dette blir ei unik oppleving for alle oss som saknar Linda Eide og Gunnstein Akselberg frå TV-skjermen. 

På elvecruiset vårt bur vi svært godt på MS France (4 stjerner), ein hyggeleg elvebåt med 78 lugarar som alle er utvendige. Lugarane har også bad med dusj, hårtørkar, TV, safe og aircondition. Alle måltida om bord med nydeleg mat og drikke er inkluderte.

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Laurdag 16. august - Passau

    Fly frå Norge om morgon/føremiddag (tider kjem) til Munchen. Buss til Passau i Tyskland, der vi blir ønska velkomne om bord på skipet. Vi får tid til å finne oss godt til rette i lugarane, før kapteinen introduserer mannskapet med ein velkomstcocktail. Etterpå får vi den første språkkvelden med Linda Eide og Gunnstein Akselberg. I kjend stil blir det mykje språkmoro, og sikkert eit og anna lågtysk ord og fenomen, sidan vi startar cruiset i Tyskland. Elvebåten lettar så anker og set kursen mot den vakre regionen Engelhartszell rett over grensa til Austerrike.
    (M) 

     

  • Dag 2: Søndag 17. august - Melk - Dürnstein - Wien

    Når vi vaknar neste morgon, er vi framme i byen Melk i Austerrike. Den vesle byen med berre 5000 innbyggarar ligg der elva med same namn renn ut i Donau. Etter ein god frukost er det mogeleg å bli med på ei valfri utflukt der ein besøker Melk-klosteret (mot tillegg i prisen). Vi vender tilbake til skipet på føremiddagen og nyt lunsjen medan vi dreg vidare til Dürnstein. Her vert det ein kortare stopp der vi kan utforske denne pittoreske landsbyen og den barokke kyrkja. Dürnstein-borga er den mest kjende i Wachau-regionen takka vere Richard Løvehjarte. Den engelske kongen sat fengsla her frå 1192 til 1193. I 1645, under Trettiårskrigen, vart borga sprengd av den svenske hæren.

    Vi returnerer om bord på ettermiddagen før vi cruisar vidare til Wien. Før middag samlast vi i salongen for kåseri av Gunnstein Akselberg. Tema kjem seinare. Når vi kjem fram til Wien, er det mogeleg å bli med på ei valfri utflukt (mot tillegg): Rundtur i Wien på kveldstid.
    (F, L, M)

    Søndag 17. august - Melk - Dürnstein - Wien
  • Dag 3: Måndag 18. august - Wien

    Noko av det fine med elvecruise, er at ein kjem heilt inn i sentrum av storbyane utan å stå i kø i timesvis i trafikken. Wien har alt ein kan ønske seg av ein europeisk storby med storslegne slott, praktfulle bygningar, konsertar, galleri og museum. Den sjarmerande bykjerne står på UNESCO si verdsarvliste, og heilt frå omkring 1800 har Wien vore den leiande musikkbyen i verda med berømte komponistar og utøvande kunstnarar. 

    Vi startar dagen med frukost i elvebåten før det vil vere mogleg å melde seg på ei utflukt rundt i Wien og til Schönbrunn-palasset (mot tillegg i prisen). Schönbrunn er eit av dei mest imponerande barokkslotta i Europa og er den største attraksjonen i Wien og i heile Austerrike. Slottet vart bygt på slutten av 1600-talet som sommarresidens for keisarane i Habsburg-imperiet. 

    Tilbake på båten for lunsj. 

    Vi nyt ettermiddag i denne fantastisk flotte byen i vårt eige tempo, og spesielt anbefalt er ein tur på dei ærverdige, historiske kaféane i sentrum. Kafélivet i Wien har lang tradisjon. Frå 1890-åra og utover byrja ei gruppe unge forfattarar, såkalla «Jung Wien» å møtast på kafé, der dei diskuterte litteratur, kunst og politikk. I dag er kafélivet framleis ein viktig del av livet i Wien. Til kaffien bør ein bestille Sachertorte. Dei mest kjende kaféane hevdar alle at dei har den beste oppskrifta, og den berømte kaka er ein så viktig del av Wien-kulturen at ho har fått plass på UNESCO si verdsarvliste.

    Vi vender tilbake til skipet og seglar vidare til Budapest og passerer Bratislava på vegen. Denne kvelden er det gallamiddagen vår på skipet, og vi får servert ein utmerka 4-rettars meny frå kjøkkenet.

    Etter gallamiddagen er det klart for ny språkkveld med Linda Eide og Gunnstein. Sidan vi er i Austerrike, kjem det kanskje noko om austerrikske dialektar og anna språkmoro. Vi gler oss! 
    (F, L, M)

  • Dag 4: Tysdag 19. august - Esztergom og Budapest

    Denne morgonen stoppar vi først i byen Esztergom, og her får vi litt tid til å utforske byen på eiga hand. Esztergom var hovudstaden i Ungarn frå starten av 1000-talet til utpå 1200-talet. Byen har i dag i underkant av 30 000 innbyggjarar og ligg fint til på breidda av Donau. Katedralen er faktisk den tredje største i Europa og byen er erkebispesete i Ungarn, så her er det mykje kyrkjekunst å sjå, blant anna ei samling freskomaleri frå 1100- til 1300-talet. Vi kan også anbefale Donau-museet, som har mykje informasjon om elva, og fleire interaktive modellar som viser vassførsel og mykje anna. 

    Slovakia ligg rett over elva, så viss ein har tid, kan ein også ta seg ein liten tur over til eit nytt land. 

    Rett etter lunsj blir det eit nytt kåseri med Gunnstein Akselberg, medan vi seglar mot Budapest. Tema for kåseriet kjem seinare. På vegen passerer båten gjennom Gabcíkovo-slusene, som er nokre av dei største på heile elva. Vi vil også krysse Dunajské luhy verneområde, eit stort areal med våtmarker, flaumområde og vatn som inneheld sjeldne plantar og dyr.

    Framme i Budapest om kvelden. Byen ligg nydeleg til langs breidda av Donau og er ein av dei vakraste byane i Europa. Det blir tid til ein kveldstur i den ungarske hovudstaden for dei som ønsker det.
    (F, L, M)

    Tysdag 19. august - Esztergom og Budapest
  • Dag 5: Onsdag 20. august - Budapest

    Etter ein lang og god frukost kan ein nytte tida i Budapest på eiga hand eller bli med på ekskursjonar arrangerte av cruiseselskapet (blant anna til dei berømte Gellért-bada). Vi anbefaler å besøke begge dei to bydelane - vakre Buda og livlege Pest. Storbyen har eit mangfald av arkitektur som inkluderer barokk, gotisk, sovjetisk og moderne stil, side om side. Dersom ein tek seg opp til høgda over byen, får ein eit fint utsyn over Donau-elva og dei ruvande bygningane som den fantastisk flotte Parlamentsbygningen.

    Etter middag er vi klare for den siste språkkvelden med Linda Eide og Gunnstein Akselberg. Vi kan kanskje forvente oss språkmoro med ungarske og andre aust-europeiske ord og uttrykk, når Linda og Gunnstein for første gang tek showet sitt til den gamle austblokka.
    (F, L, M)

  • Dag 6: Torsdag 21. august - Heimreise

    Vi nyt ein siste buffetfrukost om bord før avstiging kl. 09.00. Buss til flyplassen og fly tilbake til Norge (flytider kjem). 
    (F)

  • Viktig informasjon


    • Når ein er om bord på ein båt, må ein forvente noko motorstøy.  

    • I nokre hamner vil ein måtte gå gjennom nokre andre skip for å komme til land. Dette går nokre gonger føre seg opp/ned via soldekk. Landgangar kan vere noko bratte. 

    • Uventa endringar i vasstanden eller andre uforutsette hendingar kan skje. Skulle dette oppstå, reserverer reiarlaget seg retten til å endre seglingsrute, tider og program. Det blir ikkje gitt refusjon for slike endringar i programmet.   


    •  

     

  • Om skipet

    MS France

    Om skipet

Kart

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
16/8BergenMS FranceFullbooka, venteliste27 950,-Book på ventelisteMer informasjon
16/8OsloMS FranceFullbooka, venteliste26 950,-Book på ventelisteMer informasjon
16/8StavangerMS France227 950,-BestillMer informasjon
16/8TrondheimMS FranceFullbooka, venteliste27 950,-Book på ventelisteMer informasjon
16/8Passau MS France
Utan flyreise
223 550,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo