Avreise frå Oslo (mellomlanding i Stavanger) og Bergen med fly til Aberdeen. På flyplassen i Aberdeen ventar bussen på oss, og turen går i vakkert skotsk landskap over til Inverness. Vi passerer små og større landsbyar, grøne åssider og gamle gardshus. Inverness ligg ved den nordaustlege enden av Caledoniakanalen, kanalen som er om lag 100 km lang og går gjennom Skottland frå Inverness i aust til Fort Williams i vest. Det vert lunsj undervegs på bussturen.
Vel framme i Inverness på ettermiddagen sjekkar vi inn på hotellet vårt, før dei som ønsker det, kan bli med Kirsti på ein liten rusletur i området. Felles middag på hotellet.
(L, M)
Etter ein god frukost set vi oss i bussen og køyrer mot øya Isle of Skye. Dette er den største og nordlegaste av øyane som vert kalla Indre Hebridane. Øya vert knytt saman til fastlandet med brua Skye Bridge. Brua vart bygd så seint som på 90-talet, som eit resultat av aukande turisme på 70- og 80-talet. Etter at brua kom, har Isle of Skye blitt eit endå meir attraktiv turistmål. Den spesielle naturen og tettstaden Portree med dei fargerike husa sine, er berre noko av det som er verdt å få med seg. På veg til Isle of Skye vert det også ein stopp ved Eilean Donan Castle. Dette slottet frå 1300-talet er kanskje det mest ikoniske slottet i heile Skottland, grunna den fantastiske plasseringa si. Dette blir ein lang og innhaldsrik dag i vakker natur. Det blir felles lunsj undervegs.
Ferja ut til ytre Hebridene, som på keltisk vert kalla «Na h-Eileanan Siar» , går ut frå Uig (Isle of Skye) tidleg kveld, og vi er over på andre sida etter knappe to timar. Vidare køyrer vi til Stornoway, hovudstaden på Ytre Hebridane, der vi vil vere framme utpå kvelden.
(F, L, kveldsmat)
Etter ein god frukost starta vi dagen litt roleg i Stornoway. Dei som vil kan, bli med Kirsti på ein rusletur i sentrum av byen. Ein rusletur opp til Lewis Castle kan også anbefalast. Lunsj er ikkje inkludert i dag, men spør gjerne reiseleiar om tips.
På tidleg ettermiddag dreg vi med buss nordover på ein liten rundtur. Vi skal til den vakre landsbyen Port Ness der også det flotte fyret But of Lewis Lighthouse ligg. Felles middag på hotellet.
(F, M)
Denne dagen vert det rundtur vestover på Lewis. Vi skal blant anna besøke vikinglandsbyen Gerrannen Blackhouses, Calanais Standing Stones, Bosta Beach (vêravhengig) og mykje meir.
Den historiske landsbyen Gerrannan Blackhouses (svarthusa) er godt bevart museum saman med dei tradisjonelt bygde bustadhus, som i dag vert brukte som ein overnattingsstad. Folk budde her fram til midten av 1900-talet, og det siste huset vart ikkje fråflytta før i 1974. Dei gamle husa vart erklærte som eit verna område kort tid etter at de siste flytta.
Svarthusa er bygde med tjukke steinmurar og torvtak, og dei mangla ofte skorstein. I staden siv røyken frå eldstadane ut gjennom sprekker i taket eller døropningane, noko som gjev sotfarga interiør – derav namnet "svarthus". Dei vart bygd for å tole det barske klimaet, og i mange tilfelle budde både menneske og husdyr under same tak.
Calanais Standing Stones er steinar som dannar former både av sirkel og kross. Sirkelen er den eldste delen og er datert heilt tilbake til år 2900 f.Kr. Det vert felles lunsj denne dagen.
Felles middag på kvelden.
(F, L, M)
Etter ein god frukost set vi kursen sørover. I dag skal vi køyre store delar av Hebridane på langs. Vi dreg gjennom vakker natur og passerer blant anna dei fantastiske strendene på Harris. Det er svært langgrunt utanfor Hebridene, og strendene er noko av det mest fascinerande med landskapet her. Det er stor forskjell på flo- og fjøre. Det vert fleire stopp undervegs.
På vegen sørover kryssar vi Sound of Harris med ferje og køyrer vidare over øyane Berneray, North Uist, Grimsay, Benbecula og South Uist, i tillegg til fleire mindre holmar. Her med Nord-Atlanteren som nærmaste nabo, passerer vi små grender og bygder. Heilt sør på øya South Uist skal vi bu to netter på gjestehuset Polochar Inn.
Det vert felles lunsj undervegs og middag på Polochar Inn.
(F, L, M)
I dag dreg vi over til øya Barra, ei av dei to sørlegaste øyane der det enno bur folk på Ytre Hebridane. Her skal vi besøke tettstaden Castlebay, hovudstaden på Barra. Stadnamnet Castlebay kjem av mellomalderslottet Kisimul Castle, som ligg plassert på ein holme ute i vika. Barra vert ofte kalla for Scotland i miniatyr. Vidare skal vi også over til øya Vatersay, som er den sørlegaste øya på Ytre Hebridane, der det framleis bur folk. Øya er knytt saman med Barra av ein molo.
Når ein snakkar om folka som har levd i Skottland og på Hebridane, kjem ein ikkje utanom å nemne Highland Clearences. Clearences var ein mørk 100 års periode frå midten av 1700-talet til midten av 1800-talet, der mange innbyggjarar drog bort frå dei små grendene. Ullprisane var gode, så sauehald og større gardsbruk vart viktigare. Konsekvensen her vart synleg gjennom tomme og fråflytta husmannsplassar. Vi stoppar for ein rusletur på ein slik fråflytta plass.
Flyplasstranda på Barra er også ein liten kuriositet, der flya som skal lande, er avhengige av tidevatnet. Landingsstripa er ei sandstrand.
På ettermiddagen dreg vi tilbake til South Uist med ein stopp på øya Eriksay på heimvegen. Det blir felles middag på hotellet om kvelden.
(F, L, M)
Tidleg avreise frå Polochar for å ta ferje over til Mallaig og fastlandet. Frå Mallaig går turen til den vesle landsbyen Glenfinnan for ein stopp på besøksenteret der. Glenfinnan ligg ved innsjøen Loch Shiel og er kjend for Glenfinnan Viaduct, ei bru som ligg flott til i det grøne skotske landskapet. Lunsjen denne dagen blir nistepakke eller ein kan kjøpe seg mat på kaféen (ikkje inkludert i turprisen).
Vidare går turen via byen Fort Williams, som ligg ved den sørvestlege enden av Caledoniakanalen. Herifrå følgjer vi kanalen nordover tilbake til Inverness. Caledoniakanalen med tilhøyrande innsjøar er omlag 100 kilometer og vart bygd ferdig i 1822.
Denne kvelden nyt vi ein siste felles middag på turen.
(F, M)
Det er tid for utsjekking og heimreise. Etter ein god frukost i Inverness går turen gjennom det skotske høglandet og nasjonalparken Cairngorms. Nasjonalparken er Storbritannias største, med skogar, fjell og elvar. Vi køyrer over til Aberdeen der det vi skal ha eit siste måltid saman på ein lokal kafé. Etter lunsj er det tid for heimreise. Fly til Stavanger, Oslo (med mellomlanding) og Bergen,
(F, L)